Utmatrikulering

Fortsatt ikkje invitert: - Det var meir stas då eg var ferdig på ungdomsskulen

På Gløshaugen har dei felles utmatrikulering. På Dragvoll er det for det meste organisert på instituttnivå. Fleire meiner det må kome ei endring. 

Evelyn Linnerud og Trygve Larsen meiner utmatrikuleringsordninga som den er no ikkje er god nok.
Publisert Sist oppdatert

Trygve Larsen og Evelyn Linnerud er studentar på Master i innovasjon og bærekraftig samfunnsutvikling saman med 25 andre.

Larsen ser at det er fleire ulikskapar mellom ulike studieprogram på NTNU, men meiner utmatrikuleringa må vere eit punkt der ein kan forvente lik behandling. 

- Det går ikkje an at det vart gjort meir stas på meg då eg var ferdig på ungdomsskulen enn når eg har levert ein mastergrad ved universitetet, seier fjerdeklassingen bestemt. 

Som i tidlegare år får verken Det humanistiske fakultet eller Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap moglegheita til å sende sine studentar på utmatrikuleringa bak hovudbygget.

- Eit spel for galleriet

Larsen meiner dei ulike praksisane for utmatrikulering viser at det ein seier om eit samla universitet er eit spel for galleriet.

- Som studentambassadør har eg reist rundt og fortalt om NTNU til vidaregåandeelevar. Då får eg beskjed om å seie at vi er eit breiddeuniversitet og at det er like stas å studere statsvitskap på Dragvoll som ein av sivilingeniørstudia på Dragvoll, seier han.

Larsen og Linnerud utanfor dørene til institutta som snart blir slått saman.

Larsen opplevde det som vanskeleg å stå og fortelje om NTNU som eit samla universitet når han sjølv ikkje har den erfaringa.

Masterstudentane fortel at svært mange i studentrådet arbeidar for ei god ordning for utmatrikulering, men opplev at kommunikasjonen med diverse instiuttleiarar er for dårleg og at ein arbeider i eit system som er for rigid. 

Larsen ser den økonomiske situasjonen for universitetet som ein god grunn for at mange prosjekt ikkje kan gå for fullt, men meiner at utmatrikulering bør vere prioritert som eit minimum for alle studentar ved NTNU. 

- Det trengs ein roseseremoni, nokon høgtståande må stå i finstasen og takke for innsatsen medan dei nære og kjære kan sjå at ein tek i mot vitnemålet som ein har lagt inn fleire år for. 

- Det skal vere stas!

Erik Johansen er studentpolitisk ansvarlig fakultetstillitsvalgt ved Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap, og synast det er synd at ein ikkje får til felles utmatrikulering om det gjeld studentar frå Dragvoll eller kvar som helst. 

Erik Johansen har vore aktiv i studentpolitikken i ei årrekke.

- Fra dragvollperspektiv tenker eg på sikt at vi skal samlast på same campus og det er viktig at om vi skal samlast bør det vere lik behandling også. Det er verkeleg stas å ha fullført høgare utdanning, det bør utmatrikuleringa reflektere, uttalar Johansen.

Johansen seier at han har full forståing for at det er praktiske og økonomiske faktorar som er viktige, men at dette er ei sak av slik viktigheit at ein bør ta seg tid og penger til at ein kan samlast.

- Vi ser lyst på årets utmatrikulering og å få noko felles for institutt eller fakultet. I det minste bør institutta ta seg saman og legge opp til å gi studentane ei verdig avslutning på studietida sin. 

Blir drøfta årleg

- Det her har vi diskutert sidan eg var institutttillitsvalt for fleire år sidan, og også då eg satt i studenttinget. Eg hadde inntrykk av at prorektor var positiv og tok saka på alvor, no verkar det å ha stoppa opp, seier Johansen.

Han fortel at dei på SU og HF no kartlegg kva studieprogram som har noko planlagt, og kven som er interesserte i noko felles. 

- Vi pressar på dei insitituttillitvalde hjå oss for å få i gong noko slik at alle kan få ei fin avslutning på studietida. 

Johansen meiner det heile handlar om å vise respekt for bragda det er å ha fullført utdanninga sin.

- Å gi ei verdig avslutning på tida som student, det er ikkje for mykje forlangt, avsluttar Johansen.

