gjesteskribenten

Vi studentar må sjølv ta ansvar for vårt eige halvdaude demokrati og tidvis dårlege ytringsklima

Studentane og deira demokrati har vorte nemnde her og der i debatten kring utpeiking av rektor. Her kjem nokre tankar det er skummelt å seie høgt om nettopp det.

- Studentrepresentantar, på lik line med alle andre i store og viktige roller, må faktisk tole kritikk frå alle retningar, heller enn å tru at ein kan sleppe slikt berre fordi ein er student, skriv gjesteskribenten denne veka.
Publisert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

Lat oss berre starte med å rive av plasteret. Her er lista mi over ting det er skummelt å seie høgt som student, og så får vi ta utbroderinga under.

1. Ein genuin takk til Tjora, for at du har lurt på om vi er karrierebevisste broilerar som sleiker leiinga opp i rauva.

2. Mange studentrepresentantar er opptekne av CV-bygging.

3. Vi studentar skapar sjølv eit dårleg ytringsklima oss imellom.

4. Det er noko i det når Tjora kallar studentdemokratiet halvdaudt.

Fakta

Cecilie B. Raustein

Raustein er ein av UAs seks gjesteskribentar.

    Utdanning: Bachelorgrad i matematiske fag, bachelorgrad i nordisk språk og litteratur. For tida på siste året av ei mastergrad i nordisk språk og litteratur.

    Tidlegare roller i UH-sektoren: Leiar av Studenttinget 2019, i tillegg til diverse verv i studentdemokratiet og som studentrepresentant i råd og utval på alle nivå ved NTNU samt fagstrategiske einingar i UHR.

    Faglege interesser: Nordisk språkhistorie, talemål, språkpolitikk, grammatikk og talteori.

    Er oppteken av: Lik rett til utdanning, studentar sine rettar, disiplinfaga, tverrfaglegheit, samspelet mellom utdanningsinstitusjon, studieby og studentfrivilligheit.

I likskap med sikkert mange andre studentar vert eg òg provosert når Aksel Tjora kjem med sine utspel om at studentane stemmer med leiinga og moglegvis berre er karrierebevisste broilerar som sleiker leiinga opp i rauva. Eg vil starte med å takke Tjora for slike utspel, for eg tykkjer det er heilt på sin plass å stille spørsmål kring studentrepresentantane sin lojalitet og deira prioriteringar og val i viktige spørsmål, på lik line med alle andre valde representantar. Vi studentar er vaksne folk og bør tole at enkelte kjem med kritikken godt innpakka i vatt, medan andre seier det som det er eller kanskje endå krassare. No veit ikkje eg kva kategori Tjora fell i, for eg er ingen tankelesar, men ytringane hans er heilt legitime og noko både andre tilsette ved NTNU og vi studentar kan lære av.

Ikkje minst må studentrepresentantar, på lik line med alle andre i store og viktige roller, faktisk tole kritikk frå alle retningar, heller enn å tru at ein kan sleppe slikt berre fordi ein er student. Resultatet kan fort vere at dei tilsette vert redde for å vere ærlege med oss, i frykt for å fornærme oss. Er det det vi vil?

Eg meiner absolutt ikkje at studentrepresentantar som hovudregel er meir opptekne av karriere enn av å ta gode val for NTNU. Mine observasjonar tilseier at det er ein god blanding, men at gode val for NTNU og på vegne av studentane kjem først. Som den naive idealisten eg er, vart eg sjølv overraska over kor motiverte nokre av mine kollegaer var av CV-byggingsaspektet då eg starta i vervet mitt som leiar av Studenttinget ved NTNU i 2019. Likevel har eg aldri sett det gå framfor studentane og NTNU sitt beste i vala deira, sjølv om vi studentane heller ikkje alltid er einige i kva som er det beste for oss.

Det eg meiner vi kan lære av Tjora, er todelt. For det første trur eg at vi studentar har godt av å ha i bakhovudet at det til tider kan vere to konkurrerande omsyn her, nettopp mellom gode, reflekterte val for NTNU og studentane og vår eiga framtid og karriere. Vi er trass alt ved universitetet midlertidig, og skal vidare i ein eller annan type jobb når vi er ferdige med studia. Det gjer sjølvsagt noko med ein, og som studentrepresentantar er det difor ekstra viktig å tenkje seg om to gonger før ein tek store val. Det har eg tillit til at styrerepresentantane som stemte for fusjonen i 2015 gjorde.

