ny rapport

Manglar planar for styrking av utdanning i norsk språk

Eit forskingssenter for norsk språk ved Universitetet i Bergen og ein eigen seksjon for forsking og utvikling i Språkrådet. Det er to av tilrådingane Telemarksforsking kjem med i ein rapport tinga av Språkrådet.

TOK IMOT RAPPORT: Språkdirektør Åse Wetås tok i dag i mot ein rapport frå Telemarksforsking om korleis forsking på norsk språk bør organiserast i framtida.
Publisert

Det var i fjor haust Språkrådet fekk ei øyremerkt tildeling som skulle brukast til ei utgreiing og kartlegging av språkforsking på norsk i Universitets- og høgskulesektoren. Oppdraget gjekk til Telemarksforsking som i dag la fram dei tre tilrådingane sine på ein pressekonferanse i Målstova i Nasjonalbiblioteket. Presentasjonen blei gjennomført av prosjektleiar Åsne Dahl Haugsevje på vegner av alle dei fem forskarane som har vore involverte.

Det skriv Uniforum.

Vil styrkja Bergen og Språkrådet

Den første tilrådinga deira går altså ut på at eit forskingssenter for norsk språk vert bygd opp ved Universitetet i Bergen, som ei styrking av det eksisterande fagmiljøet knytt til Språksamlingane med Termportalen og ordboksarbeidet.

Det andre tilrådinga handlar om at det vert oppretta ein eigen seksjon for forsking og utvikling i Språkrådet. Den skal ha ansvar for og ressursar til å samordna, koordinera og gjera kunnskapen på feltet tilgjengeleg, men også til å driva overvaking, kartlegging og dokumentasjon av bruken av norsk i ulike samfunnssektorar.

Fakta

Desse forskarane frå Telemarksforsking har laga rapporten "Et samfunnsbærende språk"

  • Åsne Dahl Haugsevje, prosjektleiar
  • Ole Marius Hylland
  • Anne-Sofie Hjemdahl,
  • Karl Gunnar Sanda,
  • Nanna Løkka

Forskarane har gjort kvalitative intervju med 38 personar innanfor statlege organ, språkpolitiske organisasjonar, sektororganisasjonar og med fagpersonar i arbeidet. I tillegg har dei brukt medietekstar og dokument.

(Kjelder: Telemarksforsking og Språkrådet)

Tildeler Forskingsrådet ei viktig rolle

Den tredje tilrådinga dreiar seg om Forskingsrådets rolle. Forsking på norsk språk, særleg i skjeringspunktet med teknologi og jus, vert prioritert i programporteføljen til Forskingsrådet. Meininga er at forskinga skal finansierast av fleire departement i fellesskap.

All denne forskinga skal ikkje gå føre seg på Universitetet i Bergen, men gjennomførast også av forskingsmiljø med ulik kompetanse ved andre UH-institusjonar, instituttsektoren og i næringslivet – anten åleine eller i samarbeid, heiter det i rapporten frå Telemarskforsking.

Vurderte fleire modellar

Forskarane vurderte også fleire andre modellar, mellom annan ein modell der det blir etablert eit miljø som del av forvaltninga der Språkrådet får etablert ein FoU-seksjon i Oslo og ein annan i Bergen. Den andre modellen var å oppretta eit forskingssenter ved Universitetet i Bergen, og eit anna ved ein annan UH-institusjon. Den tredje modellen var å etablera eit miljø i instituttsektoren anten ved eit sjølvstendig forskingsinstitutt, eit forskingsinstitutt med direkte statleg løyving eller oppretta ei eiga FOU-avdeling ved Nasjonalbiblioteket. Eit anna alternativ innanfor denne modellen er å danna eit forskingssenter eigd av to eller fleire forskingsinstitutt.

Dei tre endelege tilrådingane byggjer altså på ein kombinasjon av fleire av desse modellane.

– Ein god og grundig rapport

Oppdragsgjevar er Språkrådet og direktør Åse Wetåas er godt nøgd med innhaldet i rapporten.

– Dei har levert ein god og grundig rapport som har snudd veldig mange steinar, og dei har gjort tankevekkjande funn av korleis tilstanden er for anvendt norsk språkforsking. Me har mykje me skal ta tak i her, og denne dagen markerer eit viktig punkt i det store arbeidet me må gjera for å sikra norsk språk for framtida, seier Åse Wetås til Unforum.

