Krigen i Ukraina fører til fleire åtak på forskarar og studenter

Det var 391 åtak på høgare utdanningsinstitusjonar i 65 land mellom 1. september 2021 og 31. august 2022, melder Scholars at Risk.

I Russland har både forskarar, andre universitetstilsette og studentar som var imot krigen opplevd forfylging og flykta frå forfylging, fortel rapporten frå SAR.
Publisert

Tala kjem fram i Free to Think 2022, den årlege rapporten til Scholars at Risk. Tysdag ettermiddag var det Noregslansering av rapporten på Universitetet i Tromsø. Ingen verdsdel går fri frå kritikk, og både i land med diktatur og i land med demokrati har det vore åtak retta mot akademikarar, studentar og universitet og høgskular mellom 1. september 2021 og 31. august i år, skriv Uniforum.

Krigen fører ukrainske og russiske forskarar på flukt

Denne gongen blir spesielt Russlands invasjon av Ukraina trekt fram og det blir vist til kva konsekvensar det har fått for akademikarar, studentar og dei akademiske institusjonane i dei to landa. I den siste rapporten frå Scholars at Risk er denne konflikten den Scholars at Risk er mest uroleg for. Den direkte fylgjen av invasjonen blei at både akademikarar og studentar måtte flykta både internt i landet og til utlandet for å finna ei sikker hamn. Samtidig har flyåtak og bombing gjort svært stor skade på infrastrukturen for både forsking og høgare utdanning i Ukraina, går det fram av rapporten.

I Russland har både forskarar, andre universitetstilsette og studentar som var imot krigen opplevd forfylging og flykta frå forfylging, medan dei også i større og større grad opplevde akademisk isolasjon påført dei av krefter innanfor og utanfor landet.

Høgare utdanning er reversert i Afghanistan

Eit land som no er i ferd med å gå i gløymeboka både i pressa og blant folk flest, Afghanistan, blir i rapporten trekt fram som eit døme på eit land der den akademiske fridomen er i ferd med å fordufta. Talibans overtaking av makta i landa har reversert to tiår med framgang for høgare utdanning, i første rekkje fordi det nye regimet tok ifrå kvinnelege studentar og universitetslærarar retten deira til utdanning og akademisk fridom. I tillegg sette Taliban i verk vilkårlege oppseiingar av akademisk og administrativt personell, også på grunnlag av etnisk bakgrunn. Talibans politistyrkjer arresterte dessutan universitetslærarar som var kritiske til det nye regimet som overtok kontrollen i hele Afghanistan frå august 2021.

Åtak på akademia i Etiopia og Nigeria

I Afrika blir Etiopia peika på eit land der det har vore fysiske åtak på akademiske institusjonar. I første rekkje er det på grunn av konflikten mellom Etiopias sentralregjering i Addis Abeba og styresmaktene i Tigray-regionen. I den regionen tok opprørsstyrkar over kontrollen og plyndra Wollo University, noko som førte til stor øydeleggingar på eit av toppuniversiteta i Etiopia. Øydeleggingane blei ikkje mindre etter at regjeringsstyrkane sette i gang målretta droneåtak mot soldatane frå opprørsrørsla TPLF som okkuperte Tigray-regionen.

I Afrikas folkerikaste land, Nigeria har medlemar av den radikale islamistiske gruppa Boko Haram stått bak målretta åtak på Institutt for krig og fred på den nigerianske hæren sitt universitet. To tilsette blei drepne, medan bilar og kontor på universitetsområdet blei sette fyr på.

Dødelege åtak i Pakistan og trugsmål i USA

I Asia har Pakistan også gått gjennom dødelege åtak på akademiske institusjonar. Der blei tre kinesiske forskarar ved Konfucius-instituttet på University of Karachi og den pakistanske sjåføren deira drepne i ein sjølvmordsaksjon. I Myanmar held styresmaktene universiteta i eit jerngrep etter militærkuppet mot det sivile styret i 2021. Dei militære held fram med å okkupera universiteta og arresterer og rettsforfylgjer både studentar og universitetslærarar som er imot kuppet.

