Tor vart vald ut av 1106 søkarar for sommarinternship: - Veldig lærerikt

Kvart år utlyser Statsbygg eit summer internship. I år fekk 26 personar plass, ni av dei er frå NTNU.

Tor Kvisgaard har sommarinternship i Statsbygg og studerer arktitektur på NTNU.
Publisert Sist oppdatert

- Eg har blitt gitt mykje tillit eg må leve opp til, seier Tor Kvisgaard.

Han er ein av få som vart vald ut til sommarinternship i Statsbygg.

- Det er både overraskande og veldig artig. For min del viser dette at ein berre må prøve! Det går ikkje alltid, men det er så kjekt når det løyser seg.

23-åringen kjem frå Fredrikstad og har budd i Trondheim i fire år.

Etter å ha fullført tredjeåret på arkitektur ved NTNU er planen no å ta eit år som praktikant i Oslo.

Aktiv student

Tidlegare har Kvisgaard vore tillitvald på Institutt for arkitektur og design. Det siste året har han vore prosjekteringsleiar for innreiinga til nybygg på Studentersamfundet. Han fortel at begge deler har vore veldig artig.

- Eg er ikkje den einaste av kollegaane her som er aktiv i studentfriviljugheita, eg trur det sier noko om at å vise engasjement og vilje til å halde på med prosjekt er ønskeleg for arbeidsgivarar.

Arbeider med å bygge bærekraftig

Prosjektet Tor har arbeidd med for statsbygg handlar om kva som i framtida er det optimale bærekraftskonseptet er for bygg og anlegg.

- Først måtte vi bestemme oss for kva vi knyt opp mot eit bærekraftig bygg. For min del handlar det om korleis ein kan sleppe ut minst mogleg CO2.

Kvisgaard fortel at det er mange omgrep å bli kjend med og som skal hjelpe ein å gjere gode val for klima som svanemerking og passivhus.

23-åringen seier at mange av desse krava ikkje naudsynt tek tak i det han ser som hovudutfordringa: korleis få minst mogleg utslepp i løpet av byggeprosessen.

For has del er ombruk viktig, å ikkje bygge nytt er i seg sjølv noko som sparar miljøet.

- For dei på teamet mitt som studerer fornybar energi og energi og miljø er det å byggje energieffektivt eit hovudfokus. Vi har ulike fokus, seier Kvisgaard.

- Altså, ideelt kunne ein bygd ei kube og putta nokre rom inn i den. Det blir ikkje den beste staden for menneske å vere i. Så ein må ofre noko, for vi vil også bygge slik at det er sosialt bærekraftig. Det er eit omgrep med mange delar, fortset han.

Kvissgård sitt perspektiv på konstruksjon legg vekt på det estetiske og psykososiale, to ting som er vanskeleg å talfeste.

- Dei andre er gjerne meir opptekne av utslepp og energibruk, to ting som er enkelt å talfeste, seier han.

Burde hatt meir tverrfagleg samarbeid på NTNU

Her er Kvisgaard i full sving med teamet i Statsbygg.

Etter erfaringane frå sommaren kunne Kvisgaard tenkje seg at studiet på NTNU inneheldt meir samarbeid slik ein ser i arbeidslivet.

- Er det nokon som sit på mange dyktige personar som kan samarbeide er det NTNU, det fins svært mange flinke folk der.

Kvisgaard seier at møtet med dei han kjem til å treffe i arbeidslivet har vore vanskeleg, han må i større grad arbeide med å overbevise.

- Det er ikkje alltid heilt enkelt sidan han må få dei til å tru på evnene hans framfor å vise til tal som dei med andre faglege bakgrunnar kan gjere.

Prosjektet Kvisgaard har drive med i sommar har vore likt ein del av det han har gjort på studiet. Han fortel at forskjellen er at han får mange nye perspektiv, og utvilsamt fleire perspektiv enn det han får i klassen sin på arkitektur.