Nøland: - Instituttet oppretta personalsak mot meg 

– Då rektor Anne Borg gjekk av, ville instituttet mitt ha eit eige seminar om ytringsfridom og om kor viktig det er å ytra seg. Før ho hadde dolka oss i ryggen, fekk me kritikk frå instituttet. Det sa NTNU-forskaren Jonas Kristiansen Nøland i ein debatt på UiO i går.

Jonas Kristiansen Nøland
NTNU-forskar Jonas Kristiansen Nøland meiner mange forskarar ikkje vil ytra seg om kjernekraft. – Dei ser at det vil ha ein pris. Me må prøva å inspirera desse folka til å visa at ytringsmot også har ei oppside.
Publisert

Det var rundt 70 personar som møtte fram då Akademisk forum inviterte til debatt om ytringsfridom og ytringsangst i akademia i Domus Bibliotheca i går ettermiddag.

Innleiarane var Cecilie Hellesveit frå Folkerettsinstituttet og førsteamanuensis Jonas Kristiansen Nøland frå Institutt for elektisk energi ved NTNU, to akademikarar som begge har vore i konflikt med sterke krefter i akademia.

– Ein konsulentrapport er eit bestillingsverk

Den ferskaste erfaringa hadde Jonas Kristiansen Nøland som saman med postdoktor Martin Hjelmeland, i november i fjor gjekk hardt ut og kalla ein rapport om kjernekraft i Noreg som Rystad Energi hadde skrive på oppdrag for NHO for eit bestillingsverk. Det skjedde då han og kollegaen i eit intervju i Dagens Næringsliv uttrykte at dei tvilte på at norsk energipolitikk skal lata seg påverka av partsinnlegg og påverknad kjøpt og betalt av Fornybar Norge.

– Det blei nok litt spissformulert i Dagens Næringsliv, men me skulle presentera vår eigen rapport seinare på dagen, og dermed var det ikkje tid til å ta ein sitatsjekk, forklarte han.

Men han står fast på at den formuleringa dei brukte var korrekt.

 

– Det er ikkje grunnlag for å seia noko anna enn at ein konsulentrapport er eit bestillingsverk, understreka han i debatten i Akademisk forum.

Følg UA på Facebook og Instagram.

 – Rapporten som me la fram om kjernekraft i Noreg kosta 0 kroner, medan rapporten frå Rystad Energi hadde NHO betalt 1,5 millionar kroner for, la han til.

UAs samleside om prosessen rundt rektor Anne Borgs avgang

– Me følte oss dolka i ryggen

Nøland fortalde også at ein journalist i Dagens Næringsliv hadde gjort han merksam på kritikken frå Anne Borg, før innlegget kom på trykk i avisa.

– Journalisten lurte på om me hadde hatt kontakt med henne og NTNU, noko me svarte nei på. Me følte oss dolka i ryggen, for det er ikkje slik leiarar på eit universitet skal behandla forskarane sine, sa Jonas Kristiansen Nøland.

Han hadde også ein teori om kvifor det skjedde.

– Dei er redde for å kritisera på område der mektige aktørar er med i biletet. Rapporten var rett og slett eit innlegg for at kjernekraft ikkje skulle bli diskutert som ei alternativ energiform i Noreg. Dei ville definera ut kjernekraft som eit mål, meinte han.

 Personalsak

Nøland avslørte også at då han kom tilbake til NTNU etter å ha deltatt på eit seminar i Dubai, fekk han beskjed om at instituttet hadde oppretta ei personalsak mot han.

– Den blei lagt til side, konstaterte han.

– Då rektor Anne Borg gjekk av, ville instituttet mitt ha eit eige seminar om ytringsfridom og om kor viktig det er å ytra seg. Då rektor tidlegare hadde dolka oss i ryggen, fekk me kritikk frå det same instituttet, fortalde han

Nøland peika på at mange fagfellar av han ikkje ynskjer å ytra seg om kjernekraft.

 – Dei ser at det vil ha ein pris. Me må prøva å inspirera desse folka til å visa at ytringsmot også har ei oppside. Derfor vil eg gjerne at dei opnar munnen og deltar i debatten innanfor fagfeltet vårt, sa han.

– UiO-professor bad meg om å lata vera å undervisa

Cecilie Hellestveit
– Det verste eg opplevde var eigentleg ein UiO-professor på Det juridiske fakultetet som eg jobba for som sa at eg måtte slutta å uttala meg om dette, sa Cecilie Hellestveit frå Folkerettsinstituttet.

For jurist og folkerettsekspert Cecilie Hellesveit låg konflikten med akademia litt lenger tilbake i tid, nærare bestemt i 2021.

I eit intervju med Khrono hadde ho tatt opp spørsmålet om internasjonalisering av akademia. Då hadde ho også peika på at mange fakultet og institutt hadde ei stor overvekt av utanlandske tilsette, både i faste og mellombels vitskaplege stillingar.

Cecilie Hellesveit viste til at ho då delte dei inn i fire kategoriar: Headhunta utanlandske forskarar. Forskarar som kjem hit fordi Noreg er i verdsklasse på nokre fagfelt. Forskarar som kjem til Noreg på grunn av natur, kultur og kjærleik. Forskarar som kjem hit fordi dei drar dit dei får jobb.

– Det var den siste kategorien Khrono hadde som hovudpoenget i oppslaget sitt.Og det var det som fekk NMBU-rektor Curt Rice til å oppfordra pressa til ikkje å gi meir spalteplass til meg, Det verste var eigentleg ein UiO-professor på Det juridiske fakultetet som eg jobba for som sa at eg måtte slutta å uttala meg om dette. Han sa til meg at eg derfor måtte venta litt før eg kunna halda fram med undervisninga igjen, sa ho.

Men ho fekk også støtte.

