Oppsiktsvekkjande av prorektor Melby

Eg er heilt einig med professor Olav Bolland i at NTNU treng å diskutere fordelar og ulemper ved ein fusjon med ein eller fleire høgskular grundigare før vi kan ta stilling.

Nylig deltok en rekke høgskoler på speed-dating med NTNU. Innsender peker på det han mener er tvilsomme stordriftsfordeler.
Publisert Sist oppdatert

Spesielt bør fusjonstilhengarane vere langt meir konkrete når dei argumenterer for at ein fusjon er ein fordel både for forskning og undervisning.

Eg synest det er oppsiktsvekkjande at Kari Melby (prorektor forskning) tilsynelatande ikkje ser eit einaste problem ved ein fusjon. Styret har vedteke at NTNU skal samlast på ein campus.

Det er ikkje tvil om at det blir krevjande for organisasjonen og kjem til å ta mange år før alt er på plass.

Viss ein i tillegg skal fusjonere med ein eller fleire høgskular, vil det krevje ekstra ressursar i mange år for å integrere dei ulike miljøa i organisasjonen.

Stordriftsargument er i denne samanhengen svært tvilsomme -særleg viss NTNU fusjonerer med høgskular andre plassar i landet.

Det kan like godt bli stordriftsulemper.

Med mindre NTNU får statsgaranti for at organisasjonen får tilførd ekstra middel, fører dette rett og slett til feil fokus i mange år framover.

Når det gjeld forskning, er synergieffektar heller ikkje like opplagde.

Dette gjeld spesielt viss NTNU fusjonerer med andre høgskular enn HiST.

I campussaka var synergi og tverrfaglegheit heilt sentrale argument for å seie ja til ein samla campus. Nå er fleire campusar som er spreidde over heile landet plutseleg ikkje noko problem lenger.

Unekteleg eit paradoks.

Kari Melby argumenterer vidare med at

"Det må ligge som en forutsetning at NTNU ikke skal avgi forskningsressurser til innfusjonerte høgskoler og deres ansatte. Og jeg konstaterer at det ikke ligger noen forventninger fra høgskolene om det motsatte"

Det er mogleg at det er tilfellet nå, men på lengre sikt er nivellering meir sannsynleg. Det er vanskeleg å tenkje seg veldig ulik fordeling av forskningsressursar basert på fordelinga ved dei fusjonerte institusjonane.

Når det gjeld NTNU som merkevare og NTNUs plass på internasjonale rangeringar, er det opplagt at dette vil bli svekka ved ein fusjon.

Det finst utan tvil einskilde gode fagmiljø ved høgskulane, men dette er ikkje eit ta-sjøl bord for NTNU. Vi må ta heile pakka, det vil seie inkludere miljø der ein ikkje driv noko særleg med forskning.

Dette vil føre til at alle forskningsindikatorar går ned.

NTNU får omlag 20% av alle publikasjonspoeng i Noreg, HiST omlag 1%.

Talla talar for seg sjølve.

Heilt til slutt vil eg minne om at departementet har sagt at NTNU ikkje skal bli overkjørd i denne saka. Det er eg sjølsagt glad for - det skulle neste berre mangle fordi NTNU ikkje er ein del av problemet med små og tildels dårlege fagmiljø. Det er meir naturleg at t.d. Høgskolen i Molde, HiST og HiNT fusjonerer utan å blande inn NTNU. "Det er nå tidsvinduet står åpent" ifølgje innlegg av Ida Munkeby. Mogleg det, men med slikt hastverk er det stor risiko for å velje feil.