Korleis er det mogleg å føre folk bak lyset på denne måten?

Nesna: Folk klamra seg til fusjonsavtalen og trudde at eit ord var eit ord. Dei tok feil, skriv Arna Meisfjord.

Ein fullverdig campus, med studentbustader, studentsamfunn, kantine, treningssenter, svømmehall, idrettshall, black-boks, musikkstudio, bibliotek og moderne undervisningslokalar kan bli ståande tomme, om rektor ved Nord universitet får det som ho vil. Kven vil ta ansvar for ei slik samfunnsmessig sløsing? spør Arna Meisfjord, tidlegare rektor ved Høgskolen i Nesna.
Publisert Sist oppdatert

«Jeg føler meg lurt, og jeg synes det er skikkelig dårlig gjort», seier Ingelin Noresjø som kommentar til at rektor ved Nord universitet foreslår for styret at all aktivitet ved tidlegare Høgskolen i Nesna skal leggast ned. Noresjø er 2. nestleiar i KrF og leiar i Nordland KrF. Ho seier vidare til Helgelands Blad: «Også jeg trodde på intensjonsavtalen da fusjonen ble vedtatt, og jeg føler det som et svik hvis man nå bryter den. Jeg er så skuffa over at de som advarte mot fusjonen fikk rett, og det var mange som gjorde det.»

Utdanna lærarar i 100 år

Det har vore lærarutdanning på Nesna sidan 1918. Nordland fylkesting hadde så tidleg som i 1916 gjort vedtak om at det måtte gjerast ein innsats for å etablere ei lærarutdanning i Nordland. På nesten mirakuløst vis klarte presten Ivar Hjellvik å etablere den første høgare utdanningsinstitusjonen i Nordland og dei 50 første elevane (det heitte ikkje studentar den gongen) møtte til studiestart hausten 1918.

Det er interessant å merke seg at halvparten av desse var kvinner, berre fem år etter at kvinner i Noreg har fått stemmerett.

Ivar Hjellvik reiste frå Nesna i 1928. Då var lærarutdanninga godt etablert. Staten hadde teke over drifta som starta som ein privat institusjon og nye, flotte lokale stor ferdige i 1921 og plasserte Nesna mellom dei mest moderne institusjonane i landet. Som eit Soria Moria tok den staselege hovudbygningen imot ungdom frå Helgeland og resten av landet til samfunnsoppdraget som lærar.

Årevis med nedsnakking

Men første forslaget om nedlegging av Nesna kom alt i 1926. Seinare har det gått slag i slag, kan ein trygt seie. I forkant av den store universitets- og høgskolereforma i 1994, var det forslag om å slå saman Nesna, Narvik og Bodø til Høgskolen i Nordland. Ein sterk fagleg og politisk kamp førte til at dei tre institusjonane fekk halde fram som sjølvstendige. Påstandane om at Nesna ikkje kunne greie seg som sjølvstendig høgskole vart gjort grundig til skamme. I 2003 gjorde Stortinget vedtak om nybygg som stod ferdig i 2006.

Men kampen var ikkje over. Vi fekk Stjernøutvalet i 2008, Nordlandsutgreiinga i 2010 og i 2016 var fusjonen mellom institusjonane i Bodø, Nesna og Nord-Trøndelag ein realitet. Som Noresjø seier, så var det mange som åtvara mot fusjonen, men fusjonsavtalen sa at dei ulike studiestadane skulle vidareførast og vidareutviklast. Slik vart motstanden slått ned.

Etter årevis med nedsnakking av Nesna, forteljingar om at berre stort er godt og systematisk usynleggjering av den store og viktige innsatsen som Nesna har gjort som kulturinstitusjon og for utdanning av lærarar og sjukepleiarar for kommunar i distrikta, klamra folk seg til fusjonsavtalen og trudde at eit ord var eit ord. Dei tok feil. Å bli lurt er grovt krenkande. Det vil skape sinne og opprør.

Men kven har ansvar for lureriet? Statsråd Iselin Nybø har sendt brev til styret i Nord universitet med beskjed om at dei må ta omsyn til universitetet sin regionale rolle. Dei må greie å ha to tankar i hovudet, seier ho. Men rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen, seier i Helgelands Blad (3. mai): «Nord universitet kan berre ta ansvar for det vi har ansvar for». Hennar svar er sentralisering for å få større fagmiljø i Bodø. Nesna har ingen plass i denne planen, sjølv om regionen skrik etter lærarar og sjukepleiarar. At fusjonen lova å gjere Nesna sterkare og «robust» gjennom å bli del av eit større miljø, er sett strek over. Fagpersonalet og studentane på Nesna skal flyttast til Bodø. Korleis er det mogleg å føre folk bak lyset på denne måten?

Ein del av forklaringa er siste runden av samanslåingar av høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg. I Nord-Noreg er det ingen høgskolar igjen, bortsett frå Samisk høgskole.

Vrir seg unna ansvaret

Nord universitet er sterkt pressa av NOKUT på kvalitet på sine doktorprogram og dei definerer sitt samfunnsmandat til å levere på dette feltet. Kommunane sitt behov for lærarar og sjukepleiarar kjem lenger ned på lista. Tidlegare var det ei klårare arbeidsdeling mellom universiteta og høgskolane, der høgskolane hadde eit samfunnsansvar i sitt regionale nedslagsfelt. Med høgskolar spreidd rundt om i landet, var dette eit solid grep for å sikre utdanna lærarar og sjukepleiarar til distriktskommunane, og ikkje minst for å gje etter- og vidareutdanning.

Ved å legge ned høgskolane er den lokale og regionale forankringa svekka. Sentrale styresmakter, både i departementet og på Stortinget, vrir seg unna ansvaret gjennom å hevde at dei ikkje kan gripe inn i styret sin styringsrett. Men departementet instruerte og påla dei høgare utdanningsinstitusjonane å slå seg saman, og presset vart lagt særleg hardt mot dei minste institusjonane.

Dersom statsråd Iselin Nybø meiner at Namsos og Nesna skal vidareføre og vidareutvikle sin utdanningskompetanse, så kan ho sjølvsagt skrive det i brev til styret for Nord universitet. Nybø kan fortelje dei at utdanninga på Nesna har levert på kvalitet.

«Nesna er best på fleire tal», skriv nettavisa Khrono: «Det er ikkje berre på søkertall at Nesna kjem betre ut enn Bodø på lærerutdanningene. Det gjeld også tal for oppmøte, gjennomføring og studietilfredshet.» Til og med når det gjeld søkertala for lærarutdanningane i 2019, kjem Nesna betre ut enn Bodø.

Slik situasjonen er no, står ein over hundre år lang utdanningstradisjon på Nesna og Helgeland i fare. Ein fullverdig campus, med studentbustader, studentsamfunn, kantine, treningssenter, svømmehall, idrettshall, black-boks, musikkstudio, bibliotek og moderne undervisningslokalar kan bli ståande tomme, om rektor ved Nord universitet får det som ho vil. Kven vil ta ansvar for ei slik samfunnsmessig sløsing?

Eit opprør er på gang, på Helgeland og i Nordland. Lokalsamfunnet på Nesna og kommunane på Helgeland slår igjen ring om lærarutdanninga på Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen. Eit samrøystes Nordland fylkesting har gjort det same. Så får vi tru at desse stemmene blir så sterke og overtydande at både sentrale politikarar og styremedlemmene i Nord universitet skjønar at dei må ta sitt regionale ansvar.

Denne kronikken sto på trykk i Klassekampen 7. mai