Mobile forskarar blir oftare sitert

Forskarar som kryssar landegrenser, blir sitert 40 prosent meir enn forskarar som held seg heime, viser ny oversikt.

Publisert Sist oppdatert

Det gjeld uavhengig av kvar dei er og kvar dei kom frå, skriv forskarane bak studien, ifølge Forskerforum. Forskarane har analysert 14 millionar artiklar skrivne av 16 millionar forskarar mellom 2008 og 2015, og presenterte nyleg resultata sine i Nature.

Cassidy R. Sugimoto og kollegaene har teke utgangspunkt i kva som er forskarane sitt «vitskaplege heimland» – landet dei budde i då dei publiserte sin første artikkel. Så har dei undersøkt om forfattarane er tilknytt institusjonar i andre land ved seinare publikasjonar. Sugimoto og kollegaene fann at meir enn 70 prosent av dei mobile forskarane i studien deira, ikkje kutta banda til det vitskaplege heimlandet sitt, men skaffa seg stadig fleire tilknytingspunkt i fleire land utan å gje slepp på dei gamle. Mange reiste etter kvart tilbake til heimlandet.

Europa har eit netto «forskartap» på 22 prosent, Asia på 20 prosent. Dei fleste av desse mobile forskarane endar i Nord-Amerika, som har ein netto «forskarvinst» på 50 prosent. Men forskarane meiner det er feil å sjå på tala som ein konkurranse mellom kven som vinn eller tapar forskarar – «brain drain» eller «brain gain». Dei meiner det er meir fruktbart å snakke om ein «hjernesirkulasjon», nettopp fordi forskarane dannar nettverk i staden for å bryte gamle tilknytingar.