– Vil dette seia at dei utropar Bergen til Noregs språkhovudstad?

– Ja, Telemarksforsking har gjort det no, så må me sjå på detaljane, og det må sjølvsagt også Universitetet i Bergen gjera, saman med andre som skal ta avgjerder knytte til dette. Siste ord er nok ikkje sagt, men eg synest det er kloke tilrådingar Telemarksforsking kjem med.

Åse Wetås tykkjer også det er interessant at forskarane tilrår at det blir oppretta ein eigen seksjon for forsking og utvikling hos Språkrådet.

– Det er ein interessant tanke. Og det er oppsiktsvekkjande at me manglar mykje grunnleggjande statistikk på språkfeltet. Det treng me for at språkpolitikken skal bli god og treffsikker og for at me skal få god gang i arbeidet med norsk språk til glede for alle innbyggjarane i Noreg, understrekar Åse Wetås.

– Ikkje eit punktum, men eit kolon

No skal ho og dei andre i Språkrådet jobba vidare med både innhaldet og tilrådingane i rapporten. Åse Wetås fortel at det skal dei gjera saman med dei overordna departementa, Universitetet i Bergen og alle andre som må vera med for å planleggja dette vidare.

– Er dette nok til å redda norsk språk?

– Nei, dette er ikkje ei utgreiing som reddar norsk språk. Det er langsiktig, solid og systematisk arbeid som no ligg framfor mange av oss. Det må me ikkje gløyma. Denne rapporten er ikkje eit punktum, men eit kolon, slår ho fast.

Manglar fagpersonar i terminologi, leksikografi og namnegransking

I rapporten blir det dokumentert at det er behov for tilgang på personar med kompetanse innanfor kjernedisiplinar som terminologi, leksikografi og namnegransking, men også innanfor nyare fagområde som språkteknologi. Også personar som kombinerer til dømes teknologi og jus, er det bruk for.

I tillegg har forskarane funne ut at det er naudsynt med ulike former for kartlegging, dokumentasjon og statistikk. Dessutan peikar dei på at det trengst betre og meir omfattande språkdata og språkressursar som er grunnleggjande faktorar for språkteknologisk utvikling og forsking. Sist, men ikkje minst viser dei til at det er behov for forsking som gir ny innsikt. Med det meiner dei ei utvikling av kunnskap med tradisjonelle akademiske verktøy som lærer oss meir om korleis det norske språket blir brukt, vert lært, forstått, utvikla og endra. Også kunnskap om internasjonalisering og bruken av engelsk, språkteknologi og kunstig intelligens, språk og digital rettsstat, kan koma inn her, går det fram av rapporten.

LEIA ARBEIDET: Åsne Dahl Haugsevje har vore prosjektleiar for rapporten Telemarksforsking har gjort på oppdrag frå Språkrådet.

Manglar planar for styrking av utdanning i norsk språk

Eit sentralt funn forskarane har gjort, er at det ved dei mest sentrale universitets- og høgskulemiljøa i liten grad finst eksplisitte planar for styrking av utdanningstilboda i norsk språk/nordisksfaget. Det meiner dei generelt sett ser ut til å vera teikn til at institusjonane ynskjer tettare samkjøring av nordiske studium og lektorutdanningane, ein tendens i retning av auka profesjonsorientering, går det fram av rapporten.

Har sett på språkorganiseringa i andre land i Europa

Dei har også sett nærare på korleis språkforvaltning og kunnskapsutvikling på området er organisert i tre nordiske land, i Nederland og i Tsjekkia. Ulik kultur, politikk, historie og ulike forhold innanfor forvaltning og infrastruktur for forsking, har gjort det vanskeleg for dei å finna overføringsverdiar til ein norsk kontekst.

Dei mest relevante landa har vore Sverige og Finland. Det siste landet har også to lovfesta, likestilte språk, svensk og finsk som dei skal ta vare på. Forskarane viser til at Finland har gått vekk frå ein modell der forsking og forvaltning var integrert til ein modell der dette er splitta opp. Forskarane peikar på at dette i dag har ført til at ein saknar nærleiken mellom forsking og forvaltning i Finland. Den lærdommen forskarane har fått av dette, er at det må etablerast ein tydeleg og avklart samband mellom språkforvaltning og kunnskapsutvikling, går det fram av rapporten "Et samfunnsbærende språk"