Eikeseth på ein fredag

Klima for skepsis

Kva er det med naturvitskap som gjer at realistar er så skeptiske til klimakonsensus?

Ei varmare klode? - Skeptisk, seier mange naturvitarar. Kvifor er det slik, spør Unni Eikeseth, og gir sjølv til beste eit svar.
Publisert Sist oppdatert

Mens verdas er einig om ei klimaavtale, er mange naturvitarar enno skeptiske til menneskeskapte klimaendringar.

Førre helg kom det på plass ein historisk klimaavtale. 195 land har skrive under ambisiøst mål om å stogge den globale oppvarminga av kloden på ein stad mellom 1,5 og 2 grader. Rett nok er det mange som er skeptisk til at at dette vil løyse noko, då avtalen manglar detaljar for korleis ein skal nå målet, men la gå.

Paris-avtalen viser at verda aksepterer at klimatrusselen er reell. I lys av dette er det interessant å filosofere litt over kvifor klimaskepsisen enno lever i beste velgåande blant høgt utdanna akademikarar på universitet og høgskular. Og det kan sjå ut som at naturvitarar utgjer ein stor del av skeptikarane, noko som vart illustrert godt i ein artikkel i hos NRK Viten nylig.

Den naturvitskaplege skepsisen er ein god grunnhaldning, men ikkje dersom det hindrar oss i å ta inn fakta. Er det noko ved utdanninga vår som gjer oss naturvitarane meir skeptiske til eta­­blerte sanningar og teoriar, eller til å blande politikk og vitskap? ­

Eg treng ikkje gå lenger enn til meg sjølv for å finne eit døme. Eg var lenge skeptisk til konseptet menneskeskapte klimaendringar. Og det sjølv om eg er utdanna kjemikar og hadde lært om mekanismane for korleis drivhusgassar tar opp langbølgja varmestråling. Kollegaene mine i Newton-redaksjonen i NRK var nok litt frustrerte over at eg ville ha inn atterhald dersom eg skulle seie noko om klimagassutslepp på TV. Skepsisen min den gongen gjekk nok først og fremst på at eg ikkje trudde menneskeskapte klimagassutslepp var store nok til å kunne påverke eit så enormt system som jorda. Skeptiske stemmer i media var også med på å påverke meg. I ettertid er eg litt flau over at det tok så lang tid før eg sette meg ordentleg inn i temaet, men eg har erfart at eg langt ifrå er åleine, og at mange brukar mykje lenger tid.

Kan det til dømes vere at vitskapsteoriane til Popper og Kuhn har hatt for stor gjennomslagskraft i naturvitskap? Eg har merka meg at klimaskeptikarar ofte støttar seg til vitskapsteori når dei kritiserer dagens klimakonsensus. «Det hjelper ikkje om 97% av alle forskingsartiklar stadfester at menneskeskapte klimaendringar er eit faktum, for eit enkelt funn kan vere nok til å velte etablert teori», er eit argument som går igjen. Argumentet er jo gyldig, for ifølge Poppers vitskapsfilosofi kan ein naturvitskapleg teori aldri bli bevist, berre bli falsifisert. Og då held det for så vidt med eit motbevis. Vi naturvitarar veit også at store og tunge teoriar har velta før, og at vitskapen har gått gjennom mange Kuhnske paradigmeskifte.

Dessutan elskar vi jo alle historiene om den eine, modige forskaren som står opp mot etablerte teoriar; Ignaz Semmelweis som påpeikte at legar burde vaske seg på hendene etter å ha obdusert lik, fordi dei elles overførte smittestoff frå lika til barselkvinner. Nikolaus Kopernikus som stod opp mot kyrkja og sa at jorda ikkje var senteret i solsystemet, eller Alfred Wegener som forsøkte å overtyde verdas geologar om at kontinenta kunne drive omkring på jordoverflata. Alle desse viste seg jo å ha rett.

Teoretisk sett kan også ein dansk solforskar ha rett i at det er skydanning på grunn av auka kosmisk stråling som varmar verda, og ikkje auka drivhuseffekt frå 550 gigatonn karbon som menneske har pøst ut i atmosfæren i løpet av cirka 150 år. Det meiner i alle fall fleire kjente norske realistar, som til dømes solfysikaren Pål Brekke.

Klimapanelet har sjølvsagt undersøkt både denne og andre alternative teoriar, og det viser seg alltid at andre forskarar ikkje finn det same.

Men skeptikarane er også svært kritiske til FNs klimapanel, og til sjølve ideen om at ei samling menneske skal bestemme kva for studiar som skal telje og kva for nokre som ikkje skal gjere det. Likevel er ein slik framgangsmåte normen i mellom anna medisinsk forsking. Her er det ei kjent sak at ein enkeltstudie ikkje beviser noko som helst. Først når ein har gjort metastudiar av mange studiar, og har eit stort nok materiale kan ein avgjere kva som verkar og kva som ikkje gjer det. Derfor lit legar i staden på store studiar av den samla forskinga på eit område, når dei skal avgjere kva for behandling som fungerer best. Det skal vi som pasientar vere svært glade for.

Derfor bør vi også vere skeptiske til å overlate diagnostisering og medisinering av jorda til enkeltstudiar.