Språkkafé

Språkrådet peikar på lokalt NTNU- initiativ: - Vi håper på ny oppstart

Språkkafé på Gløshaugen får skryt, men er mellombels på pause. Universitetslektor Tormod Aagaard er likevel nøgd med nye tiltak som er sett i verks for språklæring

Tormod Aagaard ein plakat med ti tips til korleis ein kan støtte språklæring på kontoret sitt på Dragvoll.
Publisert

For omtrent eit år sidan skreiv Universitetsavisa om ein språkkafé ved Institutt for bygg- og miljøteknikk (IBM). Sidan då har tiltaket spredd seg til ei rekke institutt, i tillegg har heile Det humanistiske fakultet starta med språkkafé.

Fakta

Språkkafé

  • Institutt for bygg- og miljøteknikk har hatt språkkafé hausten 2022.
  • Det er eit initiativ der tilsette med ulik bakgrunn møtes for å sosialisere og å trene språkferdighieter.
  • På vårsemesteret har ikkje dette vore mogleg, mellom anna, grunna kutt i finansiering som påverkar instituttet.
  • Initativtakarane håpar på ny oppstart neste semester.

No har Språkrådet skrive inn språkkaféen som eit av sine tips i sin vegvisar for språkvalg i universitets- og høgskulesektoren.

Bjørg Nesje Nybø i Språkrådet.

- I tilfelle som ved NTNU, der fleire språk kolliderer, er det viktig at alle lærer litt norsk og får praktisere språket. Det bør ikkje berre skje gjennom grammatikklæring på skulebenken og i slike konstruerte situasjonar. Det bør også skje sosialt, som på språkkafé. Det er kjekt å kunne løfte fram døme som dette.

Det seier Bjørg Nesje Nybø i Språkrådet som står bak merksemda IBM har fått for sin Språkkafé.

Måtte sette tiltaket på pause, men håpar på nystart til hausten

Maren Berg Grimstad, som starta tiltaket ved IBM saman med Gabriele Lobaccaro, har tru på språkkafé på arbeidsplassen og tykkjer det er stor stas å bli løfta fram av Språkrådet.

Trass suksessen har språkkaféen ved IBM berre heldt fram i Lobaccaro sin faggruppe i vår. Grimstad fortel at dette mellom anna er fordi budsjettkutt ved instituttet kravde andre fokus.

- Det har vore eit kjekt tiltak, og det har vore synd å ikkje kunne halde fram med det på heile instituttet. No håpar vi på å starte opp igjen til hausten, fortel Grimstad.

Gabriele Lobaccaro og Maren Berg Grimstad og David Bjelland. IBM

Grimstad seier at det allereie er språkkaféar ved nokre andre institutt ved NTNU. Og at ho håper å sjå at dette tiltaket sprer seg til andre institutt, samt andre universitet og høgskular.

- Då eg såg at Språkrådet har nemnd oss, tenkte eg «okei, dette er supert!» Eg trur at det er lettare for oss å kome på beina igjen og at andre følg på når vi får merksemd for tiltaket vårt, fortsett ho.

Undersøkingar har vist at Språkkafé opplevast positivt

Tormod Aagaard, Universitetslektor ved Institutt for språk og litteratur, har teke del i forskjellige prosjekt for språklæring ved fleire institutt.

Han fortel at språkkafé som tiltak har positiv effekt. Han smiler i det han viser fram ei undersøking om språkbruk og -læring som er gjort ved Institutt for biologi der dei aller fleste både norske og utenlandske deltakarane knyt språkkaféen dei tilsette der har sett i gong til positive kjensler.

- Det er nok ikkje så enkelt å byrje å snakke norsk ved lunsjbordet, slik mange kanskje trur. Det betyr ikkje at vi skal slutte å sjå på lunsjen som ein arena for språklæring, men at vi bør bli meir medvitne om korleis vi ter oss med utenlandske tilsette under lunsjpraten.

- Samtalar med få personar, og samtalar der forventningane er avklara som på språkkafé på ei anna side hjelper både på å bli kjend og auke språklæring, forklarar han.

Vidare fortel Aagaard at andre no testar å kombinere sosialt, språklæring og det faglege. Han seier at han har trua på tiltak som desse for å styrke språklæring.

- Det må skje utenom det faglege også. Undersøkingane viser at situasjonar der noko står på spel, som formelle møter eller samtalar med ein overordna, kan utløyse negative kjensler som engstelegheit, flauheit og frustrasjon, seier Aagaard.

- Eg ser eldsjelar som driv fram prosjekt i alle miljø eg har vore i kontakt med

Han seier ansvaret for språklæring ligg både hos dei norske tilsette, dei frå andre land og dei overordna.

- Dei utenlandske vel engelsk for å ikkje vere til bry. Dei norskspråkelege vel engelsk for å vere inkluderande, for å ikkje presse den andre. Fellesnemnaren er at ein ikkje heilt veit kva den andre vil.

Aagaard legg til at begge partar vel engelsk fordi det er det mest effektive i dei fleste situasjonar.

Det har no dukka opp mange prosjekt for å styrke språklæring og Aagaard er optimistisk om retninga skuta er stilt inn på.

Han skryt spesielt av Berit Myhre i dekanen sin stab, samtidig som ho også er i administrasjonen i Fakultet for informasjonsteknologi og elektronikk. Aagaard seier ho har vore viktig for språklæring gjennom å vere primus motor for ei rekke tiltak.

- Det er ikkje nok å ynskje seg språklæring. Midlar er kjempebra hjelp, men ikkje eit krav. Alle miljøa eg har vore i kontakt med så langt har ein eldsjel som driv med noko form for språkstimulerande tiltak, avslutter Aagaard.