Ytring:

Strategien for høgare utdanning på Helgeland har vist seg å fungere

Vi som har vore med på å utvikle høgare utdanning på Helgeland, vi kan vise til at dette er ein strategi som har lykkast, som har vist seg å fungere og som folk vil kjempe for å vidareføre.

Arna Meisfjord, tidlegare rektor ved Høgskolen i Nesna, svarer dekan Trine Karlsen ved Nord universitet.
Publisert Sist oppdatert

Dekan Trine Karlsen går på barrikaden for å forsvare rektor Hanne Solheim Hansen sitt forslag om å samle fagmiljøa i Levanger og Bodø. Karlsen skriv: Sterke fagmiljø ved campusene i Bodø og Levanger skal legge grunnlaget for distribuert utdanning av høy kvalitet andre steder i regionene.

Vi får høre om nye smarte løsninger, om å løfte blikket, om nytenking og omstilling. Men dei utdanningsstadene som er foreslått lagt ned, slik som Namsos, Sandnessjøen og Nesna, er nettopp resultat av smarte løysingar, av evne til å løfte blikket og tenke nytt og skape omstilling. Så smart har desse tiltaka vore, at Helgeland har fått utdanna over 200 sjukepleiarar og over 90 prosent av desse har teke jobb i kommunane på Helgeland! Ved Campus Nesna har det vore utdanna lærarar i over hundre år!

For dei som kjenner litt til denne historia, så er det ikkje vanskeleg å sjå at her har det vore fagfolk som har evna å løfte blikket, tenke nytt og omstille for å finne dei smarte løysingane! Kommunane på Helgeland er opprørte over forslaget om å legge ned i Sandnessjøen og på Nesna og opprøret er like stort i Trøndelag når det gjeld nedlegging i Namsos. Det er rett og slett ikkje eit smart forslag og det er nok meir resultat av vanetenking enn nytenking.

Vi som har vore med på å utvikle høgare utdanning på Helgeland, vi kan vise til at dette er ein strategi som har lykkast, som har vist seg å fungere og som folk vil kjempe for å vidareføre. Samanlikna med Karlsen sine luftige formuleringar, kan vi vise til empiri (Haukland, 2018).

Karlsen seier vidare at Nord universitet har ikkje ”økonomiske muskler” til å vidareføre alle studiestadene som var grunnlag for fusjonen med Høgskolen i Nesna og Høgskolen i Nord-Trøndelag. Men i hennar språkbruk heiter det ikkje Nesna eller Namsos. Det heiter ” dagens komplekse struktur” og ” geografiske distribusjon”.

I Universitets- og høgskoleloven, §1-3, heiter det:

”Universiteter og høyskoler skal arbeide for å fremme lovens formål ved å:

a)tilby høyere utdanning som er basert på det fremste innen forsking, faglig og kunstnerisk utviklingsarbeid og erfaringskunnskap.”

Særleg dette med erfaringskunnskap burde vere eit argument for å bygge vidare på den store kunnskapen som finnest i fagmiljøet på Nesna om å tilby utdanning i distriktskommunar.

Vidare i lovverket §1-5, er det understreka at institusjonane skal bygge sitt arbeid på ”anerkjente vitenskapelige, kunstfaglige, pedagogiske og etiske prinsipper”.

Det kunne vore interessant å høre korleis Karlsen vurderer Nord universitet si handsaming av fusjonsavtalen som ga grunnlag for etablering av Nord universitet. Meiner Karlsen at forslaget som rektor ved Nord universitet har lagt fram er bygd på anerkjente vitskapelege, kunstfaglege, pedagogiske og etiske prinsipp?

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

Les flere ytringer her.