Ytring

Akademisk boikott og handelsboikott av Israel no!

Student Henrik Elman vil at universiteta i Noreg skal boikotte alt forskingssamarbeid med israelske universitet, og alt av selskap som samarbeider med Israel.

Student Henrik Elman vil at universiteta i Noreg skal boikotte Israel.
Publisert Sist oppdatert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

I desse dagar pågår det eit folkemord og etnisk rensning i Palestina som utførast av Israel. Vi kan ikkje stå og sjå på at det skjer. At universiteta i Noreg som har samarbeid med israelske universitet og akademikarar ikkje ønskjer ein akademisk boikott av Israel ser eg på som naivt og spesielt, då ein veit kor effektivt verkemiddel boikott er og har vore historisk, spesielt i samband med apartheid-regimet i Sør-Afrika. 

Vi tel no over 11 000 sivile liv og 4500 barn drept på palestinsk jord, og tala vil berre fortsette å vokse så lenge ein ikkje hever røysta si og tek i bruk alle verktøy ein har tilgjengeleg. 

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

Eit verkemiddel ein spesielt òg bør nytte er å boikotte varar produsert på anten israelsk jord, produsert av tredjepartsprodusentar som samarbeider med Israel, eller som bidreg til å halde ved lag strukturane som gjer det her folkemordet mogleg. 

Til dømes har ein HP, som er eit selskap som blant anna produserer skrivarar som mitt universitet, UiT, har i sine lokale. Dei tilrettelegg for Israel sin okkupasjon og apartheid gjennom å tilby både maskinvare til det israelske militæret, og gjennom å halde ved lag servarane gjennom datasentera til det israelske politiet. Dei sørgjer òg for å halde ved lag itanium-servarane som opererer Aviv-systemet, som held databasen til Israels befolknings- og immigrasjonsstyresmakter ved like. Det formar ryggrada til Israel sin rasesegregasjon og apartheid. 

Universiteta lærer oss studentar at kunnskap er makt. Om ein faktisk skal stå ved desse orda bør ein boikotte alt forskingssamarbeid med israelske universitet og alt av selskap som samarbeider med Israel, akkurat som ein gjorde då Russland invaderte Ukraina. Då kutta ein alle band og venskap med russiske universitet med éin gong. Det tykkjer eg ein bør gjere med Israel tvert, så studentar og alle andre i Palestina får lov til å gjere sånn som meg og alle andre i Noreg får lov til, nemleg å leve eit liv i fred og ta ei utdanning.