Over 400 tilsette reagerer på språkkrav: - Sjokkert og overvelda

Først i tida etter handlingsplanen for norsk fagspråk stod klar har ulike fagmiljø blitt klare over kva den krev av internasjonalt tilsette.

Fra venstre Karina Mahan, Julie Flikke, Svenja Hammer.
Publisert Sist oppdatert

Tilsette ved NTNU går til handling etter ein i etterkant av lanseringen av den nye handlingsplanen for norsk fagspråk.

 This article is also available in english.

Det som skapar reaksjonane er at det er kome eit krav til alle midlertidig internasjonalt tilsette om å ta 15 studiepoeng i norsk der norske stipendiatar kan velje fag fritt. I tillegg må alle  internasjonale kunne norsk på B2 nivå etter tre år (høgre mellominvå).

- Eg opplev prosessen som udemokratisk, fordi ein har følgd vanlege prosessar, men ikkje gjort ein innsats for å gjere informasjon om handlingsplanen tilgjengeleg for dei internasjonale forskarane det gjeld, seier Karina Rose Mahan. 

Opplyser med opprop

Karina Rose Mahan er primus motor bak oppropet og kronikken som no blir publisert med over 400 namn bak seg.

Mahan er førsteamanuensis i språkdidaktikkog forskar på språkholdningar og kompetanse ved NTNU. Ho står bak kronikken med oppropet som i skrivande stund har engasjert 446 vitskapeleg tilsette rundt omkring i Noreg. 

Nesten 300 av desse kjem frå NTNU. Førsteamanuensisen fortel at sidan oppropet var laga og sendt ut til nokre få personar har responsen vore overveldande og sjokkerande.

- Eg merkar at oppropet blir sendt rundt raskt fordi dette er noko som verkeleg engasjerer, og mange er overraska over innhaldet i handlingsplanen.

Mahan har fått ei rekke epostar frå internasjonalt tilsette som fortel om negative opplevingar på arbeidsplassen knytt til språk som hindrar dei frå å gjere jobben sin og som også påverkar negativt utanfor arbeidsplassen.

- Det viktigaste for meg er ikkje at vi får stoppa desse krava eller at internasjonalt tilsette ikkje skal lære seg norsk, men at prosessen må vere demokratisk og inkludere dei internasjonalt ansatte, seier Mahan.

- Udemokratisk prosess

Dei relevante dokumenta var tilgjengelege på nett og ein gjekk gjennom ei høyring, men Mahan meiner likevel det var store smutthol. Ho meiner at første bud når ein skal ha internasjonalt tilsette til å lære seg norsk er å spørre dei sjølve korleis dette bør gå føre seg.

Når Mahan og forskargruppa si har skrive ein kronikk har undersøkt kva ulike internasjonale grupper ved Oslomet og NTNU veit har ikkje dei fleste vore klar over handlingsplanen.

- Vi fann først ut om planen etter høyringa. No fryktar vi at krava skal bli forskriftsfesta i UH-lova og at dette kan føre til store konsekvensar om ein ikkje når måla.

Meiner handlingsplanen er lite bearbeidd

Førsteamanuensisen hevdar at universiteta og høgskulane ikkje har nok pengar, tid, lærarar eller kurs til å kunne sende alle midlertidige tilsette på norskkursa. 

Ho meiner planen framstår lite bearbeidd fordi den legg opp til krav, men ikkje løysingar og infrastrukturen for å følge krava den setter. Mahan seier likevel at ho ser det som mogleg at krav kan få UH-sektoren til å handle og nettopp lage rom i budsjett for norskkursing, men stiller spørsmål til kven som må betale prisen.

Vidare fortel Mahan at det ikkje har blitt gjort analyser av kor mange som kjem til å trenge norskkurs eller kva dette vil koste. Ho saknar generelt fleire skildringar av rundt internasjonalt tilsette i planen. Slik ho ser planen har HK-direktoratet overlatt det til sektoren å løyse alle eventuelle problem.

- Kven får fortrinn om norsk alltid er eit stort fokus?

Mahan fryktar at ein kan ende opp med å diskriminere mot internasjonale med språkkunnskapskrava.

- Det er nok ikkje nokon sin intensjon, men kven får fortrinn i akademia om norsk alltid er eit stort fokus? Spør Mahan.

Ho meiner at sidan ein har lagd forskrifta utan å ta inn dei aktuelle stemmene skapast det eit splittande forhold framfor å gripe moglegheita for ein inkluderande dialog. 

Til slutt saknar Mahan rolla til dei dei norsktalande i handlingsplanen. Ho meiner at norske tilsatte bør verte medvitne over rolla dei har for å hjelpe sine internasjonale kollegaar til å kunne bruke norsk som arbeidsspråk.

- Viss vi skal oppretthalde og styrke norsk fagspråk er det nordmenn som må snakkast mest om, og at internasjonalt tilsette må få erkjent sine styrker i andre språkkunskapar, avsluttar Mahan.

Følg UA på Facebook og Instagram.