Dei grev opp fortida på Torgård: Har funne nokre pinnar og omrisset av eit hol

Sommaren er høgsesong for arkeologane ved NTNU. På Torgård håpar dei blant anna på å finne teikn på byrjinga av eigedomsretten i Noreg.

Menneske og masking jobber saman for å grave opp fortida mest mogleg effektivt.
Publisert Sist oppdatert

- Torgårdsletta er ei av Trøndelags rikeste arkeologiske gullgruver.

Det fortel Raymond Sauvage, som er arkeolog ved NTNU Vitenskapsmuseet og som leier graveprosjektet på Torgård. Denne sommaren jobbar tolv arkeologar og fire gravemaskinførarar med å avdekkje delar av området der det skal byggjast industribygg.

Arkeolog Raymond Sauvage fortel at dei grev seg gjennom kulturlag som er som eit arkiv over den menneskelege aktiviteten på Torgård over 3000 år.

Ettersom området er regulert frå å være dyrka mark til å bli industriområde krev lovverket at det klarerast for kulturminne. Det betyr at eventuelle kulturminne i området skal undersøkjast før det kan byggjast

Arkeologane håpar på at utgravinga skal avsløre korleis området, som ein i lang tid har budd i, har utvikla seg frå før vikingane.

- Ein kan seie mykje ved å sjå på jorda

Torgårdsletta er ein morenerygg, ca. 14 km sør for Trondheim. Her trur ein at det låg fem gardar før i tida, og ein har tidlegare i same område kome over arkeologiske funn som stammar 3000 år tilbake i tid.

- Vi tror også at det låg gravhauger langs heile toppen her. Det har vore eit område prega av mykje aktivitet langt tilbake i tid, så det er veldig spennande å få lov til å grava her no.

Området dei skal avdekkje ligg på nedsida av ryggen. Området har mest sannsynleg vore dyrka over lengre tid, noko som gjer at jorda sakte men sikkert har sige nedover.

- Da byggjer det seg over tid opp tjukke massar med kulturlag som blir eit arkiv over den menneskelege aktiviteten som har vore oppå her over 3000 år. Det er ganske unikt vil eg seie.

Slik ser utgravningsområdet ut ovanifrå. Her er det den mørke jorda som har sege nedover med tida som er mest interessant.

I store deler av utgravinga er fokuset på sjølve jorda viktig. Jordlaga skal studerast og gjerast analysar av, noko arkeologane trur kjem til å fortelje om korleis området har vore brukt av dei forhistoriske menneskja som budde her.

- Området grensar også mot ei myr som har vore her tidlegare. Det fortel oss også mykje.

Den myra som var her tidlegare hang saman med den såkalla Heimdalsmyra. Ei myr var ein viktig stad i forhistorisk tid, ofte knytt til religionsutøving og ofring.

Det er mange ulike reiskaper som blir teke i bruk når arkeologane skal grave opp fortida, både dei klassiske handreiskapane og gravemaskinar. Her krafsar arkeolog Stian Indahl for å grave ut deler av gjerdet dei har funne.

Fordi ho er så fuktig og tom for oksygen tek myra også godt vare på mykje av arkeologisk materiale. Difor er det ofte ei gullgruve for arkeologane.

- Når det vart gravd ut her i 2010 fann ein delar av eit neverkar som hadde vore sett ned i myra som eit offer. Vi kan finne liknande ting her når vi kjem lenger ned.

Nokre pinnar frå 500-talet

- Ser du den trepinnen som står opp der borte? Det er ein del av eit gjerde vi har funne. Vi trur det daterer tilbake til 500-talet. Å finne så godt bevart treverk er sjeldan, men det har nok med myra å gjere, sier Sauvage.

Sjølv om arkeologane skal halde fram ut september, og det fortsatt er tidleg i prosessen, har dei allerede hatt fleire funn.

Gjerdet, som dei også har funne delar av tidlegare, trur ein kan ha vist til ei grense mellom innmark og utmark.

- Og ei grense, det kan være eit teikn på eigedom! Om det er så gamalt som vi trur det er kan det vere nokon av dei første tegna vi har på eiendomsgrenser!

Det ser kanskje ikkje ut som mykje, men desse pinnane er eit mogleg teikn på dei fyste formane av eigendomsretten. Dei kvite pinnane markerer staurane bortover på gjerdet.

Dateringa av gjerdet til 500-talet, om det viser seg å være riktig, er samtidig som det berømte Torgårdfunnet.

