UiO verdas 62. beste universitet

Shanghai-rankinga plasserer Universitetet i Oslo som nummer 62 av dei beste universiteta i verda. NTNU er mellom dei 101 og 150 beste.

Det svinger for UiO. Svein Stølen er rektor ved det 19. beste universitetet i Europa. Her ved Focaults pendel.
Publisert Sist oppdatert

Universitetet i Oslo tangerer med 62.-plassen fjorårsresultatet på Shanghai-rangeringa, som offisielt ber namnet Academic Ranking of World Universities, skriv Uniforum.

Fjerdeplass i Norden

Det gir UiO ein nittandeplass i Europa. I Norden kjem universitetet på fjerdeplass bak Københavns Universitet, Karolinska Institutet og Universitetet i Helsinki. Københavns Universitet tar til og med ein imponerande 29.-plass i verda.

Glad UiO-rektor

UiO-rektor Svein Stølen er godt nøgd med både UiOs resultat på denne rangeringa og på tidlegare rangeringar: - Alle rangeringane og fagevalueringane er konsistente. Me held eit høgt internasjonalt nivå,og det er me svært glade for. Denne rangeringa stadfestar dette biletet og er svært hyggeleg, kommenterer han både i Uniforum og i Rektorbloggen. Stølen viser at andre gode nyhende byggjer opp under dette. - Det er ikkje tilfeldig at me nyleg fekk 6 ERC starting grants. Det var berre nok ei stadfesting, slår han fast.

Rektor Ole Petter Ottersen ved Karolinska Institutet kan notera seg at denne gongen endar Institutet på plass nummer 44 i verda. Det er også første gongen at Karolinska er vurdert i denne rangeringa etter at han begynte som rektor der i fjor sommar. 

NTNU og UIB langt bak

Noregs største universitet NTNU kjem på ein plass mellom nummer 101 og 150. Universitetet i Bergen ligg mellom nummer 201 og 300. Ingen andre norske universitet er med på lista over verdas 500 beste universitet. 

I denne rangeringa blir universiteta mellom anna vurderte etter kor mange vitskaplege artiklar forskarane deira har hatt i publikasjonar som Nature, Science og andre vitskaplege tidsskrift med godt ord på seg. Også kor mange nobelprisar og Fieldsmedaljar i matematikk institusjonen sine forskarar eller tidlegare studentar har fått, tel med i denne rangeringa. Også kor mykje kvar forskar på ein institusjon i gjennomsnitt yter av ulike former for forsking, er rekna med i vurderinga.