Ytring

Trondheims første norskprofessor: Ragnvald Iversen

«Som vitskapsmann har Ragnvald Iversen ein stor plass i historia om norsk språkvitskap, og som den første norskprofessoren i Trondheim var han sentral i historia om høgre utdanning i byen,» skriv professor Ivar Berg. Det er i år 100 år sidan Noregs Lærarhøgskule vart etablert i Trondheim.

Bilete frå opninga av Noregs Lærarhøgskule på Lade i 1922.
Publisert

I år er det 100 år sidan grunnlegginga av Noregs lærarhøgskule i Trondheim, føregjengaren til dei humanistiske og samfunnsvitskaplege delane av dagens NTNU. Noregs tekniske høgskule (NTH) var nokre år eldre, og hundreårsjubileet i 2010 vart feira så det heldt, medan det har vore stillare om årets hundreåring. Hausten 1922 tok lærarhøgskulen opp dei første studentane, med offisiell opning 2. oktober og undervisningsstart dagen etter. Dette er eit godt høve til å løfte fram den første norskprofessoren i Trondheim.

Lærarhøgskulen skulle vera ein vidareutdanningsinstitusjon for folkeskulelærarar. Dei hadde den gongen ei nokså kort utdanning på lærarskular eller seminar, som det vart kalla. Etter kvart som skulestellet vart meir utbygd, såg både styresmaktene og lærarane sjølve at dei kunne ha godt av større fagleg fordjuping – ikkje ukjent retorikk i dag heller. Etter noko debatt vart det vedteke at ein ny lærarhøgskule skulle leggjast til Trondheim. Høgskulen hadde frå starten tre professorar, i norsk, historie og pedagogikk, og stillinga i norsk gjekk til tromsøværingen Ragnvald Iversen (1882–1960).

Etter oppvekst og skulegang i Tromsø vart Iversen student i Oslo. Der tok han hovudfag i 1910 med ei avhandling om lydverket i Senja-målet, ei tradisjonell framstilling av korleis dialekten hadde utvikla seg frå gammalnorsk. Dei neste åra arbeidde Iversen som lærar, men fann samstundes tid til å skrive ei avhandling om syntaksen, altså korleis ein set saman ord til setningar, i Tromsø bymål. Ei slik framstilling av syntaksen i eit talemål var dialektologisk nybrottsarbeid. I 1921 fekk Iversen doktorgrad på ei avhandling om språket til norske forfattarar tidleg i dansketida (perioden 1560–1630). Dei skreiv dansk, og Iversen undersøkte kor mange og kva slags norske former dei bruka i tekstane sine. Med desse kvalifikasjonane fekk han i 1922 professorstillinga i norsk ved den nyoppretta lærarhøgskolen i Trondheim, der han vert verande livet ut.

Norrøn og norsk gramatikk

For generasjonar av norskstudentar er namnet Iversen knytt til Norrøn grammatikk, ei lærebok frå 1922 som seinare er revidert fleire gonger. Boka er framleis bruka som referanseverk i faglitteraturen, men mindre som lærebok. Dermed hadde Iversen plassert seg fagleg som dialektolog og språkhistorikar, med ei særleg interesse for grammatikk, ikkje minst syntaks, i ei tid da dei fleste språkforskarar interesserte seg mest for lyd- og formverk. Han leverte med åra mange bidrag til norsk grammatikk.

Iversen interesserte seg òg for litterær språkbruk, først og fremst Henrik Ibsen. Iversen var ansvarleg for ei eiga Ibsen-ordbok og skreiv fleire mindre stykke om stil og ordforråd hjå diktaren. Iversen gav elles ut samlingar av norske bygdemålsord frå dansketida, og ordboksinteressa viser seg i fleire artiklar om «svesismar», altså lånord frå svensk.

Interessa for ord er også tydeleg i det store arbeidet Iversen gjorde med «hemmelege språk» i Noreg. Boktittelen Lånord og lønnord hos folk og fant seier sitt om haldningar til romanifolk den gongen, men i trebandsverket Secret Languages in Norway gjorde Iversen eit stort arbeid med å dokumentere norsk romani og månsing, eit hemmeleg språk nytta av svenske kramkarar og seinare omreisande sirkus. Det eine bandet tok for seg rodi, eit språk ulikt norsk romani som vart bruka av romanifolk på Sør- og Vestlandet, og som no er utdøydd. I sitt siste arbeid godt inn i pensjonisttilværet tok Iversen for seg dei skogfinske dialektane på Austlandet, som da var på det næraste utdøydde. Iversen fortel at det i Solør i 1953 var fem menneske som kunne «skikkelig finsk». Sjølv om desse bøkene er mindre kjente i dag enn dei språkhistoriske arbeida hans, er dei fagleg viktige som dokumentasjon av munnleg språkbruk som seinare er borte. Slik interesse og innsats for andre språk enn norsk var ikkje typisk for ein professor i norsk på hans tid, og Iversen var ein pioner for utforskinga av språk som har levd saman med norsk og til dels vore rekna for lågareståande.

Fornorskingslinje av skriftspråket

I offentleg språkpolitikk spela Iversen ei viktig rolle som leiar for nemnda som leverte det faglege grunnlaget for rettskrivingsreforma i 1938, da ein prøvde å føre bokmål og nynorsk saman. Iversen praktiserte sjølv eit moderat bokmål med nokre ord som mange i dag vil oppfatte som nynorske, til dømes «kjensle». Allereie i 1918 hadde Iversen skrive om «den nationale linje i vort bladmaal», der han såg på korleis norske former som hard, stein, bygda, skuta mfl. (for dansk hård, sten, bygden, skuten) kom i bruk i aviser. Han stod for ei fornorskingslinje av skriftspråket som møtte motstand frå Riksmålsforbundet. For arbeidet med 1938-rettskrivinga fekk han også hard kritikk frå den sida, sjølv om han i mangt framstod som relativt moderat når ein les tilrådinga som rettskrivingsnemnda levert. Mandatet frå Stortinget var no ein gong å skapa tilnærming mellom dei to målformene, eit mandat som måtte møte motstand frå konservative språkbrukarar på båe sider.

Ragnvald Iversen underviste mykje og var godt omtykt av studentane. Han var den einaste tilsette i det største skulefaget i tretti år, og underviste i alt som høyrer norskfaget til. Fram til engelskundervisninga kom i gang etter krigen, var han også den einaste språkmannen på høgskulen. Da er det imponerande kor mykje han faktisk fekk skrive, innanfor vidt forskjellige delar av språkvitskapen; han meinte sjølv han hadde gjeve ut om lag 6000 trykte sider. Som vitskapsmann har Ragnvald Iversen ein stor plass i historia om norsk språkvitskap, og som den første norskprofessoren i Trondheim var han sentral i historia om høgre utdanning i byen.