– Nokre akademiske institusjonar sa klart ifrå om at no må nokon styra seg. Pressa var også god å ha i heile denne prosessen, tykte ho.

Samtidig var det mange som var einige med henne.

– Dei sa til meg at dei støtta meg, men at dei ikkje kunne gi uttrykk for det offentleg, fortalde ho.

Cecilie Hellesveit meinte at det var heilt nødvendig å ha ein diskusjon om strukturendring i akademia.

– Den diskusjonen må vera i akademia, understreka ho.

– Har ein annan akademisk kultur enn Noreg

Sjølv har ho jobba på universitet både i USA, Tyskland og i Noreg For henne handlar mykje om ulik akademisk kultur.

– Dei som kritiserte meg var begge frå USA. Både i Tyskland, Storbritannia og i USA har dei ein heilt annan akademisk kultur enn i Noreg.Der er dei meir lojalitet oppover i institusjonen.

– Eg hugsar at då eg var på eit amerikansk universitet, måtte alt eg hadde sagt til pressa bli klarert av professoren først. Akademikarar som kjem frå det gamle Aust-Europa har opplevd ein autoritær tradisjon der kritikk av styresmaktene var farleg. I Noreg skal forskarar på universiteta vera ei motvekt til byråkratiet og staten og gi gode innspel og grunnlag for styring av samfunnet, sa Hellesveit.

– Samtidig har ein forskar som Nina Witozcek frå Polen vore uredd og ytra seg i det offentlege utan å vera konfliktsky, slik mange med norsk bakgrunn er, la ho til.

Ho kom også med ei åtvaring.

– Når den akademiske ytringsfridomen ikkje er under press, gjer ikkje akademia jobben sin. Regjeringa har kome med eit tillegg til straffelova om forbod mot påverknad. Kva vil institusjonane gjera om dei vil blanda seg inn? Me har aldri hatt meir bruk for ytringsfridomen i akademia enn no,slo ho fast.

– Universiteta var grunnleggjande autoritære

Dei to akademikarveteranane Jan Fridthjof Bernt frå Universitetet i Bergen og Helge Holden frå NTNU var også invitert til panelet for å koma med sine synspunkt på situasjonen for den akademiske ytringsfridomen.

Tidlegare rektor ved Universitetet i Bergen, jussprofessor emeritus, Jan Fridthjof Bernt fekk ordet først.

– Alt var ikkje mykje betre under krigen. Universiteta var grunnleggjande autoritære. Forståinga av rolla til universiteta har derfor blitt endra. Universiteta er avhengige av staten og private gjevarar. Derfor får dei tunge politiske signal, peika han på.

– Leiinga på universiteta er opptatte av at dei skal vera populære hos regjeringa, få søkjararar og få pengar til prosjekt frå Forskingsrådet, meinte han.

Men det var også ein annan ting som uroa han.

– Problemet er at universiteta ikkje har god nok organisasjonskultur til at me kan ta vare på den akademiske ytringsfridomskulturen, syntest Bernt.

Staten eig oss

Professor Helge Holden på Institutt for matematiske fag ved NTNU tykte forteljingane til både Jonas Kristiansen Nøland og Cecilie Hellesveit var ganske typiske.

– Jonas’ innlegg om kjernekraft er viktig for å få til ein debatt. Og når det gjaldt Cecilie Hellesveits innlegg, peika Holden på dei store endringane som hadde skjedd sidan han kom til NTNU.

– Då var det berre ein nasjonalitet på mitt institutt på NTNU, medan det i dag er tilsette frå 32 ulike nasjonalitetar. Det er viktig å ta ein diskusjon om integrering av utlendingar, sa han.

Akkurat som meddebattant Bernt viste han til kor avhengige universitet som NTNU er av staten.

– NTNU får åtte milliardar kroner frå staten og to milliardar kroner frå private. Me må bestemma forskingsmåla, men staten eig oss. Og det kjem me ikkje unna, slo han fast.

– Den står støtt

Cecilie Hellesveit peika på det paradoksale i at både ho og Jonas Kristiansen Nøland hamna i ein akademisk diskusjon på grunnlag av dårleg sitatsjekk.

– Den saka eg hadde i media, er ein debatt som me må tola. Men har me god nok institusjonell støtte for dei som hamnar i debatt? Det var forskinga mi som blei angripen. Eg meiner at den står støtt, konstaterte ho.

Helge Holden tykte det var viktig å gi god opplæring til instituttleiarar og andre som hamnar i leiarposisjonar i akademia.

– Som leiarar må dei få opplæring i både økonomi og personalbehandling. Men dei må også leggja forholda til rette for at forskarar skal få oppfylt draumane sine, var rådet hans.

– Då blir det bra

Jan Fridthjof Bernt hadde ei god løysing på korleis den faglege og den administrative leiinga på eit universitet kunne få ting til å fungera.

– Då eg var rektor delte eg og universitetsdirektøren kontor og kunna utveksla våre ulike erfaringar. Slik gjorde eg det også med generalsekretæren i Vitskapsakademiet, då eg var preses. Då blir det bra, var erfaringa hans.

Jonas Kristiansen Nøland var ikkje nøgd med korleis leiarar blei tilsette på NTNU:

– Nokre har 30 års erfaring frå næringslivet og trur dei kan styra instituttet som ei bedrift. Så brukar NTNU fire år på å læra dei korleis ting skal gå føre seg i akademia. Ja, også tidlegare rektor ved NTNU burde ha lært seg meir om akademisk fridom, før ho blei tilsett. var stikket hans til NTNU. Til slutt kom han også med ei påminning.

 – Universitetet er eit ueinigheitsfellesskap som ikkje har ei felles stemme slik som ei bedrift har. Om ikkje me får det til, vil me drepa all kritikk.