Føreslår eit nasjonalt senter for innsats mot valdeleg ekstremisme

Mange av dei som vert radikaliserte til valdeleg ekstremisme meistrar ikkje skulen, har laus tilknyting til arbeidslivet, har vakse opp med ein for dårleg omsorgssituasjon og fleire er utsette for vald. Det er eitt av funna Ekstremismekommisjonen har gjort etter å ha gått gjennom 20 enkeltsaker i Noreg.

FEM TILRÅDINGAR: Det er fem hovudtilrådingar i rapporten frå Ekstremismekommisjonen som arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna fekk overrektt frå kommisjonsleiar Cathrine Thorleifsson i dag.
Publisert

Både statsminister Jonas Gahr Støre, justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl og arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna var på plass då Ekstremismekommisjonens leiar Cathrine Thorleifsson i dag kunne overrekkja ein 500 sider tjukk rapport med tilrådingar om førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme. Den har fått tittelen "NOU: 2024:3: Felles innsats mot ekstremisme: Bedre vilkår for det forebyggende arbeidet"

Medlemane i Ekstremismekommisjonen blei oppnemnde av regjeringa den 10. juni 2022. 15 dagar seinare skjedde terroråtaket mot dei skeive utanfor utestaden London Pub og ein annan pub i Oslo, og to personar blei drepne.. Om 12 dagar vert hovudpersonen, den radikaliserte muslimen Zaniar Matapour stillt for retten.

Eitt år og ni månader etter oppnemninga er resultatet av arbeidet til ekstremismekommisjonen klart.

Det skriv Uniforum.

Fakta

Dette er tilrådingane frå Ekstremismekommisjonen:

Betre organisering og meir forpliktande samarbeid

- etablering av eit nasjonalt senter for innsats mot valdeleg ekstremisme

- ein forpliktande samhandlingsmodell for førebygging av ekstremisme

- feller vurderingsverktøy for radikaliseringssaker

Kunnskaps- og kompetanseløft i det førebyggjande arbeidet

- vil ha senter for ekstremismeforsking (C-REX) på UiO som permanent senter

- ber om vidare finansiering av forskingsprosjektet Terra på Forsvarets forskingsinstitutt

- kommisjonen meiner det er behov for ei eiga utgreiing om førebyggjande arbeid på nett

- vil ha meir demokratisk kontroll og styrkja EOS-utvalet i Stortinget fordi PST og Etterretningstenesta får utvida heimlar til overvaking og tar i bruk nye teknologiar for å førebyggja ekstremisme.

Betre ivaretaking og medverknadsmoglegheiter for utsette grupper

- menneske som inngår i ekstremistane sitt fiendebilete må vernast betre

- kommisjonen tilrår at PST og Politiet tar eit større ansvar for å etablera faste møtepunkt med trusselutsette grupper og skaffar seg meir kunnskap om desse gruppene.

Styrka oppslutnad om demokrati og menneskerettar

- kommisjonen føreslår at ein styrkjer undervisninga om demokrati og menneskerettar. Undervisninga må gjerast meir målretta ved å oppretta fleire undervisningsstillingar ved freds- og menneskerettssentra.

- vil styrkja kompetansehevingstilbodet Dembra i skulen

- vil formalisera vegvisarordninga for fleire minoritetar, etter modell av jødiske vegvisarar og samiske vegvisarar.

- vil sikra at alle innsette i norske fengsel kan få høve til å utøva religionen sin og livssynet sitt.

Rapporten til Ekstremismekommisjonen blir no sendt ut på høyring, før det skal koma som ei stortingsmelding våren 2025.

Behov for eit nasjonalt knutepunkt 

I rapporten finst det fleire konkrete tilrådingar om kva det norske samfunnet bør gjera for å førebyggja radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Det bør etablerast eit nasjonalt senter for innsats mot valdeleg ekstremisme, føreslår Ekstremismekommisjonen. Den meiner at det er behov for eit nasjonalt knutepunkt som kan bistå dei nasjonale styresmaktene og aktørane som arbeider på feltet.

Kommisjonen tilrår også ein forpliktande samhandlingsmodell for førebygging av ekstremisme. Modellen inneber å gi kommunane eit tydeleg mandat i det førebyggjande arbeidet, å etablera og vidareutvikla lokale og regionale samarbeidsfora og utvida heimlane for informasjonsdeling av opplysningar under teieplikt i det tverretatlege samarbeidet. Dessutan skal det i fellesskap utviklast eit felles vurderingsverktøy for radikaliseringssaker.

