Ho blir truleg ny leiar for alle norske studentar

Komande helg blir dagens leiar for Studentparlamentet ved UiO, Oline Marie Sæther, truleg vald til den fremste tillitsvervet for Noregs 250 000 studentar

Oline Marie Sæther, leiar for Studentparlamentet ved UiO
KAN FÅ TOPPVERV: Oline Marie Sæther som i dag er leiar for Studentparlamentet ved UiO, kan bli valt til ny leiar for Norsk studentorganisasjon komande helg.
Publisert

Saka er tidligare publisert i Uniforum

Det er klart etter at valnemnda til Norsk studentorganisasjon har lagt fram innstillinga si til nytt arbeidsutval for organisasjonen. Der tronar medisinstudent og leiar for Studentparlamentet ved UiO, Oline Marie Sæther på topp, og ho har dermed danka ut Karl Magnus Nikolai Coronus Dretvik Nyeng som var den andre leiarkandidaten.

Khrono var først ute med å melda dette.

Det er den tidlegare leiaren for Norsk studentorganisasjon, Tuva Todnem Lund, som har leia valkomiteen som samrøystes har landa på å innstilla Oline Marie Sæther som ny leiar for Norsk studentorganisasjon når dagens leiar Maika Marie Godal Dam går av til sommaren.

Framhevar "persona non grata"-saka

I ei melding Norsk studentorganisasjon har lagt ut på sine nettsider får leiarkandidaten eit svært godt skussmål:

«I en krevende tid for norske studenter, vil Oline være en sterk og tydelig stemme, som kan få gjennomslag utad, og virke samlende innad. I sin rolle som leder av Studentparlamentet ved UIO, har Oline utvist imponerende politisk teft og gjort en god profil i media.»

Det blir også vist til veremåten hennar då statsråd Ola Borten Moe av Studentparlamentet blei erklært som uynskt både på UiO og i hovudkvarteret til Studentparlamentet Villa Eika:

«Gjennom persona-non-grata-saken har hun vist at hun er tilpasningsdyktig, kommuniserer godt rundt vanskelige saker og gjør sitt beste for å følge opp organisasjonens vedtak. Dette inntrykket har blitt forsterket gjennom intervjuprosessen. Valgkomiteen er overbevist om at Oline kommer til å få studentsaker på agendaen og skape politisk press på politikere og sektoren», heiter det.

Oline Marie Sæther må dermed setja medisinstudiet sitt ved UiO på vent endå eitt år. Ho lanserte seg sjølv som leiarkandidat den 27. januar i år.

Her er heile innstillinga valkomiteen kjem med til nytt arbeidsutval for Norsk studentorganisasjon 2023/24:

  • Leiar - Oline Marie Sæther
  • Nestleiar - Ole-Markus Simonsen
  • Fag- og forskingspolitisk ansvarleg - inga innstilling
  • Fag- og læringsmiljøpolitisk ansvarleg - Elida Linnea Slettum
  • Velferds- og likestillingspolitisk ansvarleg - inga innstilling
  • Internasjonalt ansvarleg - Jens Bartnes

Desse personane er føreslått innvalde til NSOs sentralstyre for 2023/24:

  • Carl William Wright Nordby
  • Tina Tufte Holtsdalen
  • Maiken Køien Andersen
  • Vilma Himberg
  • Oscar dos Santos Kvalsvik
  • Erica Marie Kunz-Skrede
  • Thomas Helland-Hansen
  • Andrea Nesvik Voss
  • Astrid Hilling
  • Marte Bråteng
  • Harald Bolstad Evensen
  • Vår Eline Nilsen
  • Robert Granlund

Valet blir formelt gjennomført under Norsk studentorganisasjons landsmøte i Tønsberg komande helg.