Oddmund Hoel: – Me styrkjer den akademiske ytringsfridomen i ny lov

Ny universitets– og høgskulelov er den første eksamenen for forskings– og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) . – Det viktigaste punktet er at lovframlegget går inn for å stramma inn på bruken av mellombelse tilsetjingar.

NYSLÅTT STATSRÅD: Oddmund Hoel måtte ta imot mange blomsterbukettar då han kom ut av Slottet som ny forskings- og høgare utdanningsminister tysdag 23. januar.
Publisert Sist oppdatert

Tysdag 23. januar blei Oddmund Hoel (Sp) utnemnt til ny forskings– og høgare utdanningsminister på eit ekstraordinært møte hos kongen i statsråd. Dermed kom mannen som først hadde vore statssekretær for Ola Borten Moe, og deretter for Sandra Borch, ut frå Slottet som den tredje forskings– og høgare utdanningsministeren i regjeringa til Jonas Gahr Støre.

– Eg er godt motivert for jobben

Fire dagar etter utnemninga er han på veg i bil over fjellet til heimplassen i Jostedalen i Luster kommune i Vestland fylke. Uniforum får eit telefonintervju medan han passerer Sundvolden i Hole kommune.

– Korleis er det for deg å flytta ut av skuggen som statssekretær og inn i flomlyset som statsråd?

– Det har vore ei fin oppleving og ei stor ære. Og eg er godt motivert for jobben. Området kjenner eg godt frå tida som statssekretær, seier Hoel til Uniforum.

– Det kan bli utfordrande å få den i hamn

No ser han fram til stortingsbehandlinga av forslaget til ny lov for universitet og høgskular. Etter planen skal det opp i Stortinget den 6. februar.

– Den første store oppgåva mi blir å delta i debatten om den. Det kan bli utfordrande å få den i hamn, men for universitets– og høgskulesektoren vil det gi ei betre og meir oppdatert lov, er han sikker på.

Oddmund Hoel synest lovframlegget inneheld mange viktige punkt, og han trekkjer fram nokre av dei som kanskje får mest å seia for sektoren.

– Det viktigaste punktet er at lovframlegget går inn for å stramma inn på bruken av mellombelse tilsetjingar. Det er eit stort problem i sektoren vår. Det er eit spørsmål om regulering, konstaterer han.

Vil styrkja norsk fagspråk

Hoel har ei fortid som leiar for Noregs Mållag, og han er glødande opptatt av norsk som fagspråk. Han er svært nøgd med at lovframlegget også har inkludert omtanken for språket.

 – Me gjeninnfører formuleringa om at undervisningsspråket til vanleg er norsk. I det heile tatt skal lovgjevinga vera med på styrkja norsk fagspråk, slår han fast.

Dei siste åra har det vore stor debatt om akademisk ytringsfridom. Det vil også prega den nye lova for universiteta og høgskulane om den blir vedtatt av Stortinget.

– Me styrkjer den akademiske ytringsfridomen i samsvar med tilrådinga frå Kierulf–utvalet, forsikrar Hoel.

Nedlegging av studiestader skal avgjerast i statsråd

Under den siste perioden av Solberg–regjeringa vedtok Nord universitet å leggja ned den tradisjonelle studiestaden på Nesna. I 100 år hadde den skaffa nyutdanna lærarar til Nord–Noreg. Men søknadstala gjekk tilbake, og styret for Nord universitet meinte studiestaden ikkje lenger var liv laga og la den ned.

Før dagens regjering overtok, lova Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum at Nesna skulle gjennoppstå som studiestad om dei fekk regjeringsmakta. Den lovnaden har regjeringa halde, og Nesna held fram som ei avdeling av Nord Universitet.

Om ny lov for universitet og høgskular går gjennom i Stortinget, vil det ikkje lenger bli mogleg å gjera det styret for Nord Universitetet gjorde.

– Me innfører ein regel om at nedlegging av studiestader skal vedtakast av regjeringa i statsråd, understrekar han.

Skal bli lettare å skilja mellom slurv og fusk

Etter at forgjengaren hans Sandra Borch kunngjorde at ho ville gå av som statsråd på grunn av avløringane av plagiat og manglande kjeldevising i masteroppgåva ho hadde tatt ved Universitetet i Tromsø i 2014, samtidig som helse– og omsorgsminister Ingvild Kjerkol no er i hardt vêr på grunn av at ho ikkje har gjort klart nok kva som er hennar eigen tekst, og kva tekst ho har henta frå andre kjelder, vil den nye lova kunna gjera det lettare å forstå kva som er fusk og kva som er slurv.

– Den vil klargjera og nyansera regelverket rundt fusk. Institusjonane skal halda fram med å ha eigne regelverk, for dei kan ha ulike behov. Men det trengst ei betre samordning mellom institusjonane, noko som me vil leggja til rette for, lovar han.

– No skal me også rydda opp i regelverket rundt bruk av eigen tekst, legg han til.

