Manglar 15 000 studentbustadar: regjeringa aukar ikkje tilskotet

I dag kom studentbustadundersøkinga for 2023. Den viser til store manglar i studentbustadar, leiaren av Norsk studentorganisasjon krev handling.

Leiar i Norsk studentorganisasjon Oline Marie Sæther bekymrar seg for om studentar finn bustad i tide til studiestart.
Publisert Sist oppdatert

Studentbustadundersøkinga 2023 syner stor mangel på studentbustadar. Oline Sæther, leiar av Norsk studentorganisasjon er bekymra og seier det må skje tiltak no.

- Vi bekymrar oss for om studentar finn bustad i tide til studiestart. Vi fryktar at studentar ikkje vil kunne delta i studiestart eller potensielt seie frå seg studieplassen fordi dei ikkje har bustad, seier Sæther.

Inga auking i dekningsgrad

Studentbustadundersøkinga viser at Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim er byar med til saman 45 847 studentar. For desse har studentskipnaden berre 6239,25 hybeleiningar. Dette betyr at Sit har ein dekningsgrad på 13,61 prosent i dei tre byane.

GJENTOK KRITIKK: Studentparlamentets leiar Oline Sæther gjentok kritikken av regjeringa for avgjerda om å innføra studieavgifter for studentar utanfor EØS og Sveits frå hausten 2023.

Sit har eit mål om 20% dekningsgrad og har fleire prosjekt i gong for å utvide tilbodet sitt.

I undersøkinga blir det hevda at sjølv om det har vore sett i gong prosjekt for å auke dekningsgraden til studentsamkipnadane har ikkje denne auka fordi det talet på studentar aukar samstundes.

I år aukar berre dekningsgraden til studentsamskipnadane med 0.13 prosent nasjonalt, i følgje NSO.

- Studentane er skuffa over mangelen på bustadar. Vi forventer no at stat, kommune og studentsamskipnadane samarbeider om å få sett spadane i jorda! Det seier Sæther.

Studentsamskipnaden einig i NSO sine krav

Boligdirektør i Sit, Lisbeth Glørstad Aspås

Bustaddirektør i Sit, Lisbeth Glørstad Aspås seier seg heilt einig i Sæther og at ein må få fortgang i byggjing av studentbustadar. Aspås fortel at Sit begynner å byggje på det som blir omkring 1000 studentbustadar i år.

- Vi opplev eit godt samarbeid med vertskommunane våre i Gjøvik, Trondheim og Ålesund. Dei har eit ønske om å yte hjelp.

Samstundes fortel Aspås at ein av tinga som gjer det dyrare for Sit er betaling av eigedomsskatt. Ho seier at dei ikkje betalar noko i Gjøvik og at SiO ikkje betalar i Oslo.

I Trondheim og Ålesund må dei derimot betale eigedomsskatt.

Manglande støtte frå regjeringa

I fjor høst vart det vedteke at kostnadsramma for byggjing av studentbustadar blir auka frå omkring ein million kroner per hybeleining til omkring 1 450 000 kroner.

Aspås seier dei er svært glade for dette fordi det gjer det mogleg å byggje med dei høge prisane som er i byggjenæringa no.

Dette er ikkje berre bra likevel, forklarar Aspås, fordi tilskotet frå staten som pleidde å bety ein tredjedel av prisen no berre blir omkring ein fjerdedel av prisen.

- Dette kjem til å bety at vi må auke leigeprisene våre, seier Aspås.

Tidlegare har leiaren av velferdstinget, Øystein Christiansen, sagt til Universitetsavisa at det er dårleg av regjeringa å la studentane ta rekninga i ein allerede trong studentøkonomi.

Aspås seier at trass i høge byggje- og driftskostnadar er dei heilt sikre på at dei skal klare å halde prisane sine lågare enn den private marknaden.