Studieavgift for studentar utanfor EØS

UiO-styret har prislista klar: Dyrast å studera medisin og odontologi

No skal det kosta frå 130 000 kroner til 500 000 årleg å gå på eit studium på Universitetet i Oslo, dersom du er frå eit land utanfor EØS og Sveits.

UiO-styret rundt møtebordet
STEMTE FOR: Et samstemt UiO-styre vedtok å innføre høye årlige studieavgifter for studenter fra land utenfor EØS og Sveits.
Publisert Sist oppdatert

Saka er tidlegare publisert i Uniforum

På møtet i Universitetsstyret i dag forklarte universitetsdirektør Arne Benjaminsen det høge prisnivået med at dei har brukt Kunnskapsdepartementet sine eigne satsar på kva kvar enkelt studieplass kostar når det skal opprettast nye på universitet og høgskular.

- Me har samarbeidd med både Universitets- og høgskulerådet, Universitetet i Bergen, NTNU og Universitetet i Tromsø. Me må ha på plass ein prismodell til hausten 2023, understreka han.

Samarbeid om pris

Det var i desember i fjor fleirtalet i Stortinget stemte for budsjettforslaget frå regjeringa om at universitet og høgskular skulle krevja inn studieavgifter frå studentar utanfor EØS og Sveits. Samtidig fekk universiteta og høgskulane mindre i overføringar frå Kunnskapsdepartementet enn det dei hadde fått tidlegare.

Både Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU og Universitetet i Tromsø har i fellesskap koordinert prisfastsetjinga for dei ulike faga på både lågare og høgare grad.

Det viser at studentar frå land utanfor EØS og Sveits må betala opptil 500 000 kroner i året for å gå på medisin- eller odontologi-studiet på UiO. Studentar frå Universitetet i Beograd i Serbia og King´s College i Storbritannia som er med i Circle U-samarbeidet, vil derimot sleppa å betala.

Også britiske statsborgarar som har nytta seg av retten til fri rørsle før overgangsperioden gjekk ut 31.desember 2020, får unntak på grunn av separasjonsavtalen med Storbritannia, går det fram av sakspapira til Universitetsstyret.

Talet på studentar ned med 75 prosent

Då Sverige innførte den same modellen for studieavgift gjekk talet på studentar frå desse landa ned med 75 prosent.

Dette er prislista Universitetsstyret ved UiO vedtok:

Dette er prislista Universitetsstyret vedtok:

Studium i kategori A – 500.000 per år (profesjonsutdanningane i medisin og odontologi)

Studium i kategori B – 380.000 per år (profesjonsutdanningar i psykologi og farmasi)

Studiium i kategori C – 260.000 per år (realfag og teknologi på høgare grads nivå)

Studium i kategori D – 180.000 per år (fag på høgare grads nivå: humanistiske og samfunnsvitskaplege, femårig lærarutdanning.

Studium i kategori E – 160.000 per år (profesjonsstudiet i juss, realfagstudium)

Studium i kategori F – 130.000 per år ( lågare grads studium i humanistisk-samfunnsvitskaplege fag, økonomi og administrasjon)