Ytring

Om omgrep, termar, definisjonar med meir

Kirkeby sine ytringar 10. mars om prestisje og trygging av stillingar for enkelpersonar er utidige.

- Når me no for alvor er i gong med å etablere Termportalen som ein nasjonal terminologiressurs, handlar det ikkje om prestisje, men om gjera kvalitetssikra norsk terminologi fritt tilgjengeleg på ein enkel måte, skriv Marita Kristiansen.
Publisert

Dette er ein replikk til replikken om Termportalen.

Som fagspråksstudent og omsetjar av fagtekstar mellom norsk og engelsk har eg hatt stor glede av blant anna Kirkeby si norsk-engelsk ordbok. Eg vonar på same måte at fagspråkbrukarar vil få stor nytte av Termportalen.

Les meir: Ordbokforfatter har ikke troen på Termportalen.

Når me no for alvor er i gong med å etablere Termportalen som ein nasjonal terminologiressurs, handlar det ikkje om prestisje, men om gjera kvalitetssikra norsk terminologi fritt tilgjengeleg på ein enkel måte slik at fagspråkbrukarar kan finne termane éin plass. Slik kan me bidra til at norske termar blir tatt i bruk og at til dømes studentar og forelesarar kan ta i bruk norske termar heller enn å stadig måtte blande engelsk inn i fagsamtalane. Eit viktig mål er å få på plass eit godt verktøy for læring i utdanningssystemet og kommunikasjon i arbeidslivet på norsk.

Ei stor oppgåve er å setje i gong og å koordinere terminologiarbeid i universitets- og høgskulesektoren dei neste par åra. Fagkunnskapen har fagpersonane medan Termportalen har terminologisk og teknisk kunnskap. Som Kirkeby peiker på i ytringa si 16. mars, må dette arbeidet samordnast. Personar som har erfaring med å skrive terminologiske definisjonar veks ikkje på tre. Når det er sagt så skjønar eg ikkje Kirkeby sitt døme frå NAOB, som jo er ei allmennspråkleg ordbok og derfor ikkje inneheld terminologiske definisjonar.

Ei av arbeidsoppgåvene mine den siste tida har vore å sjå på blant anna korleis termgrupper kan kursast i terminologiarbeid, korleis arbeidsrutinar og stilark for term- og referansegrupper kan utformast, osv. I tillegg gjeld det å få på plass ei hensiktsmessig overordna domeneinndeling slik at terminologiarbeidet kan få best mogleg kvalitet. Eit ord, eller ein term, er ofte nytta som nemning på ei rekkje omgrep som høyrer til ulike domene. Å halde desse termane frå kvarandre med rett definisjon, er derfor viktig i terminologiarbeidet når mange termlister skal samlast til eitt rike. På same måte må relasjonar som eksisterer mellom omgrepa på plass i størst mogleg grad. Å kunne samarbeide med til dømes Store norske leksikon for å byggje ut definisjonar, omgrepsrelasjonar osv. vil vere veldig nyttig i eit slikt arbeid.

Men terminologiarbeidet er ikkje ferdig med UH-sektoren. Infrastrukturen skal byggjast opp i samarbeid med fagmiljø i Noreg som allereie har utvikla sine termbasar. Termportalen vil fungere som ei inngangsdør til innhaldet i desse termbasane. Eit eksempel er termbasen Snorre som Standard Norge har utvikla over mange år og som dei nok vil fortsetje å oppdatere vidare. Eit anna eksempel er det pågåande terminologiarbeidet hos Direktoratet for e-helse.

Det er sjølvsagt enno meir som skal gjerast. Næringslivet har til dømes òg terminologi i bruk som ikkje nødvendigvis er fanga opp og forlaga sit nok på mykje relevant innhald. Det er derfor eit omfattande arbeid som skal gjerast. Men slik vil det vere. Så lenge kunnskapen utviklar seg, vil fagspråket og spesielt terminologien utvikle seg òg.

Kirkeby sine ytringar 10. mars om prestisje og trygging av stillingar for enkelpersonar er utidige. Det blir rett og slett tullete å blande prestisje, trygge stillingar og anna inn i det som burde vore ein fagleg diskusjon om kva ressurs Termportalen er meint å bli, og kva det er som skil terminografi frå (fag)-leksikografi. At UiB har fått midlar gjennom fleire år frå departementet til arbeidet er òg å ta litt vel hardt i. Pilotprosjektet til Termportalen starta på NHH. Det var der finansiert med forskingsmidlar og tilsette ved NHH sin eigeninnsats. No har UiB fått midlar frå departementet til å drifte og utvikle Termportalen vidare. Dette skjer i samarbeid med Språkrådet og sjølvsagt i lag med andre som ønskjer å bidra på den nasjonale terminologidugnaden.