Tre NTNU-studentar står bak uret som teller ned til VM på ski

Tre studentar frå Institutt for design har teikna den fire meter høge lavvoen der eit ur no viser kor lenge det er til ski-VM i 2025. 

Alle slags aldrar og drakter var representert då nedtellingsuret til ski-VM i 2025 vart avduka tirsdag.
Publisert

I går, tirsdag, var 365 dagar til ski-VM i 2025 går i gong i Granåsen. Det ble markert med avduking av eit nedtellingsur som står utanfor City Lade. 

Uret er designa av tre NTNU-studentar, som var godt fornøgde med det ferdige produktet, det melder NTNU Nyheiter.

Studentane Åshild Akselsen, Emilie Knudsen og Oda Selvik trudde i utgangspunktet ikkje at dei kom til å vinne designkonkurransa.

- Det var eit stort sjokk og veldig gøy, sa Akselsen til NTNU Nyheiter.

Studentane Åshild Akselsen, Emilie Knudsen og Oda Selvik vart fornøgd med resultatet.

Det var omkring 100 studentar som deltok i konkurransen om å få designe uret.

- Kan potensielt bli sett av fire million menneske

- Vi er veldig fornøgd med valet av stad og ur. Her kan både store og små sitte, og etterkvart kjem VM-historiane opp på veggane, sa Åge Skinstad, sjef for VM i Trondheim til NTNU Nyheiter.

VM-sjefen sa at monumentet potensielt kan bli sett av fire million menneske som går inn og ut av City Lade. 

Representerer norsk natur

- Historia og ideen bak monumentet var vel så viktig som designet for juryen som valde ut vinnarbidraget frå designstudentane, sa PR- og marknadsansvarlig i ski-VM Ingvild Snøfugl til NTNU Nyheiter.

Ideen bak designet var at lavvoen skal reprsentere norsk natur og inkludere samisk kultur og samstundes dei seks bærekraftsmåla i VM-logoen. Difor har den ei sekskanta form. Spissane på den er tenkt som representative for høge fjell og tre.

Både ordføraren, skilegenden Marit Bjørgen og VM-maskoten og VM-sjef Åge Skinstad var til stade.

På toppen av konstruksjonen heng uret som teller ned til ski-VM. Det skulle eigentleg vere rundt, slik at den kunne forestille ein soloppgang i norske fjell.

- Vi var spente på om dei fekk til det, men det fungerte jo godt som det er no også, sa Akselsen til NTNU Nyheiter.

Får hausta inn erfaring

Prodekan for innovasjon og formidling ved fakultet for arkitektur og design Ole Alsos delte at det heile gir ekstra motivasjon for både dei og studentane. 

Alsos forklarte vidare at konkurransar som denne der studentane får bryne seg gir verdifull erfaring. Blant anna er det meirverdi i form av marknadskunnskap.

- Dei får prøvd seg på reelle produktutviklingsoppgåver og hauste erfaringar i konkurransesituasjonar. Det er stort å få bidra til sjølvaste VM på ski med eit så sentralt produkt. Vi ser at studentane er ein stor ressurs som gjerne bidreg på forskjellige arenaar, sa Alsos til NTNU Nyheiter.

Følg UA på Facebook og Instagram.