Ytring

Mål og middel i campussamlinga

Skal campussamlinga verta endå eit middel som vert mål – for ein kvar pris?

Vi må passe oss for å gjere eit gjennomtenkt middel til eit mål i seg sjølv.
Publisert

Ei klassisk stripe i Donald Duck viser Langbein som vatnar plenen midt i høljregnet. På spørsmål om kvifor, svarar han at han alltid vatnar plenen på torsdag.

Dette må seiast å vera eit tydeleg men uskuldig døme på at ein person gjer eit middel, som i dette tilfelle har som mål å gjera plenen våt, til eit mål i seg sjølv. I det same litterære universet, har me onkel Skrue, som gjer pengar (det dei fleste av oss ser som eit middel for å oppnå ynskjelege mål) til eit mål i seg sjølv. Ja, dette gjer han i slik absurd grad at den største bygningen i Andeby tener som pengebinge for mulitmilliardæren.

Begge dei to døma er oppdikta og framstår som komiske. Alvorlegare vert det når me i den verkeleg verda gjer ei slik samanblanding, og gjer det som i utgangspunktet var eit rasjonelt og gjennomtenkt middel til eit mål i seg sjølv. Ein grunn til at det av og til vert slik, er at middela gjerne er konkrete, me har dei no, og dei er gjerne målbare. Måla er i sin tur alltid framtidige, gjerne meir diffust definerte og i alle fall på førehand ikkje målbare.

Lat oss sjå på vår eigen sektor. Dei fleste av oss er samde om at det under eit universitetsstudium kan vera gjevande å oppleva ein litt annan kunnskaps- og språkkultur enn den heimlege. Difor oppmodar me gjerne studentane våre til å ta eit utvekslingssemester eller to. Praksisen kallast internasjonalisering, og universiteta våre signaliserer at di fleire som soleis reiser ut eit år, di betre. Me har tal og statistikkar for slikt, og institusjonar med ein høg prosentdel utvekslingsstudentar får skryt, andre får refs. Eg skal avstå frå ein inngåande analyse av i kor stor grad utvekslinga faktisk fører til dei måla ho er tiltenkt. Men det å reisa ut i seg sjølv kan ikkje vera anna enn eit middel, og når denne aktiviteten vert målt og premiert, kanskje til og med definert som "teljekant", har middelet vorte eit mål.

«Vi må bli mer digitale» ytra ein tidlegare universitetsrektor ved fleire høve. Kvifor det? Både då og no er det ein underliggjande premiss at med digitalisering skal alt verta betre. Eg kan nemna fleire døme på det motsette, men skal igjen avstå frå utbrodering. Poenget er at digitalisering – i beste fall – kan vera eit framifrå middel for å oppnå både god forsking, utdanning, formidling og innovasjon. Vel å merke kan, dersom det vert brukt kyndig, innsiktsfullt og målretta. Det å føra statistikk over i kor stor grad digitale hjelpemiddel vert nytta ved ein institusjon, er meiningslaust. Med mindre ein, som Langbein og onkel Skrue, har gjort middelet til mål.

Til det dagsaktuelle: Ostehøvelen har vore i bruk fleire gongar og kutta i budsjettet for det veldige campusprosjektet, der samling av campus i Trondheim er eit sentralt middel for å auka, eller i alle fall oppretthalda, kvaliteten på det me driv med. Den noverande kunnskapsministeren har lagt bort ostehøvelen og teke fram motorsaga. No skal det kuttast so me merkar det. Men, vel å merke: campussamling må ein ha!

Skal campussamlinga verta endå eit middel som vert mål – for ein kvar pris? I 2006 var saka oppe i ein tidlegare omgang. Ei flytting hadde kanskje teoretisk sett vore mogeleg då òg, men rektor og styret vart samde om at ei tenleg løysing ikkje var realistisk innan dei økonomiske ramene som var førespegla.

Framifrå forsking, utdanning, formidling og innovasjon set krav til tenlege arbeidstilhøve og trivsel for både studentar og tilsette. Dette er målet vårt. Campussamling kan vera eit middel for å nå det, men det kan og verta ei årsak til katastrofe, om samfunnet ikkje er viljug til å betala prisen det kostar. Langbein sitt fokus på middelet framfor målet skada ingen. I spørsmålet om campussamling gjeld det framtida for universitetsbyen Trondheim.