- Studentanes bakgrunn avgjer kva dei vil studere

– Foreldre med akademisk utdanning spør barna sine om dei verkeleg skal ta fagbrev. Foreldre utan akademisk utdanning lurer på om barna deira ikkje vil ha eit skikkeleg arbeid når dei har bestemt seg for å ta høgare utdanning, sa rådgjevar Axel Fjeldstavlie da Tankesmia Agenda skipa til debatt om høgre utdanning.

EINIGE: Gratisprinsippet står fast og trygt i det norske utdanningssystemet. Det er utdanningspolitikarane Mathilde Tybring-Gjedde (H), (nr 2 frå venstre), Solfrid Lerbrekk (SV) og Torstein Tvedt Solberg (A) einige om. Lengst til venstre; debattleiar Sigrid Aasland frå Tankesmia Agenda.
Publisert Sist oppdatert

Det må haldast fast på gratisprinsippet i det norske utdanningssystemet. Det var alle deltakarane i debatten Tankesmia Agenda skipa til onsdag morgon, einige om.

Det grunnleggjande mantraet i norsk utdanning etter den andre verdskrigen er at alle skal ha like sjansar til utdanning. Men er det ikkje eigentleg slik at det er bakgrunnen til foreldra som bestemmer om du tar høgare utdanning eller heller vel å ta eit yrkesfag? Det var mellom anna dette spørsmålet Tankesmia Agenda inviterte politikarar og representantar for forskingsinstitutt, LO og NHO til å debattera under ein frukostmøte i Kulturhuset i Oslo i dag, skriv Uniforum.

– Kan så tvil

Rådgjevar Axel Fjeldavlie i Agenda viste til tal som peikar på at utdanninga til foreldra går i arv til barna. – Dei som har foreldre utan akademisk utdanning, slit meir enn andre i høgare utdanning. Difor kan me så tvil om det eigentleg er lik rett til utdanning i Noreg, sa han.

Fjeldavlie blei bakka opp av forskar Ingvild Reymert ved NIFU - Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning. Men ho understreka sterkt at det ikkje handla om foreldra hadde mykje eller lite pengar.

– Nei, det handlar meir om den kulturelle kapitalen til foreldra enn om inntekta deira, slo ho fast. For å støtta sitt eige argument drog ho inn statistikk over kva ungdommar som fekk gjennomsnittskarakteren 4 frå ungdomsskule, ville gjera etterpå. – Tala viser at utanfor Oslo vil 36 prosent av dei søkja seg inn på studiespesialisering i den vidaregåande skulen, medan talet for Oslo syner at heile 97 prosent av dei vil velja studiespesialisering, konstaterte ho.

Axel Fjeldavlie skulda også på haldningane til foreldre både med og utan akademisk utdanning for den skeive rekrutteringa til høgare utdanning og kvifor så få tar yrkesutdanning. – Foreldre med akademisk utdanning spør barna sine som dei verkeleg skal ta fagbrev, når dei vil ta det, medan foreldre utan akademisk utdanning verkeleg lurer på om barna deira ikkje vil ha eit skikkeleg arbeid når dei har bestemt seg for å ta høgare utdanning.

 – Fråfall er det største problemet

Avdelingdirektør Rune Foshaug i Kompetanse og innovasjon i NHO var ein av dei som hadde klart dette spranget. – Faren min var målarsvein og mora mi var sekretær. Eg var den første i min familie som tok høgare utdanning. Eg er sjølvsagt ein sterk tilhengjar av gratisprinsippet i norsk utdanning. Men det største problemet er fråfallet av elevar i den vidaregåande skulen som aldri får fullført noka utdanning. Det er på dette området me må setja inn tiltak som gjer at dei får den rette støtta på rett trinn i utdanningssystemet, tykte han.

Når det gjeld kva typar jobbar folk får, så kom han med fylgjande oppfordring. – Det beste er at alle får høve til å utvikla evnene sine på best mogleg måte og at dei har ein jobb som dei likar og kan.

– Framandgjerande

Førstesekretær Julie Lødrup i LO var oppteken av den store kulturkollisjonen mange møter når dei stiller opp på universitetet for første gong. – Universiteta sitt krav om at dei må ta ex.-phil. er framandgjerande for dei som kjem frå ikkje-akademiske familiar. Det same er den utstrekte bruken av engelsk, meinte ho.

