Ytring

Posthylla som vart tom

«Digital omstilling» gjev ikke automatisk ein meir effektiv arbeidsdag. Det veit professor Lars Magne Lundheim alt om når han tuslar bort til Kirsti på Instituttkontoret for å få hjelp til å laste ned dei årlege masterrapportane i Inspera. 

- Det er utruleg kor mykje du gløymer på tolv månader. Difor er eg like forvirra kvar gong eg loggar meg inn. Korleis var det no igjen?, skriv professor Lars Lundheim i ytringa.
Publisert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

På lunsjrommet vårt, vis-à-vis kaffimaskina, er det ei posthylle med namnet mitt på. Den er tom. Alltid. Bortsett frå når det årlege julekortet kjem frå ei bedrift i Japan eg ein gong besøkte. 

For nokre år sidan fekk eg post dagleg. Mykje var reklame og gjekk i søpla, resten tok eg med til kontoret. Kvart år i juni dukka det opp ein eller fleire master-rapportar som skulle sensurerast. Saman med rapporten fylgde eit sensurskjema. Rapporten og skjemaet tok eg med, og kunne nytta ledige stunder, kanskje til og med i ferien, til å setja meg inn i kva ein ung student hadde funne ut i løpet av prosjektet sitt.

Etter å ha diskutert litt med ein med-sensor, skreiv eg inn den endelege karakteren i sensurskjemaet og putta det i ei utgåande posthylle. Etter det høyrde eg aldri noko meir. Sjølve sensurarbeidet tok fleire timar, men tida det hadde teke å ta rapporten ut av posthylla, setja inn den endelege karakteren og leggja han i posthylla, tok toppen ti sekund.

Det er framleis slik at eg skal sensurera masterrapportar når sommarferien nærmar seg, men det kjem ingen ting i posthylla. Derimot får eg ein epost om at det ligg masteroppgåver til sensur i Inspera, eitt av dei mange digitale alternativa til papir og posthylle som er komne dei siste åra.

Dette skjer altso ein gong per år, og det er utruleg kor mykje du gløymer på tolv månader. Difor er eg like forvirra kvar gong eg loggar meg inn. Korleis var det no igjen? Blant ei mengd opplysingar og alternativ som eg ikkje skjønar noko av, finn eg ein liten knapp merka «Vurdering». Sopass hugsar eg stort sett kvar gong, og eg trykkjer på den. 

Å koma vidare er verre. Av og til finn eg fram til dei aktuelle kandidatane, av og til ikkje. Når eg eventuelt kjem fram til namna til dei eg skal sensurera, er det ei ny utfordring å pønska ut korleis eg skal få fatt i sjølve rapporten. Det endar med at eg må gå til Kirsti på instituttkontoret og få hjelp. Det er litt flaut, so eg prøver alltid på eiga hand fyrst. Kanskje fem minutt, kanskje ti. Deretter er det å gå til Kirsti, som viser meg korleis eg skal lasta ned rapportane.

So kan det eigentlege sensurarbeidet starta. Det er korkje enklare eller lettare enn før, sidan eg no kan gjera jobben på ein måte eg er fortruleg med. Sjølve sensurmøtet er òg ei grei sak. Men kvar er sensurskjemaet? Nei, det har me slutta med. For å kunne registrera karakteren, det som tok eit par sekund tidlegare, må eg atter inn i Inspera. So startar levenet på nytt. At eg skal trykka på «vurdering» hugsar eg no òg, men etter fem til ti minutt er det å gå attende til Kirsti på instiuttkontoret og få vaksenopplæring. «Slik var det ja, det skal eg prøva hugsa til neste år ...». 

Lukkelg og glad finn eg dei rette knappane, registrere karakteren og ferdig med det.

Men nei. Etter nokre dagar kjem det ei ny påminning frå Inspera. Sensuren er ikkje registrert. Det viser seg, etter ein del undersøking, at det var endå eit par knappar som skulle trykkast på før alt var levert, godkjent, kontrollert, og godkjent på nytt.

Sjølve sensuren er oppdraget eg har teke på meg, og det tek nokre timar. Men kor lang tid eg brukar på berre det å få høve til å utføra sensuren og rapportera resultatet, kan lesaren sjølv estimera frå utgreiinga ovanfor.

Eg brukar av og til å seia at skiljet gjeng ikkje mellom lette og vanskelege oppgåver, men mellom slike du gjer ofte og slike du gjer sjeldan. Dersom eg skulle ha utført sensur dagleg, gjennom heile året, ville eg heilt sikkert ha fått Inspera i fingrane, og tidsbruken ville ha vore redusert frå titals minutt til nokre få sekund. Men sidan det er eit år frå juni til juni, er det like vanskeleg kvar gong. Og kva med eksterne sensorar som får endå færre høve til å halda dugleiken ved like?

Eg hadde ikkje tenkt å skriva noko offentleg om dette, men sidan to av våre styremedlemer, Ingrid Bouwer Utne og Kjersti Møller nyleg har sett temaet digitalisering på dagsorden, finn eg det høveleg å koma med ei ytring frå «professoren på golvet». Målet mitt er ikkje fyrst og fremst å kritisera eitt bestemt verkty, men heller å visa endå eit perspektiv på at «digital omstilling» ikkje automatisk gjev ein meir effektiv arbeidsdag.

Me er fysiske skapningar i eit fysisk univers. Den fysiske posthylla med dei fysiske tidsskrifta, rapportane og sensurskjemaa var ikkje spesielt moderne eller innovativ, men ho fungerte. No er ho tom.

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på