Ytring:

Eit skinnhellig krav frå rektorane om autonomi

Eg etterspør ei meir audmjuk erkjenning av kor omfattande samarbeidet mellom rektorar og politiske miljø er.

Kvifor gjekk rektorane saman og krevde autonomi? spør Arna Meisfjord. Ho er tidlegare rektor ved Høgskolen i Nesna. (arkivbilde frå då styret ved Nord universitet vedtok nedlegging av campus Nesna)
Publisert Sist oppdatert

Då statsråd Iselin Nybø sendte eit brev til leiinga for Nord universitet og bad dei om å ha to tankar i hovudet samstundes, kom rektorkollegiet ved dei høgare utdanningsinstitusjonane på banen. Dei varsla at dei ville kome med ei felles fråsegn. Det er ikkje så ofte at rektorkollegiet snakkar med slik utestemme. Då måtte det vere noko særs viktig som stod på dagsorden! Kanskje ville desse vaktarane av akademia, forsvararane av det mest framifrå av forsking, erfaringskunnskap, kunstnarleg og pedagogisk utviklingsarbeid, minne oss om at vi må lytte til forskarane i FN sitt klimapanel? Eller kanskje ville dei gjere oss merksame på at krig og konflikt rundt om i verda er eit stort problem både for menneske og miljø, sjølv om det er litt langt borte? Eller kunne det faktisk vere slik at rektorkollegiet ville undersøke kva som var bakgrunnen for at statsråden ”blanda seg inn” i Nord universitet sine planar om å legge ned Campus Nesna, ein over hundre år lang lærarutdanningsinstitusjon og ei velfungerande sjukepleiarutdanning i Sandnessjøen?

Nei, det var ikkje det. Rektorkollegiet var uroa over sin eigen autonomi, uttrykte skepsis til innblanding frå politikarar og bad om tillit til eigen profesjon.

Som rektor ved tidlegare Høgskolen i Nesna frå 1996 til 2003, var eg medlem i eit slikt rektorkollegium i nær på åtte år og eg må seie at fråsegna frå rektorkollegiet har undra meg. Når vart rektorkollegiet ved dei høgare utdanningsinstitusjonane så skinnhellige at dei måtte krevje ”ei armlengds avstand” til politikarane? Som rektor ved Høgskolen i Nesna måtte eg av mange grunnar ha eit omfattande samarbeid med politikarane, både lokalt, regionalt og sentralt. I den samanhengen hadde leiinga ved høgskolen ei rekke møte både med departementet og medlemmer av Stortinget. På veg inn i Stortinget, kunne eg møte ein rektorkollega på veg ut og når eg var på veg ut, møtte eg ofte ein annan rektorkollega på veg inn. Det var så visst ingen armlengds avstand å spore.

Når det gjeld Nord universitet, så er det neppe noko overdriving å hevde at det er ei historie der samarbeidet mellom politikarane og leiinga ved tidlegare Høgskolen i Bodø/Universitetet i Nordland, var avgjerande for etableringa. Ikkje minst gjeld dette samarbeidet med Nordland fylkeskommune, som gjennom heile oppbyggingsperioden bidrog med ganske så mange millionar. Skilnaden mellom dei millionane som gjekk til miljøet i Bodø, samanlikna med Nesna og Narvik, er så imponerande at det vanskeleg kan forklarst som resultat av ei armlengds avstand til politikarane.

Med respekt å melde, så etterspør eg ei meir audmjuk erkjenning av det omfattande samarbeidet som mange rektorar har og har hatt med politiske miljø. Kan det kanskje vere slik at dette samarbeidet er heilt i orden, berre rektorane får det som dei vil? Då regjeringa Solberg med Haugstad i spissen, reiste rundt til universitet og høgskolar og påla samanslåingar, kor var dei kritiske røystene frå rektorkollegiet om manglande autonomi? Men dei store vart større og dei små forsvann, så då var det kanskje greitt for rektorkollegiet?

Fråsegna frå rektorane er konkret knytta opp mot omstillingsprosessen ved Nord universitet og rektorane ber både om respekt og ”at institusjonenes øverste organ vises den helt nødvendige tillit til å fatte vedtak til beste for studentene, regionen og institusjonen”, og på denne måten får rektorkollegiet sagt at dei står last og brast med rektor Hanne Solheim Hansen ved Nord universitet i stormen som har rasa mot henne etter at ho foreslo å legge ned Campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen.

I gamle dagar vart det gjerne sagt at den Vår Herre har gitt eit embete, har han og gitt forstand. Det kan sjå ut som om rektorkollegiet har omskrive dette til at den som er gitt eit styre ved ein høgare utdanningsinstitusjon, den er dermed gitt rett. Rektorane kan vel ikkje meine at sjølv om styret har rett til å fatte eit vedtak, så er dermed vedtaket rett? Ei kjerne i denne striden handlar om det faglege grunnlaget/saksdokumenta som vedtaket er bygd på. Studentane ved Campus Nesna har reagert kraftig på den feilaktige og tendensiøse framstillinga som er gjort av dei. Rektor Solheim Hansen er på glid her og erkjenner at formuleringane om studentane er misvisande. Dei fagorganiserte sine representantar ved Campus Nesna har sendt eit varsel til statsråd Nybø om manglande tillit til leiinga og om feilaktig framstilling av både forskingsaktivitet og studiekvalitet. Eit samla Helgeland har protestert på både sabotering av fusjonsavtalen og vedtaket om nedlegging av Campus Nesna. I høyringsrunden til saksdokumentet frå rektor Solheim Hansen kom det inn om lag 300 fråsegner. Det store fleirtalet av desse er sterkt kritiske og det blir påpeikt feil og manglar i saksutgreiinga. Likevel går altså rektorkollegiet god for handsaminga frå Nord universitet og ber om tillit og respekt! Korleis er det mogleg? Kan det tenkjast at problemet i norsk akademia ikkje er manglande autonomi, men snarare sterkt utvikla kameraderi?

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

Les flere ytringer her.

Ein forkorta versjon av dette innlegget vart fyrst publisert i Klassekampen.