Kryssar fingrane for at løysingane ikkje kjem for seint

Universiteta har ansvaret for å utdanne studentane som forskar på klima, men korleis gjer dei det i praksis? spør Tonje Lillevik fra Bakketun folkehøgskole, som har hatt praksisuke ved NTNU.

Tonje Lillevik har hatt praksisuke ved NTNU.
Publisert Sist oppdatert

Tenk deg at du er mastergradstudent og at du forskar på notidas største problemstilling, for så å oppleve at dei funna du gjer blir med på å forme samfunnet du lever i. Universiteta har ansvaret for å utdanne desse studentane, men korleis gjer dei det i praksis?

I to dagar intervjua eg forskarar og studentar ved NTNU, der eg i hovudsak var hos NTNU Berekraft ved industriell økologi. Her blei eg tatt imot av Stig A. Larssæther, koordinator. I tillegg var eg hos NTNU Kult (Institutt for tverrfaglege kulturstudie), og «ekspertar i team» sin landsby med temaet; berekraftig omstilling. Eg fekk også ein omvising av utstillinga Futurum på Vitskapsmuseet.

Bakgrunnen for at eg ville besøkje desse avdelingane var for å ha fokuset retta mot kva slags klima- og miljøtiltak dei gjer her. Fellestrekka deira var mellom anna at alle var sterkt interessert i det dei jobba med. Inntrykket var at dei har endå mykje jobbing att før dei har nådd FN sine berekraftsmål om klima og miljø.

Les også: Torsdag arrangerte NTNU og Adresseavisen Ungdommens klimatoppmøte.

Ulike utdanningar

Det interessante ved landsbyen var samlinga av dei ulike utdanningsgrunnlaga dei kom frå. Til dømes var ei gruppe sett saman av seks personar der spranget på bakgrunnskunnskapen stod frå økonomi og historie til marinkjemi og robotikk. Dette er obligatorisk for omtrent alle mastergradstudentar på NTNU, der ein har ein munnleg eksamen på slutten av perioden. Ved å «tvinge» all den kunnskapen saman gjev ein unik moglegheit til å kome fram til forskjellige løysingar, som kan kome fleire til gode.

I tillegg viste det seg at NTNU Kult og NTNU Berekraft har eit tett samarbeid, som dei brukte dagleg for å skapa eit best mogleg nettverk innanfor det temaet dei jobba med. På den måten har begge avdelingane moglegheita til å gjennomføra ulike prosjekt, og ha økonomisk fridom til å nå enda lengre med forskinga si.

Kven veit best?

Klimakrisa er ofte eit samtaleemne og mange har ulike meiningar knytt til temaet. No er eg i ein periode der store vegval skal tas i form av kva som vil vente meg i framtida. Til dømes utdanningsretning, kvar eg skal busette meg, kva slags arbeidsplass eg vil ha og så vidare. NTNU er jo kjent for å vere Noreg sitt største universitet og har eit godt rykte på seg for å vere bra. Men, det er ikkje å stikka under ein stol at utdanning og forsking brukar lang tid på å omstilla seg dei nye utfordringane ein står ovanfor kvar dag. Derfor kunne eg ikkje unnlate å besøkje staden, då eg hadde moglegheita i praksisveka mi.

På førehand var eg veldig usikker på korleis skiftet mellom olje- og gassnæringa og utdanningar som fokuserer på miljø og teknologi eigentleg føregjekk. Berre i løpet av nokre år har interessa blant venner og kjente stupt når det kjem til ynskje om å få jobb i Nordsjøen. Dette må jo også universiteta merke i form av tal på søkjarar innanfor visse utdanningsfelt. Det er ingen tvil i at ungdommen ynskjer ei betre framtid for kloden, og dermed skaffar seg kunnskapen om korleis alt heng saman.

Omstillinga må skje hos kvar enkelt

I det siste har til og med ikkje klima- og miljøperspektiva vore samstemde. Til dømes vindmøllesaka; der dilemmaet om å skaffa ein måte å produsera berekraftig energi på, står i mot naturen sine eigne premissar. Ved å snakka med forskarar som jobba med akkurat dette, fekk eg auga opp for at alt som kjem klimaet til gode, ikkje nødvendigvis gjer at miljøet får så mykje att for det. I besøket fekk eg snakke med forskarar som dagleg jobbar med desse utfordringane, men kor vanskeleg kan eigentleg det vere?

Samfunnet består av mange ulike faktorar. Menneskje som lever her har sine daglege gjeremål og ynskjer for framtida, der ein heile tida gjer val som påverkar klimaet. Forskarane på NTNU tar alt dette i betraktning, medan dei jobbar mot ulike løysingar mot klimakrisa. Noko som overraska meg var at studentane gav same svar som dei doktorgradutdanna forskarane. Dette fastslår at alder og utdanningsbakgrunn ikkje har så mykje å seie for kva som er viktigast. Omstillinga må skje hos kvar enkelt person, slik at ein saman kan utføre den viktige endringa som trengst for å stoppa klimaendringane. Likevel har politikarane vanskar for å fremja dette. Utan endring i politikken vil ikkje samfunnet klare å skape den omstillinga som trengst.

Frå ide til røynda

Framtida har mykje spennande i vente, og dei ulike avdelingane på NTNU ber mykje preg av det. Dei som tar masterutdanninga si no har eit heilt anna fokusområde enn dei som tok same mastergrad for ti år sidan. Dette skapar utfordringar for både samfunnet og universitetet.

Heldigvis har ein ivrige, kreative professorar, forskarar og studentar som brenn for å skapa nye løysningar. Ved prosjektet «ekspertar i team» visar universitetet at studentane får kome med sine idear som kanskje er løysinga på fleire utfordringar ein står ovanfor. Eg kryssar fingrane for at desse løysingane ikkje kjem for seint, og at ein framleis kan sjå lyset i enden av tunellen.