Kommisjonen rår til at Senter for ekstremismeforsking (C-REX) på Universitetet i Oslo blir eit permanent senter, slik Stortinget tidlegare har gått inn for. Den rår også til at forskingsprosjektet Terra ved Forsvarets forskingsinstitutt vert styrkt og sikra vidare finansiering.

Tung regjeringsrepresentasjon

I dag overleverte kommisjonsleiar Cathrine Thorleifsson rapporten til arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna. Til stades var også statsminister Jonas Gahr Støre og justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) roste kommisjonen for arbeidet med rapporten.

REGJERINGSTUNGT: Statsminister Jonas Gahr Støre, justis- og bereskapsminister Emilie Enger Mehl og arbeids- og inkluderingsminister Tonje brenna var til stades då UiO-forskar Cathrine Thorleifsson presenterte hovudpunkta i rapporten til Ekstremismekommisjonen som ho har vore leiar for.

– Ekstremisme og radikalisering finst også i samfunnet vårt. Det er bra at de har rydda opp i årsakssamanhengar der endestasjonen er vald og trugsmål. Me må styrkja den demokratiske motstandskrafta, var oppfordringa hans .

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) kom med ein klar garanti.

– Noreg er eit ope samfunn for alle, og det skal me halda fram med uavhengig av legning og kven du er, sa ho.

Eitt av funna Ekstremismekommisjonen har gjort etter å ha gått gjennom 20 enkeltsaker i Noreg, er at mange av dei som vert radikaliserte til valdeleg ekstremisme ikkje meistrar skulen, har laus tilknyting til arbeidslivet, har vakse opp med ein for dårleg omsorgssituasjon og fleire er utsette for vald. Sjølv om Ekstremismekommisjonen har spora opp at dette er nokre av årsakene til at nokon blir radikaliserte til valdeleg ekstremisme, så understrekar dei at dei aller fleste som har slik bakgrunn aldri blir ekstremistar.

– Tilrår ei lovendring 

Etter at rapporten var overlevert og den offisielle delen av møtet dermed var over, utdjupa førsteamanuensis ved Sosiantropologisk institutt på UiO og kommisjonsleiar Cathrine Thorleifsson overfor Uniforum meir om tilrådingane kommisjonen kjem med.

TEIKNESERIE: – Me har også vore opptatte av å ha med unge stemmer og ung medverknad i dette arbeidet. Derfor har me med ein teikneserie i NOU-en som formidlar våre funn og tilrådingar i bilete, fortel kommisjonsleiar Cathrine Thorleifsson.

– Mykje går på at det må vera strukturar som mogleggjer den tverretatlege samhandlinga. Og så tilrår me ei lovendring som får på plass dei strukturane som vert kravde for at det skal kunna samarbeidast betre, fortel ho.

Thorleifsson understrekar også at når det gjeld den breie delen av mandatet, så synest ho dei har fått til eit stort kunnskapsgrunnlag.

– Felles innsats mot ekstremisme i kvardagen

– Me har brukt både tilgjengeleg forsking og førebyggingspraksis. Der kjem me med tilråding om korleis oppslutnad om demokrati og menneskerettar kan styrkjast. Sjølv om det offentlege har eit stort ansvar for at strukturane må vera på plass, ser me at det også finst ekstremisme i kvardagen som me må ha ein felles innsats mot, konstaterer ho. Det synest ho dei har klart å karttleggja.

– Då er det både kunnskapsforståing om kva denne ekstremismen er, og korleis den råkar trusselutsette menneske som inngår i ekstremistar sitt fiendebilete, og korleis me kan ha ei felles motstandskraft mot ekstremisme, fortel ho.

Cathrine Thorleifsson peikar på at dei også har brukt verkemiddel for å inkludera dei unge i arbeidet.

– Me har også vore opptatte av å ha med unge stemmer og ung medverknad i dette arbeidet. Derfor har me med ein teikneserie i NOU-en som formidlar våre funn og tilrådingar i bilete, viser ho til.

– Demokrati og menneskerettar rammar inn heile arbeidet vårt

Leiaren for ekstremismekommisjonen har tru på at tilrådingane deira kan få konsekvensar.