RESPEKTERT: –Det er fint å bli godt likt, men Støre sa også at det held å bli respektert. Det sluttar eg meg til, understrekar Oddmund Hoel som her står saman med statsminister Jonas Gahr Støre på Slottsplassen.

– Målet er at folk skal koma raskare i gang med studia enn i dag

Ei anna stor sak som vil koma opp i Stortinget denne våren, er stortingsmeldinga om nytt opptakssystem. Fleire forslag til endringar kom frå Opptaksutvalet som blei leia av tidlegare stortingsrepresentant Marianne Aasen frå Arbeidarpartiet.

– Det er viktig at me får eit meir rettferdig og enklare system enn i dag. Målet er at folk skal koma raskare i gang med studia enn i dag. Detaljane i det framtidige opptakssystemet kjem me tilbake til når saka kjem opp.

– Erfaringsbasert kunnskap frå yrkeslivet må vega meir

Forskings– og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel ser også fram til å sjå korleis det går med ei utgreiing om framtida til profesjonsutdanningane innanfor helse– og sosialfag, læraryrket og ingeniørfag.

– Eg ser behovet for auka rekruttering til desse utdanningane. Dei må etablera eit nærare forhold til praksisområdet dei blir utdanna til. Og erfaringsbasert kunnskap frå yrkeslivet må vega meir, er han overtydd om.

– Dei gjer ein god jobb

Våren 2022 skjedde det eit jordskjelv i Forskingsrådet. Då skifta dåverande forskings– og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe ut heile styret, og sette inn eit mellombels styre med Cicero–direktør og tidlegare finansminister Kristin Halvorsen (SV) som leiar.

Bakgrunnen var at Forskingsrådet hadde tildelt pengar til forskingsprosjekt før pengane var formelt løyvde av Stortinget. Resultatet blei mindre pengar til fleire forskingsprosjekt og reduksjon i talet på administrative stillingar i Forskingsrådet.

Oddmund Hoel synest det ser langt betre ut no.

– Me er svært nøgde med dei etter den uroa som var. Dei gjer ein god jobb.

– Færre folk må gjera den same jobben som i dag

Våren 2025 er det meininga å få til ein gjennomgang av heile forskingssystemet i Noreg.

 – Målet vårt er at forskarane skal få arbeidsro. Det er behov for at alle delar av kunnskapssektoren er merksame på dei store samfunnsutfordringane og gjer det dei kan for å koma dei i møte. Utfordringane handlar om demografi. Færre folk må gjera den same jobben som i dag. Me må introdusera nye teknologiar, er han viss på. Samtidig meiner han at det må bli lettare for folk å utdanna seg gjennom heile livet, uavhengig av kvar dei bur.

– Me må tilpassa oss til ei meir fleksibelt system for etter– og vidareutdanning, synest han.

– Det er viktig å skjerma sensitive kunnskapsområde

Russlands invasjon av Ukraina og krigen mellom Israel og Hamas er hendingar som han meiner også verkar inn på oss i Noreg.

– Me lever i ei uroleg verd. Det får også konsekvensar for kunnskapspolitikken. Derfor er det viktig å skjerma sensitive kunnskapsområde for at makter som me ikkje har noko forsvarspolitisk samarbeid med, ikkje skal få tak i det.

På dei fleste områda må me ha ei viss grad av sjølvforsyning av kunnskap. Kunstig intelligens er eit døme på det. Den første utlysinga frå Forskingsrådet er rett rundt hjørnet. Og heile regjeringa er oppsett på at me skal bruka minst ein milliard kroner i året på forsking og utvikling av kunstig intelligens, seier han.

Etter hans meining har Noreg alle føresetnader som trengst for å få det til.

– Me har sterke fagmiljø på dette området. Og det er viktig at dei også har eit sterkt internasjonalt samarbeid, legg han vekt på.

 – Norske forskarar gjer det stadig betre i Horisont Europa

Oddmund Hoel er imponert over kvaliteten på forskarane og forskinga i Noreg.

– Norske forskarar gjer det stadig betre i Horisont Europa og i det europeiske forskingsområdet. Det gir oss to store fordelar: Det gir oss meir pengar, og det styrkjer den internasjonale kontakten for norske forskarar, konstaterer han.

Gjennom tida som statssekretær har han også fylgt utviklinga av dei store byggjeprosjekta på Universitetet i Oslo, Livsvitskapsbygget og nytt Vikingtidsmuseum på Bygdøy.

– Det er tilfredsstillande å sjå. Det blir to flotte bygg, har han registrert.

– Du er tilsett som professor i historie ved Høgskulen på Vestlandet. Og no blir du øvste sjef for di eiga yrkesgruppe. Og ifølgje statsminister Jonas Gahr Støre er du godt likt av sektoren. Kva tykkjer du om det?

–Det er fint å bli godt likt, men Støre sa også at det held å bli respektert. Det sluttar eg meg til, understrekar Oddmund Hoel.

Følg UA på Facebook og Instagram.