Ytring

Nytten av eit namn

«Kva nytte har me av eit norsk namn? Kva nytte har me i det heile av dette vesle rare språket i ein utkant av verda?» spør Lars Lundheim i denne ytringa.

Lars Lundheim skriv om namn, nytte og indentitet i denne ytringa.
Publisert

Me har nyleg i fleire oppslag sett at Språkrådet krev at NTNU finn eit norsk namn til det planlagde «Ocean Space Centre». I den samanheng har Aksel Tjora har talt opp at 19 av 21 forskingssenter ved NTNU har engelske namn.

Temaet har vorte handsama både i Universitetsavisa og Khrono. Det som sit att frå den sistnemnde artikkelen, og som eg ikkje heilt får or hugen, er ei utsegn frå prorektor for forsking Tor Grande: «Spørsmålet er så hvilken nytte vi har av et norsk navn.» Eg kan ikkje anna enn tolka spørsmålet retorisk, og eg vil tru at mange lesarar medvite eller umedvite vil danna seg eit inntrykk av at: nei, den nytten kan vel ikkje vera særleg stor.

Ja, dersom "nytte" er det me arbeider for og lever for her på jorda, er sjølvsagt dette det eine og avgjerande spørsmålet. Kva nytte har me av eit norsk namn? Kva nytte har me i det heile av dette vesle rare språket i ein utkant av verda? Me kan lista ei mengd argument for nytten av at alle gjeng over til engelsk, i alle samanhengar, frå barnehagesongar til gravferdsliturgi. Medan me er i gang: Kva nytte har me av musikk? Kva nytte har me av litteratur? Jaudå, me kan nok her òg lista argument for at desse felta har ein nytteverdi som kan kodast i arbeidsplassar og forbetra mental helse. Tilsvarande gjeld alle humanistiske disiplinar, dersom dei kan hjelpa oss i diplomati og marknadsføring i Kina eller Korea.

Men eg vågar å hevda at det er ikkje slike nytteomsyn som driv oss til å halda på med musikk, litteratur og andre kunstformer. Derimot vil eg trekkja fram eit anna, meir omfattande og mindre presist omgrep, nemleg verdi.

Norsk språk har ein verdi i seg sjølv. Det er ein del av vår identitet som norske. Her til lands har me (tradisjonelt) små skilnader mellom rike og mindre rike og (framleis) stor tillit folket imellom og mellom folk og sytresmakter. Desse kvalitetan skal me ikkje forsvara fordi dei er "nyttige", men fordi dei er gode. Dei har ein verdi i seg sjølv. Soleis tek me vare på det norske særpreget gjennom å nytta vårt eige språk i so mange situasjonar som råd.

Eg diskuterte ein gong språk med ein ingeniørkollega. Han oppsummerte sitt syn slik: «Språk er eit kommunikasjonsmiddel. Punktum.» Ja, språket er eit kommunikasjonsmiddel, men det vert veldig feil å setja punktum der, særleg for oss som arbeider med kunnskapsutvikling og utdanning. Språket er ein tankereiskap. Når eg nett no sit og skriv denne ytringa, er språket ikkje berre ein måte eg kommuniserer med deg som lesar. Det er og ein måte å formulera tankar, og der den eine formulerte tanken avføder den neste, som ikkje ville ha dukka opp i hugen utan den føregåande. Det fins nok folk som både kommuniserer og tenkjer like bra på meir enn eitt språk. Men for dei fleste av oss er morsmålet ein særleg skarp tankereiskap som me har fått utvikla frå barnsbein av, og som me gjennom akademisk trening har fått spissa i retning av ein eller fleire disiplinar.

Men er dette so viktig at Språkrådet treng å engasjera seg? Ein politikar eg snakka med frå eit parti eg ikkje skal namngje, okka seg ille over nynorsken, som han meinte overlevde på "kunstig andedrett". Han refererte til det eg ville kalla språkrøkt. Ja, språkrøkt trengs, og "vaktbikkjer" høyrer med om ikkje nytte-jaget skal fortrenga identiteten vår.

Dette er sjølvsagt på Island, sjølvsagt i Frankrike, det burde òg vera sjølvsagt hjå oss.

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

Les flere ytringer her.