– Ikkje bra for forskarkarrieren å publisera i Open Access
– Å be forskarar publisera i Open Access er nesten like ille som å be dei om å tapa med vilje. I dag er det nemleg ikkje meritterande som forskar å gjera det. Det sa postdoktor i sosiologi Magne Flemmen på ein forskingspolitisk konferanse arrangert av Norsk tenestemannslag (NTL).
–Staten betaler for forsking, deretter for at andre forskarar skal kunna lesa det i dyre vitskaplege tidsskrift. Redaktørane vil ikkje at forskinga skal vera norskerelatert, dermed blir det meir generelle ting for alle land, sa postdoktor Magne Flemmen på NTLs forskingspolitiske konferanse i går.Ola Sæther
Tysdag samla Norsk tenestemannslag tillitsvalde frå universiteta, høgskulane og forskingsinstitutta for å diskutera akademisk fridom. Denne fridomen meiner NTL er under press frå finansieringssystemet sitt krav til teljekantar, og Stortinget og regjeringa sitt instrumentelle syn på forsking. Akademisk fridom er også under press frå næringslivets krav til innhald og hemmeleghald knytt til eksterne midlar og studentane sitt krav til relevans, er NTL overtydd om, skriv Uniforum.
Postdoktor Magne Flemmen på Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved UiO stadfesta langt på veg at forskarar er under eit hardt press for å forska på det som maktpersonane i samfunnet er opptekne av.
– Den programstyrte forskinga blir styrt av den rådande forståinga av det som maktpersonar synest er viktig. Difor hugsar eg godt ein pubdebatt frå studietida mi med temaet «Kva er sosiologien si rolle? Då var Maktutgreiinga akkurat ferdig og forskaren Fredrik Engelstad var det for å fortelja om arbeidet. Mange studentar meinte det var mangelfullt av Maktutgreiinga ikkje å ta opp klasseforhold. Då svarte Engelstad at det er ingen som vil betala for det, mintest Flemmen.
Etter hans meining er det viktig å forstå klasseforhold i Noreg.
– Ein relativt liten del av folket kontrollerer store ressursar som påverkar mange andre. Dessutan plasserer staten seg i eit strukturelt forhold av avhengigheit til næringslivet. Dessverre er det lite kunnskap i Noreg om klasseskilje og ulikskap, slo han fast. Sjølv har han begynt å forska på nettopp det.
– Eg ynskjer å finna ut kva som har skjedd med den norske arbeidarklassen. Men kvar gong eg tar det opp, får eg den faste kommentaren: Noreg er eigentleg ikkje eit klassesamfunn. Kvifor vil du likevel forska på det? Både kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og Arbeidarpartiets stortingsrepresentant Annikken Huitfeldt har begge uttalt at det ikkje finst store sosiale skilje i Noreg, konstaterte han.
– Vil har meir pengar til frie prosjekt
For han er pengestraumen til forskarane også viktig.
– I dag er det mest forskingsfinansiering frå dei tematiske forskingsprogramma. Eg meiner meir pengar bør koma frå posten som er sett av til frie forskingsmidlar, understreka han.
I dag synest han også at staten betaler for forskinga både før den utført, medan den blir gjennomført og når resultata skal publiserast.
– Staten betaler for forsking, deretter for at andre forskarar skal kunna lesa det i dyre vitskaplege tidsskrift. Redaktørane vil ikkje at forskinga skal vera norskerelatert, dermed blir det meir generelle ting for alle land. Teljekantsystemet dyttar forskarar bortover i ei bestemt retning. Det blir mindre om Noreg. Forskinga blir påverka av det som skjer av forsking i Storbritannia og USA, slo han fast.
Åtvara mot det oljeindustrielle kompleks
Forskar Helge Ryggvik frå Senter for teknologi, innovasjon og kultur (TIK-senteret) ved UiO åtvara mot den dominerande stillinga som oljeindustrien har hatt i Noreg fram til no. Før oljeprisnedgangen i 2013 utgjorde oljeeksporten nærare 60 prosent av Noregs samla eksport. I 2016 utgjorde den rundt 47 prosent.
– Då den tidlegare generalen Eisenhower gjekk av som president i USA i 1962, åtvara han mot det militær-industrielle kompleks. Den gongen utgjorde forsvarsindustrien 10 prosent av USAs eksport. Det viser at oljeindustrien spelar ei endå større rolle i norsk økonomi enn det forsvarsindustrien spelte i USA på den tida, slo Ryggvik fast. Han peika på at den førre amerikanske presidenten Barack Obama også har sagt ting som norsk oljenæring ikkje likar.
