Finansiering uten sluttpunkt: - Noko heilt nytt for oss

Nasjonalforeningen for folkehelsen og Kavli-instituttet inngår samarbeidsavtale med finansiering uten sluttdato. May-Britt Moser meiner Nasjonalforeningen har tilgang på eit pasientnettverk som kan vere viktig i forskinga.

Med støtte frå Nasjonalforeningen kan Moserne fortsette forskinga på Alzheimers sjukdom.
Publisert Sist oppdatert

Mandag vart det signert ei avtale mellom Nasjonalforeningen for folkehelsen og Kavli-instituttet for Nevrovitenskap. I november 2025 vil senteret få navnet  Nasjonalforeningens demensforskningssenter, og ha som hovudmål å finne ut korleis Alzheimers oppstår og medisiner mot sjukdommen. 

- Me har i mange år samla inn pengar til forskning, og forskningsmiljøet har søkt oss om støtte, og så har me gitt det. Men det at me no går inn i eit partnerskap med eit bestemt miljø, og skal bygge opp eit senter saman, det er noko nytt for oss som organisasjon, seier generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Mina Gerhardsen.

Dei unge rottene er i eit tidleg stadie av Alzheimers sjukdom.

Det er ikkje noko sluttpunkt

For eit år sidan var det ikkje sikkert at arbeidet med Alzheimers sjukdom på Kavli-instituttet ville fortsette. Avtalen gir eit nytt langtidsperspektiv for forskinga.

- Det er ei femårsavtale, men med ei veldig klar plan om å fortsette etter det. Det er ikkje noko sluttpunkt, seier Gerhardsen.  

Jamt over er det fallande bevilgning av forskingsmidlar.

- Det me håpar på er at det skal ha positive ringverkingar, seier May-Britt Moser om effekten av avtala. 

Bjarne Foss og Mina Gerhardsen signerer avtale, med representanter fra St. Olav, May-Britt og Edvard Moser og K. G. Jebsen-stiftelsen i ryggen.

Eit samarbeid med Nasjonalforeningen kan gi viktig klinisk blikk. 

- Forskningen går heile vegen frå musehjernen til menneskehjernen og så til pasienthjernen. Me prøver å finne ut saman med våre kliniske partnarar kva som går galt i menneskehjernen. Samarbeidsavtalen med Nasjonalforeninga gir ikkje berre penger, men den gir oss masse erfaring med nettverket til demente og demente sjølv, seier May-Britt Moser.

Må gå hand i hand

Grunnforskinga skal stadig gå parallellt med den kliniske anvendelsen. 

- Nasjonalforeningens demensforskningsenter vil vere ei del av Kavli-instituttet. Så Kavli-instituttet vil fortsette å gjere grunnleggande forskning på hjernen, seier Edvard Moser.

- Me er veldig opptatt av å beholde og styrke den basale forskninga, fordi forskninga som går ut på å finne ut korleis til dømes stedsans, hukommelse og tidsforståing oppstår, er nødvendig for å kunne løyse Alzheimersgåta. Altså det må gå hand i hand, forklarer Edvard Moser.

Moserne viser Nasjonalforeningen at rottene likar å bli klødd på magen.

May-Britt Moser har trua på at avtalen kan vere med å bidra til mange nye gjennombrudd i forskninga på Alzheimers sjukdom. 

- Det kjem mange gjennombrudd ganske snart fordi det skjer veldig mykje i forskningen på Alzheimer akkurat no. Veldig mange mulige gjennombrudd, men naturligvis kan me aldri sei eksakt når det kjem, seier May-Britt Moser.

Følg UA på Facebook og Instagram.