Ranking-slakt

– Rangeringane er ikkje særleg brukande verken til å styra institusjonane eller dei nasjonale prioriteringane.

Publisert Sist oppdatert


Det seier statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet til Uniforum etter at norske forskarar har dissekert både Shanghai- og Times Higher Education-målinga.



Dei internasjonale målingane Shanghai-rangeringa(ARWU) og Times Higher Education kan ikkje brukast som grunnlag for informasjon og tilbakemelding verken innanfor utdanning eller forsking, dersom målet er at norske universitet og høgskular skal bli betre.

Det slår Nifu-forskarane Frederik Piro, Gunnar Sivertsen, Elisabeth Hovdhaugen, Mari Elken, Mats Benner og Bjørn Stensaker fast i forskingsrapporten «Nordiske universiteter og internasjonale universitetsrangeringer». Rapporten er laga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

Lite tilgjengelege og lite gjennomsynlege

Funna i rapporten viser også at rangeringane i stor grad er baserte på datagrunnlag som er lite tilgjengeleg og metodar som ikkje er gjennomsynlege. Dei seier heller ingenting om utdanning, kjem det fram i rapporten. Dei norske universiteta sin låge plassering er eit resultat av låg publisering per tilsett, låg siteringsrate, få enkeltforskarar som publiserer i dei fremste tidsskriftene, og få publikasjonar som når opp mellom dei ti prosent mest siterte artiklane i verda. Det einaste som universiteta kan gjera noko med er å påverka den enkelte forskaren sin produktivitet.

Forskaren Fredrik Piro viste til korleis ein enkelt Nobelpris i 1943 held Stockholms universitet høgt oppe på målingane i dag.

– Det interessante er at dette var ein jødisk forskar som hadde flykta til Sverige frå Freiburg i Tyskland. Men det var Stockholms universitet som fekk registrert han som sin Nobelprisvinnar, fortalde han.

Regjeringane kan påverka

Det er faktisk mogleg for regjeringane å påverka plasseringane til institusjonane. Etter forskarane si meining kan det gjerast gjennom den nasjonale forskings- og utdanningspolitikken, mellom anna gjennom å gi meir pengar til forsking, laga større institusjonar, oppfordra til meir internasjonalt samarbeid og sampublisering og ved å satsa på framifrå forskarar i staden for berre på senter for framifrå forsking.

– Me vil likevel rå frå å lata plasseringa på internasjonale rangeringar bestemma korleis desse forskingspolitiske verkemidla skal sjå ut. Heller vil me rå til at desse blir retta inn mot klart definerte mål for korleis kvaliteten på forsking og utdanning kan betrast, sa Fredrik Piro.

Gav oppskrifta

Han gav også oppskrifta på korleis norske institusjonar kan klatra høgare opp på desse rangeringane.

– Då må alle norske universitet slå seg saman til Universitetet i Noreg/University of Norway, og så vil dei tre Nobelprisane til Universitetet i Oslo bli inkluderte. Då ville dette nasjonale universitetet ha klart å koma på 25. plass på Shanghai-rangeringa, smilte han. Både Shanghai-rangeringa si vektlegging på Nobelprisar og Fields-medaljen og Times Higher Educations vektlegging på omdømme, gir eit heilt feil bilete av kvaliteten til eit universitet. Det er Fredrik Piro overtydd om.

– Fekk ikkje utlevert data

– Times Higher Education nekta å gi oss data frå omdømeundersøkinga deira. Og dei ville heller ikkje visa oss metodane dei har brukt, sa Fredrik Piro.

– Det kan vera så enkelt at ein forskar frå Peru blir beden om å lesa opp namnet på dei universiteta han meiner er dei 15 beste i verda. Då er det stor sjanse for at det blir Harvard, Berkeley eller Massachusetts Institute of Technology (MiT). Det kan berre skilja 10-20 stemmer mellom eit universitet som er rangert som nummer 140 og eit universitet rangert som nummer 290 på omdømmeundersøkinga. Om desse tala hadde blitt offentleggjort , ville truleg tiltrua til Times Higher Education blitt undergrave fordi nettopp omdømmeundersøkinga er styrande for over ein tredel av det endelege resultatet i Times Higher Education, slo Piro fast.

