Ytring:

Kva er poenget med studentpolitikk?

Det er dei neste dagane duka for landsmøte i Norsk Studentorganisasjon, fleire hundre engasjerte studentar samlast i Tønsberg. Lange møter, seine kveldar og uendelege diskusjonar. Alt for å produsere lange papir eit fåtal studentar veit eksisterer, og enno færre les. Kva er eigentleg poenget?
Studentpolitikk kan følast som å trå i sirup, men i ny og ne skjer det lysglimt. Da er det straks verdt alt strevet, skriv Gjermund Kvernmo Langset frå sentralstyret til NSO. 
        
            (Foto: Privat)

Studentpolitikk kan følast som å trå i sirup, men i ny og ne skjer det lysglimt. Da er det straks verdt alt strevet, skriv Gjermund Kvernmo Langset frå sentralstyret til NSO.  Foto: Privat

Det går med månadsvis med førebuingar, komitear skal skrive lange dokument og ulike organ skal stemme over ting. Eit hotell skal reserverast, reiser skal bestillast, alle skal lese seg opp på det som skal diskuterast og statsråden skal inviterast. Økonomiske kostnadar og timetal brukt er høge. Kvifor gjer ein dette? Og kvifor brukar så mange studentar frivillig av si tid, på lange møter der ein diskuterer endringar ein sjølv kanskje aldri får oppleve? Kvifor gidd vi?

Som å trå i sirup

Dette er spørsmål eg ofte har fått; kvifor gidd du? Kva er eigentleg poenget? Svaret er veldig enkelt – fordi det fungerer.

Eg har vore heldig å fått vore tillitsvalt på ulike nivå, frå klassetillitsvalt til studentleiar i Ålesund, og no medlem i sentralstyret i NSO. Uavhengig av kvar ein er tillitsvalt så har funksjonen etter mi meining to hovudoppgåver; Å hjelpe dei som treng hjelp og å vere ein samarbeidspartner for å utvikle ting til det betre.

Det kan vere å hjelpe ein medstudent som har hamna i ein vanskeleg situasjon, eller samarbeide tett med leiinga på institusjonen for å utvikle gode utdanningstilbod. Begge deler er utruleg givande og lærerikt. Men samstundes er begge deler veldig krevjande og utakknemleg. Det er ikkje ofte ein får takk for innsatsen ein legg ned, det er ikkje ofte det i det heile vert lagt merke til av medstudentane. Difor kan det nok følast tungt, som å trå i sirup, det har eg sjølv fått erfare.

Men i ny og ne, så kjem eit lysglimt. Ein får gjennomslag for noko ein har jobba hardt for i lang tid, ein klarar å hjelpe medstudentar til å få ein betre kvardag, eller ein får til noko som vert lagt merke til. Kanskje får ein til og med eit takk tilbake.

Alt startar her

Så lurar du sikkert, kvar kjem eit stort møte i Tønsberg inn i denne historia? Landsmøtet til NSO legg rammene for dette arbeidet. Det er her alt startar. Det er her studentane samlar seg kring saker som er viktige for alle studentar. For dei rike, dei fattige, dei sjuke, dei gravide, dei norske, dei som ikkje er norske og alle andre. Kva meiner studentane i Noreg om saker som opptak, praksis, studiestøtte og internasjonalisering. Det som skjer her, det vert lytta til. Regjeringa, rektorane på institusjonane og andre aktørar i UH-sektoren har alle auga retta mot Tønsberg denne helga. Og vedtaka gjort her skal påverke sektoren i fleire år framover.

Tidlegare vedtak på landsmøtet har gjort at vi i dag har fått ei stor auke i utbygging av studentboliger, opptrapping til 11 månader studiestøtte, vidareføring av Students at Risk og lovfesta rett til studentombod. Kampar kjempa av studentar som ikkje lengre er studentar. Av menneske vi er ein stor takk skuldig.  

Og kanskje ein dag, kan vi som er her i år lese i avisa om saker vi diskuterte i Tønsberg i 2019. Saker som har vorte ein realitet, som har påverka kvardagen til nokon, som har endra ting til det betre. Då vert nok dei lange møta fort gløymd og alle sakspapira verkar straks litt færre. Då er det straks verdt alt strevet.

Les UAs saker fra NSO-landsmøtet her

Kvifor gidd du? Kva er eigentleg poenget? Svaret er veldig enkelt – fordi det fungerer.

Gjermund Kvernmo Langset, sentralstyremedlem i NSO
UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet. Kommentarer som inneholder lenker må godkjennes manuelt. Det kan derfor ta noe tid før slike kommentarer dukker opp i kommentarfeltet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Nord universitet:

Reiste seg i protest da styret vedtok avvikling av Nesna

Aksjonistene fra Helgeland var godt synlige i sine bunader under onsdagens styremøte. Etter å ha fått påpakning for spredt applaus under styremøtet reiste de seg i protest og gikk ut da vedtaket om avvikling var fattet.

Nord universitet:

Hansen ansatt som ny rektor

Under onsdagens styremøte ble konstituert rektor Hanne Solheim Hansen valgt som rektor for Nord universitet.

Helgeland-aktivister: – Vi har ikke blitt hørt

– Vi kan ikke forstå at nedleggelse er det beste alternativet, sier aksjonister fra Helgeland på skjebnedagen for studiestedene på Nesna og i Sandnessjøen.

Nord universitet:

Nord-styret vedtok nedleggelse av tre studiesteder

Studiestedene i Verdal, Sandnessjøen og på Nesna vedtatt nedlagt.