Studentar, vener og familie samla på Frimerket for å sjå fjorårets utmatrikuleringsseremoni.

Også i fjor skreiv UA om misnøye bland studentar angåande ordninga for utmatrikulering. Tilfellet då var at HF og SU kunne ta i bruk den same riggen på Gløshaugen og gjennomføre to utmatrikuleringar etter kvaranre slik at alle skulle få plass, det fekk ikkje HF og SU lov til å delta på.

Ein del av grunnlaget til at ein ville ha noko felles var å spare pengar.

Vart lova endring

Slik studentane forsto saka skulle dei bli inkludert no i vår. Slik blei det ikkje.

Lasse Zetterlund er Internt ansvarlig fakultetstillitsvalgt ved HF.

- Etter at vi fekk beskjed om at det ikkje blir slik, har vi vore i dialog med fakultetet som har gått ut på at vi nok ein gong ikkje blir inkludert i den store feiringa. Fakultetet verkar like skuffa som oss studentane, fortel Lasse Zetterlund som er tillitsvald ved Det humanistiske fakultet (HF). 

Zetterlund fortel at administrasjonen ved HF henvendte seg til NTNU sentralt om ståa haustsemesteret 2023, utan å få svar før starten av dette semesteret.

- Vi meiner at om det skal bli felles skal det vere skikkeleg. Ansvaret er difor no lagt til institutta som tidlegare, forklarar Zetterlund.

-  Vi skulle gjerne hatt eit godt svar på kvifor utmatrikuleringa nok ein gong blir som dette. Fakultetet og tillitsvalde har blitt samde om å ikkje lage noko felles på fakultetsnivå fordi vi har blitt lova å få ta del i den sentrale feiringa.

Zetterlund fortel vidare at nokre får tale og kake frå nokre tilsette medan andre får meir stas. Han seier at diverse tillitsvalde på program-, institutt- og fakultetsnivå no forsøker å presse på for å skape gode utmatrikuleringar. 

Beklagar treigt svar

Avdelingsdirektør for utdanning Annikken Løe seier at ho ikkje kjenner detaljane i svaret til HF.

Annikken Løe her fotografert ved ei anna anledning på Sluppen.

- Me beklagar likevel at det har teke så lang tid frå saka var teken opp i rektoratet, og til i dag. Det kjem dessverre av ressursknappleik i haust. Det er jo også mange omsyn å ta når me skal greia ut dette, svarar Løe på spørsmål om kvifor HF ikkje har blitt invitert i år heller.

Kva er det som gjer at HF heller ikkje i år får delta i den storstilte utmatrikuleringa på Frimerke?

- Kommunikasjonsavdelinga til NTNU arrangerer kvart år immatrikuleringsseremonien. Dette krev mange ressursar, og ei felles utmatrikulering kan også bli veldig omfattande. Difor må me bruka litt tid på å finna ut kva me kan få til, og kven som skal ha ansvaret for gjennomføringa, seier Løe.

Vidare forklarar avdelingsdirektøren at avslutningsseremoniane varier stort etter institutt eller fakultet.

- Me veit at studentane er opptekne av å kunna få til ein litt meir lik avslutningsseremoni i kvar studieby for studentar som har teke ei grad ved NTNU, innrømmer Løe. 

Ho fortel vidare at i etterkant av førespurnaden har eit lite team med tilsette frå kommunikasjonsavdelinga og avdeling for utdanning sett på kva som må krevjast for å gjennomføra eit slikt arrangement, og ulike alternativ med ulikt opplegg.

Saka skal diskuterast i Prorektors utdanningsutval 6. mai. Kva som skjer vidare vil vera avhengig av utfallet av saka i der.

Gjer det beste ut av situasjonen

Leiaren ved Institutt for geografi, Gard Hopsdal Hansen, som er underlagd SU-fakultetet fortel at dei har fått til utmatrikulering for alle sine masterstudentar dei siste par åra, og vil gjere sitt beste for å gi ei best mogleg utmatrikulering i år også.

Gard Hopstad Hansen, instituttleder ved Institutt for geografi

- Vi har lagt press på institutta og fakulteta på at dei må få til best mogleg utmatrikulering. Alle institutt så vidt eg veit skal gjennomføre dette, men det er varierande kor store arrangementa er, seier Zetterlund til slutt.

Følg UA på Facebook og Instagram.