gjesteskribenten

Når styringsdialogar vert erstatta av styringsmonologar

- Det å gjere endringar i akademia er som å flytte kyrkjegardar: Det er mykje arbeid, og der er lite intern støtte å hente, skriv gjesteskribenten denne veka. 

Dette året vart det også lansert ein retorisk blome av eit ny-ord i statsbudsjettet: «Satsingskutt». Er det ei satsing eller eit kutt, eller er det begge delar? Gjesteskribent Øivind Strand spør.
Publisert
Fakta

Øivind Strand

Strand er ein av UA sine gjesteskribentar.

Utdanning: Maskiningeniør frå Telemark Ingeniørhøgskule, vidare Cand Scient og Dr Scient i mekanikk frå Universitetet i Oslo.

Nåverande jobb: Professor i innovasjon ved Institutt for internasjonal forretningsdrift på Økonomifakultetet ved NTNU

Faglege interesser: Mine faglege interesser er innovasjon, entreprenørskap og samarbeid.

Oppteken av: Samspel mellom arbeidsliv, region og akademia, samspel mellom ulike fagfelt og samspel mellom studentar og tilsette i UH-sektoren.

«Betre byrdi du ber'kje i bakken enn mannavit mykje», les vi i Håvamål. Eg trur mellomalderforfattaren som førte denne livsvisdomen i pennen tenkte at «mannavit» kan forståast som summen av den kunnskapen vi har, det vi kan gjere og det vi skjønar. Nettopp kunnskap, ferdigheiter og forståing er viktige ressursar når ting buttar imot, som i Håvamål sine motbakkar. At eitt og anna framleis buttar imot oss, anten som verdssamfunn eller nasjon, kan vi alle einast om.

Dei siste vekene har gitt oss eit forslag til statsbudsjett med prioriteringar, styringssignal og retoriske krumspring. Utover dette har vi vore vitne til hektiske jobbrotasjonar i regjeringskontora. Denne stolleiken gjeng føre seg eit par veker etter medieoppslaga om at Noreg er mellom dei landa i verda med lavast utdanningsnivå hos regjeringsmedlemane sine. Det er fascinerande å lytte til statsrådsspekulasjonar i media som målber at ministerpostar i kunnskapssektoren er eigna for politiske lettvektarar. Det er litt underleg at ein sektor der det tek 15-20 år med målretta arbeid for å kome i sentrale posisjonar kan styrast av politiske innfall og kjepphestar frå nokon utan særleg innsikt i sektoren.

Eg var, saman med gode kollegaer, med på eit møte med eit par stortingspolitikarar der vi fekk leggje fram kva konsekvensar innføring av skulepengar ville ha for dei akademiske institusjonane i distrikta. Det var ein heilt ukjend tanke for dei at inntak av internasjonale studentar faktisk er ein økonomisk premiss for å kunne tilby masterutdanningar til nasjonale studentar utanfor dei store byane. Vi fortalde at resultatet av manglande internasjonal studentrekruttering kunne bli sentralisering av mastertilboda. Det verka som denne opplysninga kom som lyn frå klår himmel. Heller ikkje massive og eintydige signal frå akademia om manglande utgreiing av konsekvensar og overgangsordningar hadde gjort særleg inntrykk.

Enkle politiske prinsipp har komplekse konsekvensar som ein bør ta omsyn til før ein set desse prinsippa ut i livet. Om ein ikkje sjølv skjønar desse samanhengane er det ein god idé å ta kontakt med dei som har «støvlane på» for å få meir innsikt i konsekvensane av innføringa av eit politisk prinsippvedtak eller andre ressursmessige omprioriteringar.

Det er grunn til uro når leiinga ved sentrale akademiske institusjonar etterlyser dialog med departement og etatar. Ser vi tendensar til at styringsdialogar vert erstatta av styringsmonologar?

Sjølv er eg er ikkje uroa over lavt akademisk nivå på politikarar så lenge dei har brei erfaring frå andre sektorar i samfunnet og har evna til dialog.

Kunnskapssektoren er av natur både langsiktig og langsam. Eit bilete som ofte blir nytta er at det å gjere endringar i akademia er som å flytte kyrkjegardar: Det er mykje arbeid, og der er lite intern støtte å hente. Nokre vil hevde sektoren ropar «Ulv! Ulv!» kvar gong det kjem signal om endringar. Andre vil seie der er ei forventning om at denne sektoren skal skjermast for politiske kastevindar. Slike vindar bles allereie lenger sør, og det er til dømes svært interessant å fylgje universitetsreforma i Danmark. Det er spanande at ein planlegg å korte ned mange masterstudium til 75 studiepoeng (ECTS), la andre behalde dei vanlege 120, for så å forlenge ein del masterprogram til 180. Er det ikkje slik at «one size fits all» lenger?