- Torgårdfunnet var funnet av ei ryttergrav frå 500-talet der vi fann bevis for at ein eller annan stor herskar hadde klart å slå seg opp i området her. Mest sannsynleg var han ein av dei første og som danna grunnlaget for dei høvdingedømma vi ser på byrjinga av vikingtida.

- Det er også på 500-talet vi ser det første av den eigedomsstrukturen og dei gardsgrensene vi har i dag, altså dette med at eigedomsrett til fast jord innførast. Det at vi så finner eit gjerde fra same tid som mest sannsynleg representerer den eigedomsretten, er veldig gøy, fortel Sauvage og smilar.

Kva finn vi i brønnen?

Arkeologane har også funne ein brønn. Det er eit meir unormalt funn, og ser ut til å vore særdeles godt bevart.

- Vi har ikkje datert ho ennå, så det kan bli spanande å sjå. Vi mistenkjer jernalder eller mellomalder, seier Sauvage.

Foreløpig er dei heilt på overflata, men dei håper at det skal være mogleg å sjå ho stående oppreist på eit punkt.

Arkeologane Astrid Kviseth og Michael A. James grev ut kvar sin side av bønnen. Foreløpig er det nok meir som eit omriss av ein brønn, men om ein ser litt nærmare på kantane kan ein sjå delar av eit flettverk som har gått rundt toppen på han.

- Vi veit det er ein brønn fordi det er funne liknande både i mellomalderbyen og Kaupang, seier Sauvage.

Sjølv om sjølve brønnen sjølvsagt er interessant er arkeologane også spent på kva dei kjem til å finne oppi han.

- Når slike brønnar vart gjenfylt var det ofte med søppel og skrot, noko som betyr at vi finn mykje artig når vi grev dei opp igjen. På Ørlandet fann dei til dømes ein leikebåt frå jernalderen i ein slik brønn, og på Kaupanger fann dei ein kuskalle.

I likhet med ei myr blir det som ein puttar oppi brønnen godt bevart fordi det er fuktig og mangel på oksygen.

- Vi visste om denne brønnen fra ei undersøking fylkeskommunen gjorde i 2006. Det er fint å sjå at den ikkje ser ut til å ha blitt øydelagd av å ha blitt opna opp, seier Sauvage.

Det meste skjer med gravemaskin

Men sjølv om arkeologane kjem til å bruke mykje av tida på å forsiktig grave ut det dei finner, skjer mykje av arbeidet med maskinkraft.

For å grave ut eit så stort område er gruppa med arkeologer heilt avhengige av gravemaskin og dei fire gravemaskinførerane dei har med seg på laget.

- Vi bruker ein teknikk som kalles for maskinell flatavdekkjing. Det betyr at vi brukar gravemaskin for å ta av matjorda på hele utbyggjingsområdet og for å kartleggje dei arkeologiske spora under, fortel Sauvage.

Slik arbeider dei ofte. Dei tre arkeologane Ingvild Grønbeck, Heidi Westgård, og Andreas Alsaker held eit auge med kva som kjem fram, medan gravemaskina blottlegg lag for lag med jord.

Under matjorda kan det liggje opp til 1,7 meter med kulturlag som dei skal grave seg ned igjennom før dei kjem til botnen. Når dei møter på grusen er det nemlig ikkje vits i å grave lenger ned.

- Her er det kraftig med kubikk som skal vekk før vi er ferdige. Derfor er vi heilt avhengige av gravemaskinene og dei dyktige gravemaskinførarane som vi jobber saman med.

Når dei avdekkjer lag for lag med jord på denne måten krev det at to til tre arkeologar går framfor gravemaskinen og følgjer med på og rensar det som kjem fram.

Når arkeologane først finn noko bruker dei all slags reiskapar for å grave fram funna. Arkeolog Kari B. Dyrendal fortel at ho brukar reiskapane til både murarar og målarar.

Sauvage innrømmer at det er mange egg som knusast i slikt arkeologisk arbeid. Det gjer at dokumentasjonen av det dei finner blir særlig viktig. Dei dokumenterer både med 3D og nøyaktige kartmodellar, og brukar mykje tid på å avgjere lagoppbyggjinga og i kva for ei rekkjefølgje alle laga har kome til.

- Vi kan ikkje grave fram alt for hand, så vi må berre sikre så mykje informasjon vi kan ut i frå dei føresetnadane og det mannskapet vi har. Ettersom vi skal lenger ned, grev vi berre ut ein liten del av det så detaljert som mogleg. Så kartlegg vi kvar vi har funne alt, og så blir det gravd vekk.