Snart må vi reise oss for å kaste

Elskar du å treffe søppelbøtta frå der du sit? Gløym det. Snart må vi alle ut av kontoret for å kaste papir og epleskrottar.

Publisert
Prosjektleiar Steivor Bjarghov t.v. har hatt stor nytte av reinhaldarane Ann Karin Bjørgum og Berit Belsaas i referansegruppa for «Klimafot avfall».
Den nye kvardagen: Avfallsdunk på gangen. Piloten på Kjelhuset prøver ut ulike variantar, her den med farga lokk.
Dunkane i korridorane heng på veggen. Det letter reinhaldet. Spørsmålet er om dei er for små.
Store dunkar ved alle utgangar: Er dei godt nok merka?

Den nye røynda er alt innført på Kjelhuset og Varmeteknisk. Der finn du piloten for prosjekt «Klimafot avfall»: Du må ut på gangen for å finne nærmaste avfallsdunk. Etter kvart blir systemet innført på heile NTNU. Det eine målet er å produsere 15 prosent mindre avfall i 2020 enn vi gjorde i 2011. Det andre målet er å auke sorteringsprosenten til 85. Sistnemnde er svært ambisiøst. Du skjønner korfor når du les vidare.



Dobbelt så flinke

Er du flink til å kaste rett avfall på rett stad? I så fall har du kollegaer eller medstudentar som ikkje er like flinke. I 2011 vart 43 prosent av avfallet på NTNU sortert. Da formulerte dekanmøtet dei konkrete måla som framleis gjeld. I eit eige dokument vart det oppsummert at potensialet var stort. Blant anna sto det: «I dag skjer det ofte at avfallsbilen som har hentet papir en hel dag må levere hele bilen til restavfall fordi det oppdages avfall blant papiret som ikke hører hjemme der.»

Slik kan det altså ikkje fortsette. Vi må bli dobbelt så flinke til å sortere om vi skal nå målet i 2020.



Dunkar på veggen

Nye metodar må til. Dei vart presenterte under ei tilstelling på Kjelhuset måndag. Prosjekteigar Elin Sølberg frå driftsavdelinga ønska velkommen til alle som hadde vore med å førebu innføringa sia i fjor haust, det vil seie folk frå reinhald, drift, eigedom og andre. Etter å ha vorte takka med lunsj, fikk dei omvising i Kjelhuset og Varmeteknisk, der ulike typar miljøstasjonar er spreidde utover. I korridorane heng dunkane på veggen. Det letter sjølvsagt reinhaldet. Vi får fire å velje mellom: Papir, plast, flasker og restavfall. Ulike variantar av merking blir prøvd ut: Er det best med farga lokk, eller blir det for glorete? Er det nok med merkelappar? Kor store skal dunkane vere? Skal holet vere på toppen eller på sida?

Ved alle utgangar er det større stasjonar med eigne dunkar for batteri, elektrisk avfall, metall og glas i tillegg til dei andre.



Meir systematisk

- Vi starta eit miniprosjekt i 2008, og har prøvd å følgje opp, men må vedgå at vi ikkje heilt har fått styr på sorteringa. Derfor prøver vi igjen. Denne gongen går vi systematisk til verks, fortalde Sølberg.

Prosjektleiar Steivor Bjarghov har fått ansvaret for systematikken. Ho kan fortelje at NTNU produserer 2 500 tonn avfall i året. Halvparten skriv seg frå større ting som blir kasta, 250 tonn er papir. Resten fordeler seg på dei andre gruppene, og der er potensialet for betring stort. Det same gjeld møblane. Per i dag har ikkje NTNU noe fullgodt system for gjenbruk av møblar som blir skifta ut. Dette skal prosjektet sjå nærmare på. Kanskje kan vi få eit «finn.ntnu.no» for å sette brukte møblar i sirkulasjon?



Lett å bli forvirra

Mange grupper av tilsette og studentar deltar i styringsgruppa og referansegruppa for prosjekt «Klimafot avfall», og mange deltok på tilstellinga i går. Blant dei var reinhaldarane Ann Karin Bjørgum og Berit Belsaas.

- Det er veldig bra at vi har vorte involverte heilt frå start. Vi har komme med innspel, og har lært mye av dei andre gruppene. Dei har trekt fram ting vi ikkje har tenkt på sjølve, fortel dei.

Etter rundturen trur dei farga lokk må til for at folk skal registrere med ein gong kva dunk dei skal kaste i. Ein klassisk situasjon oppstår idet gruppa står og diskuterer dunkar framfor ein heis. Ein mann kjem ut av heisen med eit pappkrus i handa. Han ser dunkane og skal til å kaste, men blir så forvirra av alle alternativa at han snur på hælen og går vidare med kruset i handa.



For små dunkar?

Bjørgum og Belsaas er også skeptiske til storleiken på dunkane i korridorane.

- Rett nok skal dei tømmast kvar dag, men vi er redde dei er for små.

Sidsel Kristiansen frå driftsavdelinga har gjort ein annan observasjon:

- Vi ser tydeleg på dunkane ved utgangen av kantina i Kjelhuset at innkastet skulle ha vore ovanfrå. Det ville ha letta prosessen.

Desse og tusen andre lærdommar håper Bjarghov og kollegaene hennar å hauste i pilotperioden fram til oktober. Da vil dei vite mye meir om kva for innkast og fargebruk som gir best sortering. Fargane er dei same som Trondheim kommune brukar: Blått for papir, lilla for plast, grønt for restavfall osb.

Så langt er det ikkje tatt stilling til framdrifta etter at prøveperioden er over, men den endelege utplasseringa vil skje trinnvis.



Veldig sunt

Prosjekteigarane sa ingenting om helseaspektet da dei sparka i gang «Klimafot avfall» i går, men det seier seg sjølv at prosjektet er bra for helsa. Vi som sit og jobbar, har godt av å reise oss frå tid til annan.

Dei sa heller ingen ting om eit mogleg ømt punkt: Blir vi fråtekne dunkane og papirposane vi har i dag? Vil vi lage våre eigne dunkar der skrottane blir liggande i månader og år?

Derfor har vi spurd Steivor Bjarghov i ettertid. Ho stadfester at dunkar og papirposar forsvinn frå kontora.

- Det vil gi mindre lukt, mindre støv og betre reinhald, argumenterer ho.

Den som lever, får sjå.

(Vil du vite meir om piloten for søppelsortering i Kjelhuset/ Varmeteknisk: Bruk søkeord «søppel» på intranettet.)