Dei kortare mastergradene er tenkt supplerte med etter- og vidareutdanning (EVU) seinare i yrkeslivet. Dette er eit signal til utdanningsinstitusjonane om å ta eit større ansvar for å oppdatere kandidatar gjennom heile yrkeskarrieren. Kanskje ser vi kimane til at universiteta må tenkje på samanhengane mellom bachelor, master og EVU på ein meir saumlaus måte. Ein kan spørje seg om dette er ei erkjenning av at mange utdanningsinstitusjonar er i utakt med behova i samfunnet rundt seg. Eller er det slik at universitetsbyråkratiet ikkje tek innover seg at den raske kunnskapsutviklinga kan gjere at delar av utdanningane går ut på dato? Det finnest døme frå helsesektoren der det er innført formelle oppdateringskrav, som minimum kurstimar siste fem år for å vere godkjend spesialist på eit område. Eit forslag kunne vere at vitnemåla frå institusjonane våre fekk eit «best før» - stempel.

Tenkjer ein at det blir meir samhandling med regionalt arbeidsliv ved å hente forskingspengar i Brussel?

Vi ser også at bruken av ulik nasjonal og internasjonal sertifisering aukar kraftig. Kan grunnen vere at utdanningsinstitusjonane ikkje har teke oppdateringsansvaret sitt alvorleg nok, eventuelt at dei har for lite kontakt med arbeidslivet? Det er ikkje godt å seie, men i denne samanhengen er det interessant at den særskilde satsinga på arbeidslivsrelevans for utdanningsprogram i UH-sektoren vert foreslått lagt ned i neste statsbudsjett. Regionale forskingsfond, som er verkemiddel for samhandling mellom UH-sektoren og regionalt arbeidsliv innanfor forsking, er også foreslått fjerna. Tenkjer ein at det blir meir samhandling med regionalt arbeidsliv ved å hente forskingspengar i Brussel?

Også ordninga med programmet med Senter for framifrå utdanning (SFU) skal avviklast, og ressursane skal overførast til institusjonane. Eg er mellom dei som har hatt den naive trua at desse programma eksisterte fordi dei store sentralstyrte organisasjonane nettopp ikkje prioriterer samarbeid med arbeidslivet høgt nok. Og at stordriftsulempene og stivbeint standardisering ikkje gjer det lett å eksperimentere med nye former, format og metodar for undervisning innanfor eksisterande budsjett. Det er ikkje alltid lett for ein sentralstyrt organisasjon å prioritere kvalitet framfor kjøtvekt. Difor trudde eg desse programma representerte sikkerheitsventilar for dei mindre og spisse fagmiljøa slik at dei kunne få gjennomslag for utprøving av nye og spanande undervisningskonsept i mindre skala.

I det danske forslaget ser ein også eit ynskje om ei massiv auke i engelskspråklege masterprogram for å tiltrekkje seg internasjonal høgkompetent arbeidskraft. På norsk side stengjer ein først ute studentar frå lav- og mellominntektsland gjennom krav om skulepengar. Som om ikkje dette er nok, avlyser ein programmet for akademisk samarbeid med det globale sør (NORDPART) og sender på høyring eit forslag om ei avgrensa stipendordning for opptil 200 studentar frå fattige land. Desse stipenda skal i utgangspunktet ekskludere tekniske og økonomiske utdanningar. Er det ikkje behov for fagfolk med teknisk og økonomisk utdanning i desse låginntektslanda?

Dette året vart det også lansert ein retorisk blome av eit ny-ord i statsbudsjettet: «Satsingskutt». Er det ei satsing eller eit kutt, eller er det begge delar? Kanskje omfordeling, eventuelt flytting, er eit betre ord på denne operasjonen. Så langt eg har kunne lese meg til er der til dømes inga satsing på kunstig intelligens (KI): Der er reelt ei omfordeling av ressursar til KI.

Sidan eg er nyfiken på dette, spurde eg Chat GPT om forklaring av omgrepet «satsingskutt»:

«Satsningskutt kan påvirke ulike sektorer, inkludert helse, utdanning, forskning, kultur, infrastruktur og velferd. Disse kuttene kan ha betydelige konsekvenser for de berørte områdene, og de kan føre til redusert tilgjengelighet av tjenester, lavere kvalitet på tjenestene eller begrensede muligheter for befolkningen.» 

Det er vel ting som tyder på at vi framleis treng «mannavit mykje» i bakkane som kjem.