Ytring:

Eg utfordrar deg, Gunnar

Den 29. november mobiliserer norske studenter mot kutta som regjeringa vil gjere i stipendordninga. NTNU har vore som ei taus nikkedokke i denne saka, skriv Gjermund Kvernmo Langset, medlem i sentralstyret i Norsk studentorganisasjon.

- Vi treng ei reell satsing, ikkje kutt, skriv Langset i denne ytringen, kor han oppmodar leiinga ved NTNU til å gje studentane si støtte.
Publisert Sist oppdatert

Organisasjonar, politiske parti og utdanningsinstitusjonar frå heile landet har uttrykt si støtte og står side om side med studentane i det akademiske fellesskap. NTNU derimot, står fram som ei taus nikkedokke for politisk hestehandel på Løvebakken.

Studentane i det ganske land har gått til krig mot regjeringa. Dei vil kutte i stipendet vårt. Eit kutt som rammar dei svakaste av oss, dei som har valt feil studie, dei som vil lære meir og dei som opplever utfordringar i livet. Det kan vi ikkje tolerere. Vi er forbanna. Vi seier nei.

Regjeringa har ved fleire høve stått fram med heva haud og flotta seg i glansen av 11 månader studiestøtte. Studentrøysla har takka, og vi har feira saman med dei. Men, no har det kome fram at det er studentane sjølv som har betalt for heile gildet gjennom auke i renter og ulike kutt. Regjeringa har ikkje brukt meir pengar på studentane, dei har brukt mindre, om lag 200 millionar mindre.

Det siste kuttet, på 256,4 millionar, er altså ei endring i kvoteringsordninga for lån og stipend. Kunnskapsminister Iselin Nybø forsvarar forslaget sitt med at det berre er snakk om 17 000 kroner ekstra i gjeld per år for dei det gjeld. Det er klart det kan høyrest lite ut om du er stortingsrepresentant med gratis bustad, ein snau million i inntekt og subsidiert kantine. Det er det ikkje for oss, det er summar vi kan drøyme om å ha på konto. Enkelte kyr har visst gløymd korleis det er å vere kalv.

Men det aller viktigaste er prinsippet. Forslaget skal vere eit insentiv for å auke gjennomføringsgrad, men ein nektar å sjå på problemet. Regjeringa nektar å gå i dialog med studentane om temaet; kvifor ikkje fleire fullfører. Dei gjeng utifrå at dei veit best sjølv, lukker øyrene og køyrer på med den fyste og dårlegaste ideen ein kom på. Som sjølvsagt er enda ei pisk, på ei allereie skamslått gruppe i samfunnet.

Studentane mobiliserer no til eit siste slag, det skal vere store demonstrasjonar i mange norske studiebyar den 29. November. For å vise at vi står saman, at det ikkje er greitt å belaste dei av oss som treng det minst. Vi treng ei reell satsing, ikkje kutt. Vi treng ein dialog om dei problema vi har, slik at vi kan finne gode løysingar i fellesskap. Mange forstår dette, mellom anna Forskarforbundet, Akademikerforbundet student og NTL går imot forslaget. Vi håpar dermed på godt oppmøte frå dei tilsette ved NTNU på desse arrangementa i Trondheim og Ålesund.

På NTNU skal ein visst utfordre det meste for tida, frå evolusjonen til tyngdekrafta. Så no utfordrar eg deg, Gunnar. Du er glad i fine ord om akademisk fellesskap og at vi på NTNU er på same lag. Men fram til no har du vore taus om denne saka, som er den viktigaste for studentane på mange år. Ikkje ein gong på direkte spørsmål frå Studenttinget på di faceookside, har studentane fått respons.

Står du side om side med dei 40 000 studentane som utgjer NTNU? I tilfelle kan du vise det ved å møte opp på demonstrasjonen og seie det ansikt til ansikt med studentane dine.