Klinikkdrifta på psykologi opnar igjen på måndag

Måndag gjenopnar klinikken på Psykologisk institutt. – Eg er veldig glad for det, seier instituttleiar Pål Kraft.

Publisert Sist oppdatert

Tirsdag kom meldinga som psykologistudentane har venta på sidan 10.oktober: Klinikken på Psykologisk institutt opnar igjen på måndag. Nyhendet kom frå UiO tirsdag ettermiddag. 

• Les også pressemeldinga frå UiO

Det var 10. oktober universitetsleiinga bestemte at klinikkane på Psykologisk institutt måtte stengjast straks.Samtidig gav universitetsleiinga Kluge Advokatfirma i oppdrag å laga ei juridisk vurdering av situasjonen på klinikkane og om dei hadde drive i strid med lovverket. Internrevisjonen fekk i oppdrag å laga ein rapport om forholda på klinikkane ved Psykologisk institutt. Begge rapportane kom med knusande vurderingar av korleis klinikkane på Psykologisk institutt var blitt drivne. Eit viktig ankepunkt var at det var åtte større eller mindre avvik på ni forskjellige lover og retningslinjer. Det blei også konkludert med at klinikkdrifta kunne takast opp igjen når dei føreslegne tiltaka var sette i verk.

• Les også: Mogleg å opna klinikkane igjen, men ikkje enno

• Les også: Internrevisjonen med hard kritikk av klinikkdriften ved Psykologisk institutt

Universitetsstyret vedtok for ei veke side at arbeidet med å retta opp avvika måtte haldast fram, men at målet måtte vera at klinikkdrifta kunne opnast igjen, så snart som mogleg. 

• Les også: UiO-rektor Svein Stølen godt nøgd med samrøystes vedtak om klinikkdrifta på Psykologisk institutt

– Veldig glad

I ettermiddag kom altså den lenge venta meldinga frå universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe: Klinikkdrifta på Psykologisk institutt skal opnast igjen måndag 6. november. Det er instituttleiar Pål Kraft svært nøgd med.

– Ja, eg er veldig glad for det. Og gruppa som blei leidd av systemansvarleg klinikkleiar Margarethe Seeger Halvorsen har gjort eit stort arbeid med å lukka avvika. Det har dei klart i samarbeid med studentane, klinikkleiarane og administrasjonen på Psykologisk institutt, og med assistanse frå sentraladministrasjonen og USIT. Dei har alle gjort ein kjempestor dugnad etter at klinikken vil ha vore stengt i nesten fire veker, seier Pål Kraft til Uniforum.

– Klinikken har vore stengt i nesten ein månad. Det må då ha gått utover studia til studentane?

– Dei har sjølvsagt vore uroa og det har vore ubehageleg for dei, på same måte som det har vore ubehageleg for pasientane.

 Vil pasientbehandlinga også kunna koma i gang frå måndag?

– Ja, og det vil universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe fortelja direkte til studentane på allmøtet onsdag morgon klokka 09.00. Og frå måndag vil også pasientbehandlinga gå som normalt.

– Blir betre for UiO som institusjon

–Vil de no venda tilbake til betre klinikkar enn før?

– Forholdet mellom kliniske psykologar, psykologistudentar og pasientane blir nok i stor grad som før. Men for UiO som institusjon vil dei vera betre fordi me vil kunna ha klinikkdrift i samsvar med dei lovar og reglar som gjeld. Dei fleste avvika har me fått retta opp, medan andre avvik treng me lenger tid til å rydda opp. I samarbeid med sentraladministrasjonen og fakultetet jobbar me no med å få på plass ein heilskapleg system- og internkontroll, fortel Pål Kraft.

• Les også: Instituttleiar Pål Kraft: Var skeptisk til å stengja klinikken på psykologi

– Imponerande innsats

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe er også veldig tilfreds med at klinikkane kan opnast igjen på måndag:
– Me er svært glade for at klinikkdrifta no kan takast oppatt. Det er mogleg først og fremst på grunn av den imponerande innsatsen som er lagt ned frå tilsette og studentar ved klinikkane på Psykologisk institutt, med god støtte frå leiinga og administrasjonen på Psykologisk institutt og frå ressurspersonar frå SV-fakultetet og frå administrasjonen sentralt, seier ho i ei pressemelding frå UiO.

Akkurat som instituttleiar Pål Kraft gir ho honnør til arbeidsgruppa på Psykologisk institutt som har arbeidt for å få lukka avvika.

– Arbeidsgruppa på Psykologisk institutt, under leiing av førsteamanuensis Margrethe Seeger Halvorsen, har lagt full fagleg tyngde bak arbeidet, og har jobba knallhardt for å finna løysingar som gjer at me i dag kan ta opp igjen pasientbehandling og studentpraksis. Dei mest alvorlege avvika er lukka, og tiltak er sett i gang for å finna langsiktige løysingar på alle andre avvik som er avdekte dei siste vekene, seier Bjørneboe .

– Hardt og målretta

Bjørneboe synest dei siste vekene har vore krevjande for Universitetet i Oslo:
– Me har jobba hardt og målretta for å løysa denne situasjonen. I dag kan Psykologisk institutt vera stolt over å ha kome gjennom nokre svært krevjande veker. Denne utfordringa er løyst i fellesskap,seier Bjørneboe.

Les også: UiO stenger klinikken ved Psykologisk institutt

– Glad og letta

Også klinikkleiar og psykologiprofessor Siri Erika Gullestad synest det er bra at klinikkdrifta på Psykologisk institutt kan starta opp igjen frå måndag.

– Ja, eg er både svært glad og letta. Eg har sete i gruppa som har jobba dag og natt for å «lukka avvik». Det me har gjort er å utbetra mangelfulle rutinar, slik at me no stiller med eit meir profesjonelt styringssystem, seier Gullestad til Uniforum. Og då tenkjer ho også både på studentane og pasientane. – Eg er glad for at pasientane kan koma tilbake, og at studentane ikkje taper studieprogresjon på stenginga av klinikken.

– Har det vore ein unntakstilstand på Psykologisk institutt dei siste tre vekene?

– Eg har sete i arbeidsgruppa som har gjort ein svær innsats for å retta opp manglane. Og då har me jobba både seint og tidleg. No har me endeleg kome i mål. Det har vore nyttig for oss å få plass nye rutinar.

– Er du framleis overtydd om at det ikkje var naudsynt å stengja klinikken?

– Ja, det har eg meint heile tida. Men den diskusjonen har me lagt bak oss no. Me er stolte over at me har eit godt utdanningstilbod og eit godt tilbod til pasientane våre. Det står framleis fast. Me har fått hjelp frå Internrevisjonen ved UiO til å få innført eit internkontrollsystem som gjer det lettare å driva i samsvar med lover og retningslinjer, seier Siri Erika Gullestad til Uniforum.

• Les også: - Dramatisk å stengja klinikken

I morgon, onsdag 1. november kl. 09.00 blir det allmøte for både studentar og tilsette på Psykologisk institutt. Det skal skje i auditorium 4 i Harald Schjelderups hus.