Regjeringa med 70 mill til 7 universitet og høgskular

Pengane er øyremerka nye og studentaktive måtar til å undervise og vurdere studentane.

Henrik Asheim.
Publisert Sist oppdatert

– Dette er ein viktig del av regjeringas satsing på høgare kvalitet i utdanningane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i ei pressemelding.

I alt 14 prosjekt får inntil fem millionar kroner kvar i støtte til å utvikla nyskapande undervisnings- og vurderingspraksis. Det er Universitetet i Bergen (seks prosjekt), Universitetet i Oslo (to prosjekt), NTNU (to prosjekt) og eit prosjekt ved UiT – Noregs arktiske universitet, Universitetet i Agder, Noregs miljø- og biovitenskapelige universitet og VID vitskaplege høgskole som får støtte. Det kom inn 86 søknadar frå høgare utdanningsinstitusjonar over heile landet.

– Prosjekta som får støtte skal gi betre læring for studentar som mellom anna tar juss, medisin, lærarutdanning, ingeniør og helsefag. Fleire av prosjekta har utvikling av tverrfaglege utdanningsprogram og digitale moglegheiter som viktige element. Målet er at arbeidet som skjer i prosjekta skal kome alle studentar til gode, seier Asheim.