Etter at den debatten var over, var det utdanningspolitikarane på Stortinget sin tur til å ta over scenen i Kulturhuset i Oslo.

– Viktig med målretta, tidleg innsats

Først ute var Mathilde Tybring-Gjedde, stortingsrepresentant for Høgre. Etter hennar meining kjem dei studentane som lykkast i dag frå både ulik akademisk og ulik sosial bakgrunn. Men også ho fann grunnar til at ikkje alle klarer seg bra i byrjinga av utdanningsløpet.

– Då er det viktig med målretta, tidleg innsats. Og mange kommunar er inaktive som skuleeigarar. Dermed får me ikkje vita korleis kvaliteten på skulen er, og kva som må til for å gjera den endå betre, meinte ho.

Arbeidarpartiets stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg skrytte også av norsk skule.

– Me har rigga opp eit fantastisk utdanningssystem. Dessverre har me enno ikkje lykkast i få full utjamning i norsk utdanning. Eg trur det må vera behov for å kunna setja inn tiltak i overgangen mellom barnehage og skule, sa han.

Vil ha fleire lærarar

Eitt av dei tiltaka han ville ha på plass, var å tilsetja endå fleire lærarar.

– I dag får 50 prosent av dei som treng spesialundervisning, spesialundervisning frå ufaglærte. Talet på ukvalifiserte vil auka endå meir med dei grepa dagens regjeringa har gjort, sa han.

Sosialistisk Venstrepartis stortingsrepresentant Solfrid Lerbrekk var overtydd om at det var meir radikale ting som måtte til for å få ein endå betre skule.

– 50 prosent av dei som begynner i den vidaregåande skulen, tar studiespesialisering. Det burde vore fleire praktiske linjer som også ville kvalifisera til opptak i høgare utdanning, føreslo ho. – Lekser er ei forskjellsmaskin, la ho til. Etter hennar meining burde det vera betre tilpassing for kvar elev i barneskulen. – Nokre av dei vil helst leika i 1. klasse, medan dei gjerne vil læra å lesa og skriva i 2. klasse, hadde ho registrert.

– Staten betaler

Når det gjeld livslang læring ,var alle politikarane einige om at også det burde vera heilt gratis.

– For oss på venstresida vil det seia at staten betaler, smilte Torstein Tvedt Solberg. Så viste han til at også på det området finst det for store skilnader.

– Ein arbeidsgjevar kan betala opptil 290 000 kroner i året for eit MBA-kurs på BI for ein arbeidstakar som frå før har ei høg årslønn. Samtidig er det andre arbeidsgjevarar som legg til rette for at tilsette kan ta eit fagbrev gjennom jobben, men då krev dei ein ekstra innsats, viste han til som døme.

– Arbeidarpartiet helsar ei kompetansereform velkommen, men då må me få eit system som kan få dette til, la han vekt på. Også Solfrid Lerbrekk var opptatt av at all offentleg norsk utdanning skal vera gratis, også etter- og vidareutdanning. – I arbeidslivet er det mange som tar mindre kurs utan å få studiepoeng for dei.

For Mathilde Tybring-Gjedde var det viktig å styrkja kompetansearbeidet.

– Partane i arbeidslivet må gå inn for å etterspørja tilbod i etter- og vidareutdanning. Først og fremst må me likevel retta tiltaka mot dei som fell utanfor i den vidaregåande skulen. Det er viktig å fylgja opp dei elevane som slit og også styrkja framtidig, praktisk utdanning, meinte ho.

Torstein Tvedt Solberg hadde ikkje særleg tru på utdanningspolitikken til dagens regjering.

 – Kampen står no om me skal ha ein veldig teoretisk eller ein praktisk skule, sa han.

Dei tre politikarane frå Høgre, Arbeidarpartiet og SV var i alle fall einige om ein ting. Gratisprinsippet står fast og trygt i det norske utdanningssystemet, skriv Uniforum.

Torstein Tvedt Solberg frå Arbeidarpartiet
FLEIRE PRAKTISKE LINJER: – 50 prosent av dei som begynner i den vidaregåande skulen, tar studiespesialisering. Det burde vore fleire praktiske linjer som også ville kvalifisera til opptak i høgare utdanning, føreslo Solfrid Lerbrekk (SV).