Marianne Skjulhaug blir ny rektor ved KHiO

Skjulhaug er i dag dekan ved Fakultet for arkitektur og design, NTNU.

Skjulhaug byrjar i stillinga over sommarferien.

Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) har gleda av å kunngjere at Marianne Skjulhaug tysdag 14. februar blei tilsett som rektor. Skjulhaug byrjar i stillinga 1. august 2023, skriv høgskulen på nettsidene sine.

Marianne Skjulhaug kjem frå stillinga som dekan for arkitektur og design ved NTNU i Trondheim og Gjøvik, som inkluderer Kunstakademiet i Trondheim. Ho har tidlegare vore rektor ved Bergen arkitekthøgskole og instituttleiar ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo. Skjulhaug er førsteamanuensis i urbanisme og har lang og brei erfaring med byplanlegging som arkitekt.

Kunsthøgskolen i Oslo er ein nasjonal leiande, vitskapleg høgskole, og er den største utdanningsinstitusjonen for kunstnarar og designarar i landet. I strategiperioden 2023–2028 skal KHIO styrkje den kunstnariske kjernen, vere eit førebilete for berekraft og arbeide med strategisk samhandling.

Riktig person

– Vi er glade over å ha fått ein leiar som sjølv er frå eit skapande yrke, ser verdien og eigennytten av kunstnarisk utviklingsarbeid og utdanning og som samstundes kjenner høgskolesektoren godt. Dette legg til rette for godt samspel og positive brytingar mellom styre, leiing, tilsette, studentar og samfunn, seier styremedlem Per Magnus Finnanger Sandsmark. Han leidde innstillingsutvalet på vegner av styret.– Skjulhaug er ein erfaren og tydeleg leiar. Hennar bakgrunn, kompetanse og visjonar gjer ho til riktig person til å leie Kunsthøgskolen i Oslo i ein ny periode, seier Sandsmark.