Rangerer meir forsking enn universitet

Den fellande dommen for desse to universitetsrangeringane er at dei heller er forskingsrangeringar enn universitetsrangeringar. Dei seier nemleg lite om undervisning. Det er den opplagt største veikskapen ved rangeringane, konstaterer Nifu-forskarane.

Shanghai-rangeringa legg vekt på artiklar i vitskaplege tidsskrift som Nature og Science og i Web of Science som mål på forsking. Forskarane konkluderer med at det same er tilfellet med Times Higher Education. 60 prosent av rangeringa er knytt saman med forskingsindikatorar, medan 7,5 prosent seier noko om det internasjonale mangfaldet og 2,5 prosent seier noko om i kor stor grad universiteta skaffar seg inntekter frå næringslivet. Utdanningsindikatoren tel 30 prosent, men halvparten er basert på resultat i omdømmeundersøkinga.

Norske universitet mindre sitert

Forskarane peikar også på at det finst ingen mål på ting som har å gjera med kvaliteten på undervisninga. Rapporten viser til at analysane til forskarane kan visa tre viktige faktorar som viser skilnader mellom norske og andre nordiske universitet.

  • Norske universitet blir generelt lågare sitert enn andre nordiske universitet
  • Norske universitet klekkjer ut færre forskarar som har så høg gjennomslagskraft at dei har evne til å publisera i Nature og Science, til å få dei publiserte artiklane sine så mykje siterte at dei høyrer til dei ti mest siterte i verda eller til å få så mange siteringar at tilsette kjem med på Thomson Reuters liste over verdas mest siterte forskarar.
  • Norske universitet har færre publikasjonar per tilsett, det vil seia at dei produserer mindre forsking enn dei andre nordiske universiteta.


Sunn skepsis

– Dette viser at institusjonsleiarane som har vore skeptiske til desse målingane, har vore svært fornuftige, sa statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet i ein kommentar til funna i rapporten.

Han trur likevel ikkje universitetsrangeringane ville forsvinna, sjølv om dei til dei grader blir dissekerte av NIFU-forskarane.

– Dei er nok komne for å bli, men me kan bidra til at dei blir betre gjennom kontakt med dei som står bak dei. Me skal heller ikkje lata rangeringane påverka politikken vår. Men om nokre av institusjonane våre blir verdsleiande og av den grunn går opp på rangeringane, vil det sjølvsagt vera ein positiv konsekvens, tykte han.

Leiaren for Universitets- og høgskulerådet, Ole Petter Ottersen, meinte at funna i denne rapporten var ein del av dødsstøyten til universitetsrangeringane, spesielt Shanghai-målinga.

– Det er den mest ekstreme forma for tabloidisering ein kan tenkja seg. Rangeringane er heilt lineære, og måler berre ein einaste ting av alt det som universiteta driv på med. Eg skal gjerne vera med på å skriva nekrologane over desse rangeringane. Tre gonger i året må våre tilsette lida seg gjennom den diagnosen som desse målingane stiller for universiteta våre, trekte han fram .

Roste U-Multirank

Etter hans meining var den einaste målinga det vil vera mogleg å stola på i framtida U-Multirank.

– Der blir universiteta invitert til å vera med. Dessutan blir det sett på forskjellige oppgåver, som oppdragsforsking, grunnforsking og utdanning. Difor må U-Multirank ynskjast velkomen, sa Ole Petter Ottersen.

Då Uniforum ville vita om rangeringa Webometrics, som baserer seg på kor synlege universiteta er på nettet, er betre enn Shanghai-rangeringa og Times Higher Education, fekk me eit klart svar frå forskar Gunnar Sivertsen.

– Den er så lett å manipulera, at den må sjåast på som den aller minst pålitelege målinga.

Best i Norden. Karolinska Institutet i Sverige gjer det som regel best av dei nordiske universiteta på dei internasjonale rangeringane. Norske forskarar meiner rangeringane måler svært lite av kor godt eit universitet er.