– Eg trur at dersom det vert handla på desse tilrådingane, slik eg håpar, vil det bli eit stort løft på førebyggingsfeltet, samtidig som me åtvarar sterkt mot inngrep i private og sivile rettar. Demokrati og menneskerettar rammar inn heile arbeidet vårt og alle tiltak som blir retta mot privatpersonar må vera forankra og ikkje gripa for sterkt inn i sivile rettar. Me åtvarar også styresmaktene mot misbruk av ny teknologi og overvaking, understrekar ho.

– Kva håpar du regjeringa vil gjera no med tilrådingane i rapporten?

– Me skriv jo for hylla og ikkje for skuffa, så eg håpar det vert handla. Me har også sett på førebygging i Danmark og henta inn kunnskap der. Der har dei i arbeidet vore opptatt av handlekraft, trekkjer ho fram.

– Håpar trusselutsette kan bli tatt betre vare på 

No håpar ho at forslaga dei kjem me får brei tverrpolitisk støtte.

– Ein ting er dei gode utgreiingane og kunnskapsgrunnlaget som også er forskingsbasert. Det andre er at dette også blir handla på tverrpolitisk og at det får brei støtte. Det håpar eg blir fylgt opp og at det verkeleg blir tatt tak i det, slik at me både kan få eit løft på førebyggingsfeltet, men også at trusselutsette kan bli tatt betre vare på, at sivilsamfunnet får medverknad og korleis me alle kan vera enda godare saman, seier Cathrine Thorleifsson.

– Imponert og takknemleg

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna er også personleg berørt av temaet i rapporten, og ho er takksam for jobben som Ekstremismekommisjonen har gjort. Ho trur den vil vera viktig.

– Eg trur det er veldig mykje å læra, Cathrine Thorleifsson og kommisjonen har gjort ein god og svært grundig jobb. Det er eg også imponert over, men også takknemleg for. Eg føler at dette er nært og viktig for meg fordi eg er heilt sikker på at om me ikkje gjer noko og ikkje blir flinkare til å ha ein debatt om ekstremisme og radikalisering så breitt som denne kommisjonen legg opp til, så vil me gå oss bort og endar opp med ikkje å læra oss nokon ting eller klarar å førebyggja på dei områda der me treng det, seier ho til Uniforum.

– Kva skal skje med tilrådingane i rapporten?

– Allereie i neste veke skal den sendast ut på ei brei høyring. Så er planen at i løpet av våren neste år, skal det lagast ei stortingsmelding, slik at den også kan bli debattert og diskutert i Stortinget.

– Er førebyggjande at me lykkast som politikarar med den debatten

Ho trur det er godt grunnlag for ei brei einigheit i Stortinget.

– Eg tenkjer at me bør setja oss som eit mål som politikarar å bidra til å ha ein nøktern og sakleg og god debatt om kva som skal til for å førebyggja radikale og ekstreme haldningar. Rett og slett fordi det i seg sjølv er førebyggjande at me lykkast som politikarar med den debatten. Om me går ned i skyttargravene våre og begynner med peikeleiken, så trur eg det er ganske krevjande å tru at resten av Noreg skal gripa rapporten med begge hender og tenkja at no skal me førebyggja medan politikarane kranglar, seier Tonje Brenna.

Sjølv blei ho også direkte ramma av ekstremisme den 22. juli 2011, då ho var til stades på Utøya då den høgreekstreme terroristen Anders Behring Breivik drap 69 personar der, etter at han hadde tatt livet av 8 personar i Regjeringskvartalet nokre timar tidlegare.

– Eg unner ingen menneske det

– Korleis var det for deg å ta imot denne rapporten i dag?

– Eg trur på mange måtar det blir dobbelt så viktig, for eg veit jo kva det gjer med deg å bli utsett for den type vald, og korleis livet kan vera etterpå. Eg unner ingen menneske det. Eg håpar me kan gjera eit stykke arbeid med at færre som meg blir kalla for overlevande resten av livet sitt, rett og slett fordi det er dramatisk å bli utsett for den type vald, seier ho. 

– Det er sjølvsagt også dramatisk for dei etterlatne som ikkje får igjen barna sine eller ektefellen sin. Og det er dramatisk for dei som blir redde og skremde. Alternativet til å førebyggja betre er at me dessverre vil oppleva meir av denne typen vald framover, og det kan me som samfunn ikkje vera kjent av, understrekar Tonje Brenna.

Følg UA på Facebook og Instagram.