Heller ikkje USA gjekk fri for trugsmål mot akademisk fridom. I første rekkje har det råka universitet der hovuddelen av studentane er afroamerikanarar. Scholars at Risk-rapporten listar opp korleis desse tradisjonelle afroamerikanske universiteta fekk bombetrugsmål i store delar av året 2022. Det første til trauma, redsel og stress blant både studentar og universitetstilsette, skriv Scholars at Risk i Free to Think-rapporten frå 2022.

Åtak mot studentar på Sri Lanka og i Tyrkia

På Sri Lanka har politiet brukt tåregass og vasskanonar mot studentar som demonstrerte mot president Gotabaya Rajapaksa. I Indonesia sette eit universitet i gang ei kriminalsak mot studentjournalistar og prøvde å stengja studentavisa etter at dei hadde publisert eit spesialnummer med påstandar om seksuell trakassering på universitetsområdet.

I Tyrkia har studentar opplevd undertrykking frå politiet etter å ha demonstrert for lågare leige for studentbustader, for akademisk fridom og for rettane til dei som identifiserer seg innanfor LQBTQ+samfunnet.

Israelske soldatar og studentar i Bangladesh stod bak valdelege aksjonar

På den palestinske vestbreidda, har israelske soldatar gjennomført valdelege aksjonar på universitetsområdet til Bir Zeit University.

I Bangladesh har studentar som tilhøyrer regjeringpartiet gått til åtak på medstudentar som uttrykte kritikk mot regjeringa.

I den arabiske verda får Kuwait kritikk for å ha skulda ein forskar for å fara med «falske nyhende» fordi han hadde åtvara mot mogleg hacking frå dataservarar som var knytte til Civil Service Commission i Egypt, eit land med nært samband til Kuwait.

I Sør-Korea ransaka politiet huset til ein forskar som var spesialist på Juche-ideologien i Nord-Korea.

Iran og Polen får kritikk for åtak på akademisk fridom

Og lenge før dei store demonstrasjonane tok til i Iran i september, blei sosiologen Saeed Madani arrestert skulda for å ha mistenkeleg utanlandsk samband. Han forska på fattigdom, narkotikamisbruk, sex-arbeid og misbruk av barn.

Innanfor EU er det Polen som får mest ris. Der blir det vist til Michat Bilewicz som forska på folkemord. President Andrzej Duda nekta å godkjenna forslaget om å gi han eit full professorat, truleg på grunn av at han forska på antisemittisme og det polske folket si rolle under Holocaust.

Utvist etter Covid-19-protest

I Kina blei masterstudenten Sun Jian utvist frå Ludong University etter at han hadde protestert mot universitetet sin Covid-19-politikk og nedstenginga av universitetsområdet.

Kina får også kritikk for at offentlege tilsette forsøkte å kansellera ein nettkonferanse som kinesiske universitetslærarar skulle ha med Organisasjonen for Asia-studiar under møtet i Hawaii fordi det er ein delstat i USA. Heller ikkje verdas største demokrati slepp unna kritikk. Det avlyste administrasjonen ved Jawaharlal Nehru University ein nettkonferanse med tittelen “Gender resistance and fresh challenges in post-2019 Kashmir." Det meinte rektor var både eit fornærmande og provoserande tema.

I Latin-Amerika er det i Nicaragua det blir rapportert om dei mest alvorlege åtaka på akademia og akademiske institusjonar. Der stemte Nasjonalforsamlinga for å fråta seks private universitet lisensen sin, hovudsakleg av politiske årsaker og Det nasjonale universitetsrådet, som tidlegare har spela ei meir beskjeden rolle, fekk ansvaret for pensum, tilsetjing og utnemning av leiarar på universiteta, står det i rapporten Free to Think 2022. Også i Algerie, Kenya, Thailand og i Hongkong har det vore fleire tilfella av åtak på akademisk fridom.

Rapporten frå Scholars at Risk peikar på at sidan 2011 har respekten for akademisk fridom gått tilbake i 19 ulike land.

Les heile rapporten Free to Think 2022