minister besøkte byggetomta

Norsk havteknologisenter: - Vi er i rute, det går som det skal

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) på besøk til byggjeplassen der Norsk havteknologisenter skal finne seg

God steming då statsråden for første gong på eit år såg byggeplassen der Norsk havteknologisenter skal finne stad. Frå venstre: fiskeri- og havminister, Bjørnar Skjæran (Ap). Prosjektleiar frå Statsbygg, Simen Bakken.
Publisert

- Vi er i rute med konstruksjonen, det går som det skal.

Det var bodskapet frå statsråd Bjørnar Skjæran då han på onsdag tok turen til byggjeplassen til Norsk havteknologisenter som skal bli teke i bruk i 2028.

Fakta

Norsk havteknologisenter

  • Arbeidet med norsk havteknologisenter er ei blanding av transformering av eldre bygg, ombygging og nye konstruksjonar.
  • Prosjektet har ein prislapp på 9.6 milliard kroner.
  • Skal stå klart i 2028.
  • Det vil vere laboratorium med høgspesialisert utstyr, blant anna fleire store basseng der ein kan teste og forske på modellar som vindturbinar, fiskemerdar, soløyer og skip.
  • Det blir også arbeidsplassar og undervisningslokalar for NTNU og SINTEF.

Fiskeri- og havministeren var på besøk i etterkant av å ha vore på ein konferanse i Trondheim og fortel at han er på plass for å sjå på det som er det største prosjektet han er involvert i.

Illustrasjonen viser korleis ein tenkjer at det 45.000 m² store Norsk havteknologisenter skal sjå ut.

50% større prislapp enn campussamlingsprosjektet

Dekan ved fakultet for Ingeiørvitskap, Olav Bolland, var også tilstade og fortalde at prisen på utstyret som skal romme byggja er omtrent lik prisen på byggja i seg sjølv. Det set prislappen på 9.3 milliard kroner.

Bolland forklara vidare at ein så stor investering er ønskeleg når ein først byggjer eit senter som halde seg relevant i mange år samt bidra til at Noreg held seg i front på havteknologi og at det er difor prislappen er omtrent 50% større enn på campussamlingsprosjektet.

Dekan Olav Bolland er optimistisk for prosjektet.

På styremøtet til NTNU i dag tok Bolland fortalde Bolland om at det er mykje aktivitet på tomta og sa at marinteknisk senter er borte og det er inga veg tilbake.

Dekanen informerte også om at det skal bli bestemt om Fjordlab skal realiserast først i 2025 og at det gjer at ein må vente lengre på å utføre det som var ønskeleg.

Trygg på lønsemda

Statsråden fortalde at han er veldig trygg den samfunnsøkonomiske nytta til prosjektet.

- Eg høyrer stadig at det kjem til å gå dårleg med nye havnæringar som veks fram, fortel Skjæran.

Statsråden tek seg tid til å gå inn i gamle spor og køyrer gravemaskin.

Skjæran samanlikna med tidlegare havnæring.

- Det er som olje- og gassnæringen på 70-talet. Da hadde vi dei same stemmene, Høgre sitt svar var å la utenlandske aktørar ta seg av det, FRP ville selje seg ut. Arbeidarpartiet sitt svar var tydeleg, vi skal byggje ein industri, kompetanse og arbeidsplassar. Det same skal skje her. Eg har trua på prosjektet, og ville ikkje stilt meg bak om det ikkje var for det.

- Vi har eit verdsleiande fagmiljø å bygge kompetanse på skuldrane til, og dette kjem til å bli eit episenter for havteknologi, seier Skjæran.

Klar på at naboane må stå i bråket

- De har vald å bygge midt i nabolaget her på Tyholt, og naboane har frykta eit mareritt med mange år der dei må tåle bråket frå arbeidet her?

- Ja, vi byggjer her, og ja det bråkar, men valget var teke lenge før mi tid og no er vi i gang og vi har gode demokratiske prosessar som gjer at det har vore mogleg for den som vil å ytre seg i forkant av arbeidet.

Han seier at et som er viktig no er at dei gjer arbeidet med så mykje omsyn som mogleg. At aktørane som er på plass her viser omsyn til naboane.

Anleggsmaskinene durar på i nabolaget på Tyholt.

- I tillegg har vi mindre bråk andre plassar for dette er ein balansegang ein må få til, seier Skjæran.

Det blei det siste frå Skjæran før han fikk køyre gravemaskin medan resten av besøket venta.

- Dette er det ikkje mange statsrådar som kan, kommenterte nokon medan den tilsette som vart gitt pause av statsråden tente seg ein sigarett og filma.