Ytring

«Du veit ikkje kva du snakkar om, Borten Moe»

Det er freistande å bruke Borten Moe sin partikollega si kraftsalve som svar på dei utsagna han kjem med om utanlandsstudentar i Norge. Sjeldan har orda «du veit ikkje kva du snakkar om» passa betre.

Publisert Sist oppdatert

Neste år feirar studieprogrammet «Hydropower Development» ved NTNU 50 år og gjennom desse åra har 450 studentar frå 53 av verdas fattigaste land fått mastergrad i Vasskraft. Dette er land som verken har kapasitet eller tilstrekkeleg kompetanse til å gje ei slik utdanning. Norge har over 100 års vasskraft historie og er blant anna gjennom FME ordninga (Forskningssenter for Miljøvennleg Energi) leiande i verda innanfor teknologi, vassdragsmiljø og bærekraft relatert til vasskraft. NTNU er det einaste universitetet i verda som gjev denne utdanninga og få studieprogram lever betre opp til NTNU sin visjon «kunnskap for ei betre verd». Vasskraft er ein viktig del av svaret på klimautfordringane våre og ein stor del av potensiale for ny fornybar vasskraft ligg i akkurat desse landa. Utdanninga vi gjev er dermed ikkje berre viktig for kvar enkelt av desse studentane, for kvart av landa dei kjem frå, men for oss sjølve og det klimaet barna våre skal arve.

Kor mange av desse ville blitt utdanna om dei måtte betale ei studieavgift i den storleiksorden Borten Moe meiner er høveleg og som er på høgde med det ein finn blant dei dyre universiteta internasjonalt. Svaret er INGEN. Studentane vi har i dette programmet ofrar svært mykje for å kome hit. Ei jente frå Uganda forlot sin ½ år gamle baby hos mormora for denne sjangsen ho hadde fått. Mange tek opp lån, dei arbeider hardt ved sida av studia og lever på minimumsgrensa for å kunne kome seg gjennom dei to åra programmet tek og dei kan reise tilbake. Og 80% av dei har returnert og mange av desse bidreg no til utvikling av vasskraft ifrå leiande stillingar i offentleg og privat sektor sine heimland. I år fekk ein etiopisk student som gjekk ut frå programmet i 2019 støtte frå eit britisk humanitært fond for vidareføring av eit prosjekt han har sett i gang i sitt heimland for utvikling av småkraft og mikrogrid. Dette viser at det nyttar og at kvaliteten på utdanninga er god og blir lagt merke til. Vi er og så heldige at nokon få av dei også har valgt å ta vidare utdanning og Doktor grad i Norge. Desse har ytt viktige bidrag til utviklinga av norsk vasskraft. NORAD har vore ein viktig partner og pådrivar for «Hydropower Development» programmet og har gjennom dei fleste av dei 50 åra finansiert stipend til studentar som sjølv ikkje var istand til å skrape saman summen UDI krev for å sikre sitt opphald her i Norge. Vi håpar og trur NORAD ser verdien av det dei har bidradd med og vil vere ein aktiv pådriver og partner også i framtida, men NORAD ville neppe finansiert dette eller vere med å finansiere dette om det kostar 3 gangar så mykje.

Hydropower Development programmet er også viktig for å oppretthalde ei studietilbod innan vasskraft for norske studentar. Utan dette programmet ville det ikkje vere grunnlag for å oppretthalde den utdanningskapasiteten vi har innan vasskraft. Dette nyt norske studentar, som det dessverre er alt for få av, og norsk vasskraft miljø godt av. Med tanke på det behovet vi har for kompetanse på dette området no og i framtida ville det blitt kritisk for Norge om programmet må leggast ned på grunn av ein som ikkje veit kva han snakkar om.