Ytring:

Naturfag utan vatn på NTNU

Korleis drive eksemplarisk undervising i naturfag utan innlagt vatn.

Som faglærar gjer eg så godt eg kan med den infrastrukturen vi har, men likevel ikkje utan å skjemmest, skriv Unni Eikeseth i denne ytringen.
Publisert Sist oppdatert

Det er ein vanleg dag, og eg er på veg til undervising i naturfag på Institutt på lærerutdanning (ILU) på campus Kalvskinnet. Folk eg passerer kikar litt ekstra på meg der eg bukserer med meg ein stor plastboks, ei flaske med vatn og ein pose med oppblåste ballongar oppover trappene.

I undervisinga denne dagen skal eg demonstrere at vi kan bøye ein tynn vasstråle med ein statisk elektrisk ballong. Det skal illustrere at vassmolekylet er ein dipol, det vil seie eit molekyl som har både ein positiv og ein negativ ende.

Dette heilt enkle forsøket er ein viktig del av forelesinga mi, og det er derfor eg har med meg plastboksen og vassflaska. Dette skal fungere som ein berbar vask og spring. Undervisingsromma i naturfag på lærarutdanninga ved Norges teknisk- naturvitenskaplige universitet har nemlig ikkje innlagt vatn. Alle demonstrasjonsforsøk med vatn krev derfor at ein har planlagt nøye på førehand, eller at ein ventar til klassen har ei av få økter med laboratorieundervising.

Det er kanskje unødvendig å seie at undervisingsromma våre heller ikkje tillét heilt normale naturfagaktivitetar som å tenne opp ein gassbrenner, demonstrere kvifor ei blanding av hydrogen og oksygen blir kalla knallgass, eller vise effekten av ein katalysator i spalting av hydrogenperoksid i det morosame og skummande elefant-tannkrem-forsøket. Alt dette er demonstrasjonsforsøk som kan gjere det lettare å forstå og huske teori, og det høyrer naturleg heime i kjemiundervising. Sannsynlegvis blir dei gjennomført kvar dag i naturfag- og kjemiklasserom over heile landet, men det er altså ikkje mogleg å få til i ordinære timar med naturfagundervising ved NTNU.

Som faglærar gjer eg så godt eg kan med den infrastrukturen vi har, men likevel ikkje utan å skjemmest. Studentane mine skal bli lærarar i naturfag i grunnskolen, og ved NTNU bør dei oppleve eksemplarisk undervising med gode døme på korleis vi kan og bør drive med naturfagundervising. Det er vanskeleg å få til når ein manglar noko så enkelt som vatn.

Kvifor og korleis naturfagseksjonen ved Institutt for lærerutdanning hamna i denne svært uheldige situasjonen er ei lang og innfløkt historie. Men det kan i alle fall ikkje vere særleg tvil om at naturfag ikkje stod øvst på prioriteringslista når ein skulle flytte lærarutdanninga frå Rotvoll til Kalvskinnet. Situasjonen skal ifølgje leiinga på instituttet vere midlertidig, men det er likevel minst eitt studentkull for mykje som får eit redusert tilbod i naturfag på grunn av dette. Uansett kva som er historikken er det viktig at naturfagseksjonen snarast må få på plass ei god permanent ordning. Det er i beste fall pinlig at det er dette som blir tilbydt i naturfag til grunnskolelærarstudentar på NTNU.

Med sin teknisk-naturvitskapleg profil bør NTNU sette seg som mål å ha landets beste naturfaglærarutdanning. Universitetet bør sjå det som ei særleg oppgåve å levere dyktige naturfaglærarar til skolen, og bidra til ei solid naturvitskapleg allmenndanning i samfunnet. NTNU har sjølvsagt også ei sterk eigeninteresse i dette fordi kvaliteten på naturfagundervisinga i skolen vil ha stor innverknad på kva fagkunnskapar kommande studentar har med seg når dei startar på eit NTNU-studium.

Unge menneske som ønsker å bli naturfaglærarar i grunnskolen burde ikkje vere i tvil om kvar dei skal studere for å få den beste og mest innovative undervisinga. Eg håpar at svaret i nær framtid kan bli NTNU, men så lenge vi faglærarar må bere med oss vasskran og vask er det ikkje det.

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

Les flere ytringer her.