Tjora sa sjølv i Storsalen på Samfundet laurdag 13. januar at han tidvis seier ting for å provosere. Dette er det andre eg trur vi studentar kan lære av. Vi må tore å provosere, både kvarandre og NTNU, og vi må tore å utfordre etablerte sanningar. I likskap med Håkon Gravem Isaksen har eg lenge ikkje stått på den eine eller andre sida når det gjeld vald eller tilsett rektor, men for meg dreier det seg ikkje om enkelte tilsette sine haldningar og ytringar kring studentane si medverking på NTNU. For meg dreier det seg heller om tida mi i studentdemokratiet.

Det å ta til orde for upopulære meiningar er mykje vanskelegare overfor resten av studentane enn overfor leiinga eller dei tilsette. Det vert gjerne møtt med stillheit, kanskje til og med litt latter, men ikkje alltid respekt. Då eg i november 2021 tok til orde for at listeval kan vere vegen å gå for studentdemokratiet ved NTNU, var eg førebudd på reaksjonen. Reaksjonen var langt på veg stillheit, men det vart nemnd her og der med ein liten latter. Det kjendest ikkje ut som noko ein tok på alvor. Eg skal innrømme at innlegget mitt nok var litt for å provosere òg, men eg kjende ein trong til å utfordre ei etablert sanning, for det at listeval er djevelens verk og ikkje noko vi vil ha på NTNU, kan seiast å vere ei slik.

Då eg skreiv om grunngjeving for sensur i mitt innlegg i Universitetsavisa før jul, fekk eg både på e-post og offentleg svar på deler av ytringa mi frå tilsette. Vi var usamde, men dei møtte det med respekt, både gjennom motargument og viktige refleksjonar og gjennom å rett og slett seie at dei sette pris på innlegget. Det er med på å skape godt ytringsklima når vi kan møte usemja så direkte og med respekt. Så kan vi alltids diskutere kor grensene går, men eg vil at det skal vere høgt under taket.

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

Tysdag 9. januar publiserte Under Dusken ein sak om vegen vidare for NTNU, der Tjora er sitert på å seie at «kanskje kan eit rektorval sparke liv i eit halvdaudt studentdemokrati». Det at studentdemokratiet er halvdaudt, svara studenttingsleiar Didrik Nohre Løvik at han ikkje kjenner seg att i. Eg vonar han lyg litt, for om studentpolitikarane sjølv trur at studentdemokratiet er sprell levande, har vi nok litt ulike tankar om kva det tyder. No er dette innlegget etter kvart langt nok, så eg vil ikkje ta kampane her, men eg vil sparke opp nokre ballar med ei von om at nokon vil spele dei vidare.

For meg kjennest studentdemokratiet og studentane si deltaking i medverkinga på NTNU heldigvis levande. Studentpolitikarane er flinke folk som tek reflekterte val, sjølv om eg er einig med Kristin Melum Eide i at Studenttinget kanskje ikkje heilt forstår kor mykje arbeid som vert lagt i å slepe flest mogleg studentar over målstreken. Og studentane får vere med overalt i NTNU-strukturen, òg i ein heil haug viktige organ utan lovpålagt studentdeltaking. Vi treng ikkje sjå lenger enn til UiB og UiO, med sine valde rektorar, for å sjå at det ikkje er sjølvsagt, og med det er det heller ikkje sjølvsagt at studentpåverkinga vert betre med vald rektor, berre annleis.

Men for meg kjennest ikkje eit demokrati særleg levande når eg har éin kandidat å stemme på i fleire av vala eg har stemmerett i, og ei heller når alle som stiller til studenttingsval i det minste får ein varaplass.

Og for meg kjennest heller ikkje eit demokrati særleg levande når eg ikkje har peiling på kva meiningar eg stemmer på. No som eg ikkje er bunden av Studenttinget sin politikk, kan eg seie høgt at det er mykje av han eg ikkje er einig i. Det er ikkje problematisk i seg sjølv, men då eg stemte i vala av dei representantane som vedtok politikken, hadde eg absolutt null føresetnad for å vete kva dei kom til å meine. Om det er med lister, betre kandidatpresentasjonar eller meir relevant valomat, så ynskjer eg meg uansett å kunne vite meir om kva eg faktisk stemmer på. Om spørsmålet om vald eller tilsett rektor skulle verte diskutert i Studenttinget i morgon, hadde eg ikkje hatt peiling på kva representantane der ville bestemt seg for, sjølv om mi oppleving nok er at ja til tilsett leiing fort kan vere ein del av indoktrineringa i studentdemokratiet.

No har eg omsider fått til å kome meg ut av studentdemokratiet ved NTNU, men eg vil oppfordre studentpolitikarar i dag og i framtida til å tole å verte provoserte, tore å provosere og ikkje minst å utfordre etablerte sanningar, om så berre for å til slutt stå endå stødigare i den same meininga. Kanskje er det til og med på tide å spørje kva studentdemokratiet eigentleg er og skal vere.