– Obama meinte ein del av olje burde bli liggjande. Kva forsking er gjort på dette? Nesten ingenting. Om me skal gjera noko som monnar, må noko av olja liggja igjen. Det er ikkje blitt godt mottatt når eg eller andre forskarar har sagt det. Den siste forskingsrapporten vår med den konklusjonen blei presentert på ein konferanse i Lofoten finansiert av eit svensk klimaforskingssenter og ein amerikansk organisasjon. Det kom berre litt pengar til finansiering frå norske pengekjelder, fortalde han.
– Politikarane tar stor risiko med klimaet
Helge Ryggvik, som sjølv er medlem i NTL, meiner at NTL også må på bana når det gjeld klimaforskinga. Han viser til den rolla fagrørsla har spelt i oljeindustrien.
– Fagrørsla har vore aktive medspelar når det gjeld å få innført betre tryggingstiltak i oljenæringa. Etter ulykka med Deepwater Horizon i Mexicogolfen kom ekspertar frå USA til Noreg for å sjå korleis Noreg hadde fått det til i tett samarbeid med fagrørsla. Difor bør NTL ta initiativ til kva det skal forskast på. Døme på det er kor stor mengde CO2 er det mogleg å lagra på jorda og kor store oljeressursar er tilbake? No tar politikarane fleire gonger større risiko om at ingenting kjem til å skje med klimaet enn det dei gjorde då dei bygde oljeplattformer som skulle stå imot hundreårsbylgja, understreka Helge Ryggvik.
Universitetet i Tromsø sa nei til selskap som produserte atomvåpen
Rektor Anne Husebekk ved Universitetet i Tromsø var med på Skype frå ishavsbyen. I det store og det heile såg ho positivt på samarbeid mellom universitetet og næringslivet. Dei har samarbeidt med både olje- og gasselskap og med Kongsberggruppa. Men ho kom også med døme på invitasjonar til samarbeid frå selskap som Universitetet i Tromsø av etiske grunnar måtte seia nei til.
– Selskapet Northrope Grumman som produserer atomvåpen ville samarbeida. Dei var interessert i forskinga vår på korleis det er mogleg å festa dronar på satellittar. Styret sa nei takk. Me har nemleg etiske retningslinjer for samarbeid med eksterne verksemder, og me har også vurderingskriterium for å utestengja eksterne verksemder. Då ser me på Oljefondets liste over utestengde selskap. Og nettopp difor utestengde med også selskapet som produserte atomvåpen, fortalde ho. Universitetet har også takka nei til selskapet Airbus av same grunn.
Det måtte også setja foten ned når det galdt delar av ein avtale med Norsk Luftambulanse. – Dei finansierte gjennom fleire år stipendiatar som også fekk ei 20 prosent stilling i selskapet. Då samarbeidsavtalen skulle fornyast kravde me at tilbodet om ei 20 prosent stilling måtte bort. Det ville kunne føra til dilemma i tilfelle stipendiatane fann ut at det til dømes ikkje var naudsynt med luftambulanse i tettbudde strok på Austlandet. Eg er stolt over at eg som dekan fekk fjerna det punktet, seier Anne Husebekk. Ho trekkjer også fram hovudmålet for Universitetet i Tromsø: – Universitetet skal fremja forsking og kunnskap som ikkje er styrt av marknadskreftene.
– Forskarar kan få eit liv
For dei som er skeptiske til forskinga som blir utført ved forskingsinstitutta, fekk den skepsisen eit skot for baugen av innlegget til Ingvild Reymert som er forskar 2 ved Nordisk institutt for forsking på innovasjon, forsking og utdanning (NIFU). Etter hennar meining er forskingsinstitutta viktige bidragsytarar til samfunnet.
– Dei står for 23 prosent av all forsking, medan universiteta står for 31 prosent. Oppdragsgjevarar kan tinga forsking hos oss, men aldri resultat, slo ho fast. Og så viste ho til ein stor fordel forskarar i instituttsektoren har samanlikna med dei som held seg på universiteta og høgskulane.
– Dei blir fast tilsette, og raskt trekt inn i forskinga av eldre forskarar. Det er faktisk mogleg å få eit liv og satsa på ein karriere som forskar. Derfor er det fleire ph.d.-kandidatar enn før som no drøymer om ein karriere ved eit forskingsinstitutt, eit poeng ho kunne trekkja fram frå eiga forsking. Ingvild Reymert oppfordra difor fagrørsla til å bruka desse forskingsinstitutta.
– Forskingsartiklane våre blir oftare siterte enn dei som blir skrivne av forskarar i universitets- og høgskulesektoren, poengterte Ingvild Reymert.